Månedlig arkiv: april 2008

Fyrst mat – fyrste mai

Matvareprisane aukar i verda utan at Noreg merkar det. Enno. Handelshusa breier seg på åkerlandet. Bensinstasjonane legg om til biodiesel. Økologisk diesel gir samvet. Godt? Sjølv køyrer eg gamal bil på Oslotur. I år.

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

Skulptur-politikk og ned-steining

Ser at Stig Eikås svarar meg i lokalavisene. Greit. Eg har lite usnakka med Stig Eikås. Ikkje har eg kommentert kunsten hans heller. So det. Stig Eikås er – til liks med alle oss andre – i sin fulle rett, … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Eikås-skulpturar i ope lende

Byrkjelo får truleg skulpturpark. Kommunepolitikarane er redde for økonomiske forpliktingar, men ser ut til å vere mindre redde for om dei slepp til den ”gratis-kunstnaren” som ropar høgast – Stig Eikås. Kommunal kvalitet vert handsama på ymse vis. Skal ein … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Ibsen på låven

Juni Dahr gav oss teater på flatt låvegolv på Åmot gard i Bygstad torsdagskvelden. Deretter var det 6 rettars middag i godt lag i bestestova. Ei eineståande kulturoppleving i fjordafylket. Det handlar om 6 rollefigurar og Henrik Ibsen si forfattargjerning. … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Breim-kabaret med Sigrid i spiss

Breimskoret avslutta søndag kabareten ”Gyllen tid” for fulle hus. Breimskoret byr på seg sjølv og gjer det med sjarm, og med Sigrid i spiss. Den proffe Breims-jenta Sigrid Moldestad er gjesteartist. Ho er i særklasse – musikalsk og scenevand – … Les videre

Publisert i Ukategorisert | 2 kommentarer

Skulpturpark – Byrkjelo?

Gloppen kommune! Kva med kvalitet i kunst og kultur i det opne rom? Det felles uteromet. Tabbar i Sunnfjord og Sogn treng ikkje gjerast om att. Skulpturar vert vertande lenge. Pust med magen!

Publisert i Ukategorisert | 8 kommentarer