Besøkstal, også ditt ansvar – herr kunstdirektør!

Morten Johan Svendsen (Foto: Torbjørn Fardal/NRK)

Kommentar på radio      To ordførarar kommenterer – Bjørlo/Eid og Grotle/Førde       Svendsen svarar på kritikken

Museumsdirektør Morten Johan Svendsen på Kunstmuséet fekk folk til å sperre opp augene sist veke. Han utbasunerte i Fjordabladet at det ikkje er hans ansvar å få folk på kunstutstillingar. Han stiller ut kunst av høg kvalitet, og så får folk finne døra inn sjølve. Basta! Til nrk toppa han kommentaren med at det må til popkonsert med sjølvaste Tone Damli – om ein skal trekke mykje folk.  

Publikumstalet på musea krympar i fylket og enkelte kunstutstillingar vert opna mest utan publikum. På opninga på Svormuséet i Hornindal var det sist veke berre 20, medan ei fotoutstilling i Førde sist månad vart opna med to – 2 – tilskodarar i tillegg til dei tilsette og kunstnaren sjølv. Mitt poeng er ikkje å raljere over besøkstala. Det er meir krevjande å få inn publikum dei siste åra. Skulane får sine tilbod gjennom den kulturelle skulesekken, og talet på turistbussar stuper. Folk flest vert meir kresne og set høgre krav til formidling og arrangement. Formidling av kunst og kultur har vorte langt meir krevjande etter tusenårsskiftet. Men debatten sist veke handlar minst om besøkstal og enkle tryllegrep.

Lyset stiller seg skarpt på haldningane til direktøren på kunstmuséet. Svendsen må ta sin del av ansvaret for å få folk på utstilling. Ikkje ved hjelp av tvang, eller ved hjelp av Tone Damli – for den del. Ingen krev – Johan Morten Svendsen – at du skal trylle besøkstal. Men vi krev vilje og at du også tek direktøransvaret for formidling og PR av kunst. Nye tider krev kanskje nye grep?

At direktøren vil satse på blinde og svaksynte har eg ingenting i mot. Men like viktig er det å ha ein kunstdirektør med gangsyn! Det er ikkje mi oppgåve å avsetje eller tilsetje kunstdirektørar, men eg etterlyser ein direktør som vaskar av seg arrogansen, og tek audmjuk fatt på å opne dørene for publikum.

Ansvarsfråskrivinga frå direktørhald er både uforståeleg og skadeleg, og han har levert liknande uttalar over tid. Spesielt skadeleg er det i ein situasjon der det verkeleg vert satsa stort på nye visningslokale i fylket. I Lærdal vart det opna nybygg i fjor og i september slår vi opp dørene på den nye fylkeskunsthallen i Førde. Med ei slik satsing – på maaaaange titals millionar kroner – framstår direktøren sine uttalar som arrogante. Vonleg meiner du det ikkje slik, herr kunstdirektør, men du framstår arrogant. No har vi måndag, og eg ventar spent på nyanseringane dine. Eg veit at gode besøkstal i kunstformidling er krevjande. Eg vil helse deg med eit sitat frå ”Fader Ibsen” – om tilgjeving: ”At du ei kan – deg nok forlates, men aldri at du ikke vil”!

Stikkord om vertskap til slutt: For å lokke folk inn i kunstgalleria må ein kanskje blankpusse vertskapsrolla. Nye kunstformer kan ”oppdra og utvikle” publikum – også i vårt fylke. Operahuset på Nordfjordeid med Kari P i spiss og operabøndene på Åmot gard har kanskje nokre haldningar å lære bort?

Publisert i Ukategorisert | 4 kommentarer

Kultur, kunst og språk

  Rutebilstasjonen i Førde er også verdt ei kulturmelding. Ikkje berre det som skal føregå inne i det nybygde kunstmuséet på skrå over Angedalsvegen                                      

Eg vart inspirert til å blogge om språk i samband med kunst og kultur. Tre ting triggar meg. Eg deltok i april på fylkeskommunal kunstkonferanse der ei gruppe drøfta språk på kunst- og kulturfeltet. Både fagspråk og mediespråk. For det andre er eg kulturmeldar i nrk/sf der eg breier meg på radio og her på Reitebloggen ”På scenekanten”. For det tredje har eg vorte utfordra av fleire som meiner at eg ikkje er fagleg spiss nok.

Kva er kultur og kunst? Vi kan seie at kultur er felles idéar, verdiar og normer i eit samfunn. Kulturen ytrar seg gjennom veremåte og haldningar, samversformer og handlingar, åndeleg arv og utvikling av tradisjonar. Kunst er ein del av kulturen, og vi set krav om at kunsten skal vere fantasifull og nyskapande. Kunst og kultur gir også viktige motførestillingar ved å spegle samfunnsdebatten. Vi får hjelp til å stoppe opp og sanse det som er vanskeleg å sanse i ein travel kvardag. Kunst og kultur gir oss verdfulle felles symbol. Kunst og kultur testar nye sanningar. Ikkje minst er kunst og kultur ei kjelde til undring og oppleving. Eg melder mest om kulturuttrykk på arrangement og  samversformer, men også konkrete kunstuttrykk. Eg opererer innanfor ein brei kulturdefinisjon.

Definisjonsmakt er viktig. Prestisjemessig og økonomisk. Institusjonar og mediefolk, kunstnarorganisasjonar og kunst- og kulturmeldarar må forvalte definisjonsmakta si med forstand. Eg meiner at fastlagde kriterium må leggast til grunn for definisjonar, men vi må passe oss for flisespikking slik at kunst- og kulturdebatten vert redusert til ein definisjonsdebatt. Vi må ikkje gløyme å nyte og å undre oss. 

Ikkje kompetent! I det siste har eg gledeleg nok vorte utfordra av folk som meiner at eg ikkje er fagleg spiss nok på enkelte kunstområde. Stig Eikaas – Byrkjeloparken – har uttrykt at eg ikkje har kunstutdanning i biletkunst. Randi Førsund – Vikingfilmen – har ved fleire høve understreka at eg ikkje er bevandra i filmkunsten. Anne Viken – snart ute med skjønlitterær bok – er bekymra over min manglande litterære kompetanse. Dei har alle tre gode poeng. Ja, eg er heilt samd. Eg skulle gjerne ha kunna meir om det meste, og eg lærer kvar einaste dag. 

Men til poenget: Eg er ein brei kulturmeldar, og ikkje ein spiss kunstkritikar. Eg dekker alt frå kunstutstillingar til bedehusbasarar, alt frå heiagjengar i fotball til diktsamlingar og alt frå teaterstykke til sommarfestar! Eg prøver å fokusere med det breie blikket. Sjå på kulturdefinisjonen ovanfor. Eg må leve med at enkelte ikkje er nøgde med kompetansen min og ”manglande fagspråk” på spisse kunstfelt. Nokre vil halde fram med å dra overberande på smilebandet i det dei kallar meg ”ein basarmeldar som bør halde seg med amatørane”. Amatør tyder forresten ”den som elskar med hjartet”.

Eg er kulturmeldar også når eg er på kunstfeltet. Eg meiner eg har vore pinleg ryddig her. Eg har aldri kalla meg anna enn kulturmeldar. Eg er ikkje kunst-, film- eller litteraturkritikar! Basta! Ikkje teaterkritikar heller for den del, sjølv om proft teater er den kunstarten eg kan mest om. Eg er kulturmeldar. Korkje meir eller mindre. Kunsten er ein del av kulturen, så kvifor skulle ikkje ein kulturmeldar få ytre seg om kunst? Ytre seg om kunst – som kulturmeldar? Dette er min sjanger. Eg lever i den trua at kulturmeldingar om kunst kan vere viktige og stimulerande i kunst- og kulturdebatten.

Eg ynskjer meg fleire røyster som melder og kritiserer kunst og kultur. Lokalmedia har altfor ofte berre refererande reportasjar frå kulturlivet. Eg trur at både samfunnet, kulturlivet og media ville tent med ein breiare kulturdebatt der fleire ”kulturmeldarar og kunstkritikarar” kunne skjerpe debatten. Skjerpe debatten ved å tore å kome med grunngjevne meiningar. Fleire ”meldarar og kritikarar” med ulik kompetanse og ulik ståstad vil vere både oppfriskande og nyttig i fylket vårt.

Sluttord: Eg er kulturmeldar oppteken av språk og kommunikasjon. Eg meiner mykje om andre sitt kulturarbeid, og toler at folk meiner mykje om meg og mitt arbeid. Eg har skrive denne bloggen for å presisere korleis eg ser på gjerninga mi. Som kulturmeldar. Så får folk ta det til seg eller la vere.

PS: Eg ser det humoristiske i at dei to viktigaste skulane eg har i botnen for kulturmeldingane mine er Landbrukshøgskulen og Søndagsskulen. Kultur kjem av ordet ”dyrking”, og det studerte eg grundig på Ås for over 30 år sidan. Å vere ”frimodig” lærte eg for 50 år sidan – på Søndagsskulen!

Publisert i Ukategorisert | 4 kommentarer

Den 12. mann mot Molde

Pyro på Fosshaugane (Foto: Oddleif Løset/NRK)                                   «Saftkokaradn» har rykka opp! Dei song samanhengande ein halv fotballkamp medan Sogndal låg under 0-1 for Molde. Foto: Oddleif Løset/NRK

Høyr radiopraten om Sogndalspublikumet

Eg var på Moldekamp på Fosshaugadn laurdagskvelden. Sogndal er nær tabelltopp i eliteserien. Tabellar lyg aldri. Ein trenar på sidelina og 11 mann på det humpete graset. Eg var utpeika som ”frimerke på den 12. mann». Eg fotfølgde heimepublikumet. Den indre kjerne ”Saftkokaradn”, og så hovudheimepublikumet som kransa banen. ”Tornekrattet” i mørkeblått frå Rosenes by viste piggar bak eine målet med ein sving mellom seg og ”Saftkokaradn”. 

Supportarkultur i sentrum. Eg møtte i Sogndal sentrum for å vere med på marsjen mot Stadion. Det var hundre ruslande sjeler. Det store flagget til ”Saftkokaradn” vaia i baktroppen. Eg må vedgå at tanken slo meg. Sogndal ligg i toppen, men ”Saftkokaradn” har framleis ikkje rykka opp. Likevel lyspunkt. Taktfast tromming i front. Stortromme!

Dei syng når dommaren bles i gang. Skilnaden frå kampen mot Vålerenga og ”Klanen” i fjor slår meg frå avspark. Her er stortromme. Her er innøvde songar. Her er organisering og leiing. Her er freistnad på å dra med heile stadion.

Kraftprøva varte ein halv fotballkamp. For det er i motgang «den 12. mann» vert røyna. Frå midt i første omgang når Sogndal gleid under til dei peisa inn «dobbeltmålet» midt i andre er det ein halv fotballkamp. ”Saftkokaradn” ligg under null-ein. Dei svarar Moldensarane jamt opp heile denne halve kampen. Når enkelte supporterar – som har vore for djupt i ”saftdunken” – klagar på dommaren, så vert det døyvt med allsong. Skilnaden i høve Vålerengakampen i fjor – då også under 0-1 – er kort sagt: ”Saftkokaradn” har rykka opp. Mange divisjonar. Og til mine gode ”Saftkokarar”: Dette nivået må de halde! Minst! Det nyttar ikkje å kvile seg over tome ”saftglas”! Det kan kome ruskever på Fosshaugadn også i 2012. Det er pokker så langt fram til 18. november – og Brann!

Skjønnheitsfeila er likevel tilstades. Eg nemner dei fordi ”Saftkokaradn” – på same måten som trenaren og dei 11 på graset – alltid må jage forbetringar. Jage forbetringar om ein vil vere i eliten! Eg nemner tre skjønnheitsfeil hjå ”Saftkokaradn”:

*Molde har corner vel 10 minutt etter at dei har teke leiinga. Kampen kan punkterast. Det er ”tysssssnad” på Fosshaugadn! Hm!

*Oppstart etter pause. Det er stille når fløyta går. Det tek to minutt før songen startar. Etter fire minutt høyrer eg trommeslaga frå stortromma. Slikt kallar eg sommel!

*Mot slutten av kampen jagar Molde utlikning. Av og til fører den intense spenninga til stille ”Saftkokarar”. Det er forståeleg. Men det er ikkje proft! 

Men bevares: ”Saftkokaradn” har rykka opp. Dei er i eliten. Dei gjekk i spiss. Dei lukkast. Dei prøvde å dra med ”sirupsgjengen” – resten av publikum. Dei ropte kampropet ”Heile stadion!”, utan å få særleg hjelp av dei langt over 4 000 heimesupportarane. Men denne ”sirupsgjengen” sat stort sett i ro med nevane i lommene. Ikkje ein gong på 2-1 i sluttminutta – når Sogndal festa grepet på sølvplassen på elitetabellen – gadd det store heimepublikumet å opne kjeften eller bruke ”nevadn”. Stort sett. Viss ikkje dramaet der Sogndal snur kamp mot seriemeister Molde – samstundes som ”Saftkokaradn” gjer spissjobben på tribunen  – er nok for å begeistre, då finn ikkje denne (til vanleg) snakkesalige kulturmeldaren ord!

PS: Den 12. mann mot ”Klanen” og Vålerengen i fjor. Eg melde supportarkulturen på denne kampen i fjor. Det er sjeldan eg kjem på kulturarrangement året etter og vert tydeleg konfrontert med kva eg melde i fjor. Fleire ”saftkokarar” fortalde meg på laurdagskvelden med alvorleg mine at dei ”ikkje likte det eg sa i fjor”. Eg har sjekka ut bloggen frå i fjor. Eg står ved kvart ord og gled meg over at de – gode ”Saftkokarar” – endeleg har rykka opp! Det meste av sirupsgjengen utanfor Saftkokar-tribuna ser eg derimot lita von for!

Vil du sjå og høyre supportarmeldinga mi frå i fjor, så klikk: http://blogg.nrk.no/reite/2011/05/30/sogndal-fotball-fortener-eit-publikum/

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Kunstvegen er 12 mil

Kunstvegen får grønt lys ved det nye Kunstmuséet i Førde

Høyr kåseriet

Eg har vore på kunstkonferanse i fylkeskommunen – i brestepunktet mellom bygda og verda. Av dei 200 kunstnarane våre spelar 100 instrument medan 50 lagar ein slags bilete. Kulturgranskar Georg  Arnestad staka ut kunstvegen i fylket. Den snirklar seg fram 12 mil frå Sandane i Gloppen gjennom Astrupland i Jølster. Den stryk seg vidare langs nova på det nye Kunstmuséet i Førde for å ende i Dale i Fjaler. Langs desse 12 mila bur tyngda av kunstnarane i fylket. Gloppen er hovudstaden for musikarane og i den andre enden – Dale – karar dei til seg det meste av dei kunstnarstipenda som ramlar ned i fylket.  

Konferansen starta med kunstbilete frå Jølster. Vakre, våte Jølster i grått og grønt. Kulturprofessor Per frå Telemark hadde startetappen. Solid kunnskap om fast tilsette kunstnarar som lever feitt –  og ein flokk lausarbeidarar som dundrar på dørene og underbyd kvarandre ”alle mot alle” i kampen om oppdrag. Denne reservearméen av kunstidealistar vert utdanna i inn- og utland utan at samfunnet syner kjøpevilje som står i høve til det overdådige tilbodet. Kunstkjøparane – offentleg og privat – går oftast i stim, og ”the winner take it all”. Taparane er underbetalte og bergar seg i land på tilfeldige attåtnæringar. Kunstnarane klumpar seg saman i Oslobygda og grannelaga ikring. Nokre går motstraums og finn vegen til distrikta, der dei prøver å etablere ei motmakt til dei sentrale kunstmonopola. Det er krevjande!     

Frå den mjuke kulturdelen av BI hadde dei sendt oss Sigrid. Ho mana kunstnarane til å tenkje meir på pengar. Men ho åtvara samstundes politikarane mot å rope på næringseffektar kvar gong det var snakk om nokre kroner til kunst og kultur. Førsteamanuensis Sigrid var ledig i framføringa si, medan professor Per – som før er nemnd – hadde ei stotrande opplesing av si faglege tyngde. Sorry arrangørar – men framføring tel også ein del når kunstnarar og kulturistar set av to dagar til konferanse. Stikkord: Formidling!

Eldbjørg var ein glødande jazzutøvar. Ho teikna eit fornøyeleg ”stjernekart” over alle tusen pengesekkane det kan søkjast på. Fin å høyre på, men kvifor rota ho seg bort i nettklikking som øydela rytmen i framføringa? Ho ville aldri teke så lett på det i ein jazz-konsert! Kvifor denne dataklikkinga under føredrag på all slags konferansar?

Anne Åsheim – kulturrådet – tillot seg også ein tur i skjermtåka. Ho understreka likevel klårt at ho fekk altfor få søknader frå fjordafylket. Men dei få ho fekk var særs gode! Halvor frå «FylkesInnovasjon» verka usikker på kulturfeltet. Han tok hoftefest på sidelinja, vel vitande om at dei som treng innovasjonspengar kjem til å finne han.  

Heia Ingebjørg! Mot slutten av første dag entra fylkeskulturdirektøren vår talarstolen. Ho hadde ikkje tid til dataføredrag, og tala varmt om kunsten sin eigenverdi. Ho ville prioritere opp kunsten i skulen. Ho hadde eitt sterkt ynskje om at kunstinstitusjonane i fylket må forarge oss meir, og ho oppmoda kunstnarane til å syne seg fram i media. Eit feiande innlegg mot slutten av dagen – utan dataklikking. Takk Ingebjørg.

Så vart det personlege vitnesbyrd om tilflytting og utflytting. Salen var lei av å sitje i ro, og det vart kø på talarlista. Andre dagen fauk vi rundt i det mest inspirerande gruppearbeid eg nokon gong har vore med på i ein konferansesal. ”Lærarinna” var den myndige Eli Grete frå Balestrand. 

To overraskingar på tampen. Eg er imponert over AP-ordføraren i Fjaler som greidde ”å pjåte” inn så mykje industristoff om Lutelandet sitt på ein kunstkonferanse. Dessutan var kulturkonferansen historisk sidan vi ikkje hadde Operagutane frå Åmot Gard mellom innleiarane. Det må likevel vere ei feit trøyst for dei at kunstnarvegen mellom Sandane og Dale tek snarvegen gjennom tunet på Operagarden på veg til Dalsfjorden!

Publisert i Ukategorisert | 3 kommentarer

Sviskekompott à la Breimskoret

Bee Gees entra scenen i Trivselshagen

Sjå bileta og høyr radioklippet

Breimskoret feira 25 årsjubiléum i Trivselshagen med première på kabareten ”Samhandlingskrøll”. Gjesteartist Sigrid Moldestad sette sitt preg på framsyninga, men utan å stele showet. Sjangeren er ”korkabaret” med vekt på korsongen. Det var 21 songsvisker frå Dolly Parton til ”Der bjørkorna susar” – frå Abba til Erik Bye. Songane var bundne saman av småtekstar om ”samhandlingsreformen” og forviklingar med gamlingar og framandarbeidarar på heimen – og litt romantikk à la legeroman.

Eit middels kor med ”guts” og orkester. Viss Breimskoret stiller seg opp på kortrapper og står rett opp og ned og syng konsert, så er det truleg eit middels blandakor i fjordafylket. Men så hevar dei seg. Dei hyrer seg inn eit topp orkester som stødig botn, og så kastar dei hemningane. Dei spelar! Dei leverer topp typespel. Dei tradisjonelle sviskene blandar seg i ein søt sviskekompott.

Dei revyliknande sketsjane er som feit og ufarleg fløyte.
Tekstane innbyr til humring og lun stemning utan brodd. Kanskje den saftigaste mellomteksten var lagt i kjeften på Liv Signe Navarsete på heimevitjing for å ta ære for alt som går godt.

Speleglede, solistar og Sigrid pregar kabareten. Eg startar med spelegleda. Her er mange som byd på seg sjølv. Sjarmen i rollene dekker glimrande over av nokre av soloprestasjonane varierer. Koret brukar mange solistar, og det gir gode kabaretkvalitetar. Gjesteartist Sigrid Moldestad er som vanleg stø både i song og skodespel. Ho var likevel ”baka meir inn” i kabareten enn tidlegare. Eg sakna kanskje at ho fekk ”briljere” meir i eit nummer eller to skreddarsydd nett for henne. Men det tyder også på kvalitet i kabareten at Breimskoret ikkje berre lit på at den heimvende ”gjesten” skal gjere susen, men torer å syne fram fleire i markante roller.

”Jamt godt” er eit ord som er dekkande for kabareten, men kanskje sviskekompotten vart litt for jamn. Litt for lik seg sjølv. Eg hugsar mest det ”jamt gode”, utan å kunne trekke fram eitt eller to-tre eineståande nummer. La dette få vere mitt pirk i ein godt gjennomført kabaret. Ein kabaret med veldig god flyt. Breimskoret maktar også å kome seg av scena i tide. Ein einaktar på ein time og trekvarter er førebilledleg, der andre revy- og kabaretgrupper har vanskar med å avgrense seg.

Det smakar ”Feel good” i Trivselshagen! Publium lenar seg tilbake og nikosar seg. Det ligg suksess i skiftet frå Breimshallen til Trivselshagen. Publikum fyller benkeradene, og dei elskar det spreke blandakoret sitt. Når eg oppsummerer med at dette er ”Svistekompott med fløyte à la Breim”, så har det to hovudgrunnar. Dette er dessert for den eldre garde. Men visst smakte det ”suligt og søtt”!

PS: Ein «anonym» innfødd Breimning kviskra til meg etter kabareten: Når Breimskoret har flytta ned i Trivselshagane på Sandane, då er vel kommunesamanslåinga i Gloppen gjennomført!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Korleis takle ti veker med ABB i retten?

Ein radioprat om emnet mellom meg og Karl Kristian

So er tida komen. Nasjonen Norge skal truskast gjennom vekevis med ABB i retten. Nokre skal leve opp att sommaren svært så nær. Nærare enn mange av oss andre. Men vi er alle involvert. Vi bryr oss. Viktig. For overlevande og pårørande. For ABB som skal dømast så rettferdig som råd. For Norge. So langt alt greitt. 

Eg tenkjer meg nøye om: Korleis eg skal unngå det mest massive mediekøyret, men likevel få med meg så mykje som ein gjennomsnitts interessert samfunnsborgar ”bør”. Korleis skal eg finne ly? Korleis skal eg «overleve» utan at denne viktige rettssaka får kvele meg, og samstundes få med meg nok til sjølvrespekten og respekten for nasjonen, alle offera og gjerningsmannen?

Eg har kvotert minuttane til avislesing, nettbruk, TV og radio om ABB-rettssaka. Daglege doser vert slik: Dei knappaste radionyhenda og ti minutt papiravis. Eg skal sky alt av utvida radio/TV-nyheiter. Eg skal sky alle «pikante» detaljar. Eg skal gå tur mellom kl 18 og 20. Eg skal lese bok kl 21. Eg skal sjå Kveldsnytt viss det ikkje eser ut. Eg skal surfe nettaviser i ti minutt. Strek sett! So langt om tidsbudsjettet.

Er ei slik avgrensing uansvarleg? Eg trur ikkje det. Eg skal vare i ti veker pluss årevis med ankesaker. Saka er ekstremt viktig, men kven tener det at den kveler oss? Vi må finne balansen. Eg vel min balanse. Eg har i denne bloggen ikkje sagt eitt ord om korleis du skal gjere det. Eg skriv dette for at det kan vere lurt å tenke gjennom om – og eventuelt korleis – ein skal verne seg. Eg kvir meg til rettssaka, og enno meir til kappløpa i media. Ja, eg fryktar massivt mediekappløp! Neidå, neidå. Naturlegvis må saka dekkast, men har media ”opplysningsplikt” om alt som tener sjåartal og lyttarfrekvensar, klikkteljingar på nett og opplag i papir?

Så til billettbudsjettet mitt. Eg har budsjettert med uhorveleg mange kulturhendingar i dei ti vekene. Vi treng å kome saman. Vi treng å puste. Kultur er så mangt. For meg er kultur også pustehol. Det kjem ti veker rettssak. I første omgang. Ei krevjande pusteøving. For fleire enn meg. Eg skal bruke kulturen som motvekt i motvind. For å verne meg mot frøsen av det eg ikkje treng å vite. Eg skal kome ståande ut, utan at ABB får tilrane seg enno meir makt.

Lyspunkta finst. Eit av dei største lyspunkta i denne saka var publikum som spontant løyste låtten i rettssalen når ABB kravde lauslating på staden. Låtten har kraft!

Om pust. Av og til er røynda massivt påtrengande. Kvelande. Då er pustehola viktige. Ja, heilt avgjerande. For over 100 år sidan brann Ålesund ned til grunnen. Eg kjem i hug eit ord frå barndomen – eit ordtak som besteforeldra mine brukte når noko verkeleg stod på: ”Ta det med ro, ….hugs at dei pusta – også når byen brann!”

PS: Eg laga ein blogg nokre få dagar etter 22. juli – om sorg og sinne, om bearbeiding og humor, om samhald og kultur under tittelen: Frå Malakoff-party til ”solskinn og brød og ånd” i Domkyrkja.

Du finn denne julibloggen i tekst og lyd ved å klikke på: http://blogg.nrk.no/reite/2011/07/25/fra-malakoff-party-til-%e2%80%9dsolskinn-og-br%c3%b8d-og-and%e2%80%9d-i-oslo-domkyrkje/

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Solid og jamn Palmerevy

Fylkesordførar Kjelsnes styrer avrøystinga om "Stamveg Dolorosa"

Sjå bileta og høyr radiomeldinga

Palmerevyen hadde première på laurdag. Fullsett sal og trampeklapp. Palmerevyen tek mål av seg til å vere fylkesrevyen, og dei innfrir. Her er stoff frå geitemassakre i Sunnfjord til stamveg i Nordfjord i tillegg til fyldig dekning av Sogne-regionen. Elles opptek tema frå kropp, sjekking og trening revymakarane i Leikanger Mannskor. Og Tone Damli. 

Arild Fossøy og Haavard Stensvand er to av dei berande kreftene i revyen. Arild er revysolist på eit jamt godt songlag. I år utnyttar palmerevyen songkvalitetane sine. Dei leverer god revysong på krevjande og flotte melodiar. Bandet er det beste revybandet i fylket. Haavard Stensvand lyfter seg i år til ein av dei alle beste skodespelarane på laget. Han gir oss eit toppnummer om Høyangermannen Frank Ytredal sin variant av limo-likvogn. Kosteleg. Haavard spelar også Fylkes-AP-leiar Nils P Støyva som skal forklare krumspringa i E39 i Nordfjord. Meisterleg. I det sivile er Haavard fylkesberedskapssjef hjå Fylkesmannen. Eg trur jammen ”Dagmar” har gjort han godt!?! Elles må eg gi ekstra ”kredd” til Bjørn Sørheim sitt utagerande jentespel – mellom anna som Tone Damli.

Innhald mykje på det jamne – pluss Stamveg Dolorosa! Innhaldet er prega av å vere fylkesrevy. Tekstane er jamt gode, og gjennomarbeidde. Men sakene vert ofte gripne litt refererande og rett fram. Mange av nummera kunne vore heva om tekstane hadde vore meir dramatiske med vendepunkt. Så strenge krav bør ein kunne setje til eit så rutinert og talentfullt revylag. Men bevares. Toppnummeret ”Stamveg Dolorosa” er ubetaleleg. Her vert lidingssoga til AP og fylkestinget spela ut for full scene. Ja, her var det påskestemning og lidingssoge. Her ser vi ein lidande og bortforklarande AP-leiar Nils P Støyva som skal tolke AP-program og bibeltekstar. Han undrast over at det ikkje går bru over Daudehavet. Vi får utspelt stemmerotet i fylkestinget med Knut Henning Grepstad som fotograferande sjefsteljar. Her er driv. Her er humor. Her er sirkus. Dette er Palmerevy på sitt beste!

Driv og show er viktig i revy på dette nivået. Denne revyen flyt fint, og den er litt starmare enn fjordårets. Nokre av nummera kunne med fordel ha vore høvla litt til, men noko av tempotapa kom nok også av premièrenervar. Premièren varte 2.10. Alt over to timar er særs krevjande. Showfaktoren i palmerevyen er kopla til band, song og kor. Det funkar!

Men kvar vart det av scenografien? Palmerevyen har lagt seg på ei minimalistisk linje. Eg saknar den ramma som ein god scenografi kan gi. Dette var eit varemerke for Palmerevyen i tidlegare tider. Får vi sjå det igjen?

Ramme for revy. På palmerevyen er det fullsett med trampeklapp. Ordførar og fylkesordførar takkar og deler ut velfortent blomster. Revykulturen sit i veggane. Eit heilt mannskor med hjelp av dansande unggutar. Palmerevyen legg også vekt på vertsrolla. Dei stiller seg på to rekkjer ved utgangen, og klappar publikum sjarmerande ut. Dei byr på seg sjølve – dei speleglade karane. Her er godt å vere!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Muslimsk messe…., trur eg!

Høyr radiokåseriet med innklipp av prost, «kappelan» og skodespelarane Armand/Eikemo.

Kultur er so mangt. Sist veke hadde vi eit køyr på kulturverdiane våre. Prosten i ytre Sogn bad muslimane inn i kyrkjeromet. Ja, og vi fekk sjølvaste Jakob Sande på bokmål over eteren. Ikkje minst fekk vi sjekka ut at nordmann nummer fem million var ein heimeføding. 

La meg byrje med det høgkyrkjelege. Prost Geir Sørebø bad muslimane til alters i Firda. På radioen gjekk han meir ned i spagaten. Han ville dyrke dialogen med nye landsmenn – ikkje i høgmessa først og fremst -, men kanskje under kyrkjekaffien? Den tvisynte og liberale prosten høyrdest ut til å vere truande til å servere te medan mullahen fekk låne mikrofonen bak i benkeradene. Han forsikra oss om at kyrkjefolket ikkje trong frykta noko som helst. Han ville naturlegvis oppsummere den rette lære sjølv – til slutt. Muslimfrykta må vere på eit lågmål i fylket. Ikkje ein gong Frank Willy Djuvik frå FrP har mælt imot. Eg lurer på om dette er teikn på toleranse i fjordafylket, men kanskje det helst er teikn på at kyrkjedebattane ikkje rører ”folk flest”.

Verre var det den morgonen vi vart vekte av Jakob Sande på bokmål. Vi er vel vande med å høyre Sande-bispen Jon Eikemo forkynne på Guds eige mål om ”aldri å gå på fylla meir og skjere folk med kniv – trur eg” . Men no fekk han – Gud hjelpe meg – konkurranse av Frøydis Armand. Ho hadde med ein komikars hjelp endevendt Jakoben både kjønnsleg og språkleg. Eg venta storm, men det var berre så vidt at Sande-sekta sin fremste kappelan – Ove Eide – heva eine augnebrynet over at laddevin var erstatta med brennevin. Eide sakna laddevinsrusen, men han kan sikkert opprette ei lita venegruppe på Facebook: ”Vi som veit kva laddevin er”.

Sist veke kappast heile Norge om å finne ”Nordmann nummer fem million”. Ikkje uventa så sprang NRK Sogn og Fjordane av garde med ein velfortent siger i kapplaupet. Dei saug seg på ei babyjente som ikkje vart fødd på ei omstridd fødeavdeling under sjukehusdirektør Jon Bolstad sin kommando. Veslejenta vart heimefødd så god som nokon. Godt at vi kunne feire heimefødingane, vi som elles feirar tilflyttarar i tide og utide.

Vi har lagt bak oss ei veke rik på kultur og identitet. Nesten ingen bryr seg om at mullahen skal hjelpe på prestemangelen, eller om Jakob Sande vert deklamert på feminint bokmål. Eg lurer på kva som skal til for å få oppstandelse. Vi veit at Norge kan jubilere ”Nordmann nummer fem million” mellom anna på grunn av innvandringa dei siste 40 åra. Eg såg ikkje ei einaste avis eller eit einaste innslag over eteren som jakta på eit flyktningbarn for å feire ”oss fem millionane”. Ingen journalist stod ventande ved flytrappa på Gardermoen på jakt etter ein innvandrande ”sommarfuggel i vinterland”. Hadde det skjedd, så ville det nok skapt meir ballade enn ein skarve mullah i statskyrkja og Jakob Sande på bokmål, ….trur eg!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Krevjande einmannsrevy

Reiseleiaren kjem neppe fram til Berlin

Høyr radiomeldinga og sjå biletserien frå monologrevyen

Roy Aron Myklebust slår til med ny einmannsrevy om ”Gretne, galne gubbar”. Den proffe underhaldaren hadde première for 250 tilskodarar i Stryn kulturhus på laurdagskvelden. Roy Aron syner oss 12 typar i beste tradisjon av revymonologar. Nokre er på scenen i levande live og nokre vert synte på storskjerm. Han har hjelp frå to solide musikarar. 

Typespel på dialekt er varemerket til Roy Aron. Han held typane godt frå kvarandre med variert dialektbruk. Han brukar dialektar meisterleg frå heile landet og vel so det. Kostymering og framtoning er også nøye innstudert. Monologrevyen er gjennomarbeidd, men tekstane er varierande. For mykje vert lettvint oppkok av gamle vitsar. Når Roy Aron dyrkar ordspela er han derimot på sitt beste.  

Dei tre toppnummera har lokal vri. Eg vil dra fram eit kosteleg nummer der klassekompisen til Olav Stedje fortel om korleis han vart forbigått på barneskulen. Olaven briljerte på gitar, medan ”vår mann” framleis er ekspert på rytmepinnar. Elles likte eg Lotemannen – med eige svelekort – som er redd for å misse kafétilbodet på ferja når E39-brua kjem. Reiseleiaren til Pensjonistlaget er på veg til Berlin, men klassikaren om ”det store lysbildeføredraget” når ikkje lengre enn til Oppstryn.

Heimepublikumet kosa seg, men for meg tok ikkje denne einmannsrevyen heilt av. Eg lurte lenge på kvifor. Nummera står greitt kvar for seg, og flyten er fin. Solide musikarar støttar opp, men umotiverte musikkinnslag vert lett tilfeldige kvileskjer. Bruken av storskjerm skaper også ein viss avstand.

Kanskje er ein monologrevy rett og slett for krevjande? Eg sit att med den refleksjonen at halvannan time med monologar i serie er krevjande. Ja, altfor krevjande. Sjølv om Roy Aron leverer varene ”bit for bit”, så vert det rett og slett for mykje av ein god sort. Samla sett. Ein revy treng å variere mellom monologar, viser og sketsjar. Av desse sjangrane er monologen den mest krevjande, og seriemonologane gir ein revy utan den nødvendige variasjonen. Trass i Roy Aron si speleglede, så vert dette langdrygt for meg.

Friskt satsa! Roy Aron skal ha full honnør for at han torer å gå på eit slikt prosjekt igjen. Det krev innsikt, speleglede og hardt arbeid. Framsyninga lyste av speleglede og hardt arbeid, men eg meiner at Roy Aron undervurderer vanskegraden med einmannsrevy av monologar i serie. Til overmål tek han sikte på å dekke heile fylket. At han alt har avlyst showet i Måløy til helga  – på heimebane nummer to – kan tyde på at sjangeren er for krevjande. Sjølv om eg gir ei lunken kulturmelding til ”Gretne, galne gubbar”, så er eg imponert over ”gutsen” til Roy Aron!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Sexnekt i Trivselshagen

Mannen må knegå damene som har innteke Akropolis

Høyr radiomeldinga og sjå bilete frå framsyninga

Det ærverdige ”Firda Landsgymnas” feirar 90 i år. Dei ausar ut store kulturhendingar i heile 2012. Sjølvprodusert etter å ha støvsuga heile fylket for musikk- og scenetalent. På ”Firda” får kulturskulegenerasjonen arbeidstilhøve og ståande applaus. 

Lysitrata som musikal. Firda vidaregåande på Sandane hadde laurdagskvelden première på Lysistrata basert på 2500 år gamal myte frå antikkens Hellas. Krigen mellom Aten og Sparta enda i fredsavtale når heltinna Lysitrata fekk samla kvinnene i dei to byane om å nekte karane permsex så lenge krigen varde.

Politisk korrekt teater. Stykket innbyd til politisk korrekt og føreseieleg teater i beste 70-talsånd. Soleis er sjølve handlinga og spenninga omkring den utløyst frå første tone. Men trass i det bergar oppsettinga seg i land på meisterleg vis. Stikkorda er musikk, humor og hardt arbeid.

Strålande song og musikk. Her er mange jamne og særs gode songarar. Orkesteret er utsøkt. Vi høyrer musikk frå Shania Twain og Michael Jackson til John Lennon og Leonard Cohen. Alt levande og sikkert framført. Dei store dansenummera heva framsyninga.

Humoristisk gjennomført. Den kjønslege tilnærminga i stykket vert framført på ein frodig måte. Og dei har oppdatert stykket med fiffige dagsaktuelle tilnærmingar. Tre døme: Her spring dei kåtaste ”Skåla opp”, her kjem ein sportskommentatoren inn og lagar krigens fotballreportasje og her fyk vi rett inn i Eurokrisa i dagens Hellas. Slike små grep gir luft i framsyninga. Befriande morosamt.

Hardt arbeid betalar seg. Med så mykje flinke ungdomar på ei scene er det lett å prise alle talenta. Greitt det, men eg er endå meir imponert over alt det harde arbeidet som ligg i framsyninga. Her var dans og kor, songarar og skodespelarar i eit einaste disiplinert mylder i fin teaterflyt. Framsyninga lyste av hardt arbeid, og det gled meg. Eg vil ikkje dra fram nokre av ensemblet vi såg på scena, men eg vil likevel nemne to namn: Regissør Mette Nyheim og produsent Gunn Tone Moen. De to var ikkje på scenen laurdagskvelden, men arbeidet dykkar syntest godt.  

Scenen var enkel og velfungerande med flatt golv og den fargerike Akropolis-festninga på høgda bak. Kostyme stod godt til framsyninga, lyssetjinga var sikker og lydkvaliteten imponerande.

Men. Det er alltid eitt men. Noko å setje fingeren på. I denne framsyninga vart nokre av passasjane litt stilleståande. Dette vart påfallande når det vart spela teaterdialogar samstundes som det var hopar av folk på scenen. Det var i desse sekvensane at nokre dialogar drukna, og den elles så drivande framsyninga stoppa litt opp.

Oppsummert: Flinke folk i dans, song og musikk. Herleg humor i ei framsyning som lyste av hardt arbeid.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar