Muslimsk messe…., trur eg!

Høyr radiokåseriet med innklipp av prost, «kappelan» og skodespelarane Armand/Eikemo.

Kultur er so mangt. Sist veke hadde vi eit køyr på kulturverdiane våre. Prosten i ytre Sogn bad muslimane inn i kyrkjeromet. Ja, og vi fekk sjølvaste Jakob Sande på bokmål over eteren. Ikkje minst fekk vi sjekka ut at nordmann nummer fem million var ein heimeføding. 

La meg byrje med det høgkyrkjelege. Prost Geir Sørebø bad muslimane til alters i Firda. På radioen gjekk han meir ned i spagaten. Han ville dyrke dialogen med nye landsmenn – ikkje i høgmessa først og fremst -, men kanskje under kyrkjekaffien? Den tvisynte og liberale prosten høyrdest ut til å vere truande til å servere te medan mullahen fekk låne mikrofonen bak i benkeradene. Han forsikra oss om at kyrkjefolket ikkje trong frykta noko som helst. Han ville naturlegvis oppsummere den rette lære sjølv – til slutt. Muslimfrykta må vere på eit lågmål i fylket. Ikkje ein gong Frank Willy Djuvik frå FrP har mælt imot. Eg lurer på om dette er teikn på toleranse i fjordafylket, men kanskje det helst er teikn på at kyrkjedebattane ikkje rører ”folk flest”.

Verre var det den morgonen vi vart vekte av Jakob Sande på bokmål. Vi er vel vande med å høyre Sande-bispen Jon Eikemo forkynne på Guds eige mål om ”aldri å gå på fylla meir og skjere folk med kniv – trur eg” . Men no fekk han – Gud hjelpe meg – konkurranse av Frøydis Armand. Ho hadde med ein komikars hjelp endevendt Jakoben både kjønnsleg og språkleg. Eg venta storm, men det var berre så vidt at Sande-sekta sin fremste kappelan – Ove Eide – heva eine augnebrynet over at laddevin var erstatta med brennevin. Eide sakna laddevinsrusen, men han kan sikkert opprette ei lita venegruppe på Facebook: ”Vi som veit kva laddevin er”.

Sist veke kappast heile Norge om å finne ”Nordmann nummer fem million”. Ikkje uventa så sprang NRK Sogn og Fjordane av garde med ein velfortent siger i kapplaupet. Dei saug seg på ei babyjente som ikkje vart fødd på ei omstridd fødeavdeling under sjukehusdirektør Jon Bolstad sin kommando. Veslejenta vart heimefødd så god som nokon. Godt at vi kunne feire heimefødingane, vi som elles feirar tilflyttarar i tide og utide.

Vi har lagt bak oss ei veke rik på kultur og identitet. Nesten ingen bryr seg om at mullahen skal hjelpe på prestemangelen, eller om Jakob Sande vert deklamert på feminint bokmål. Eg lurer på kva som skal til for å få oppstandelse. Vi veit at Norge kan jubilere ”Nordmann nummer fem million” mellom anna på grunn av innvandringa dei siste 40 åra. Eg såg ikkje ei einaste avis eller eit einaste innslag over eteren som jakta på eit flyktningbarn for å feire ”oss fem millionane”. Ingen journalist stod ventande ved flytrappa på Gardermoen på jakt etter ein innvandrande ”sommarfuggel i vinterland”. Hadde det skjedd, så ville det nok skapt meir ballade enn ein skarve mullah i statskyrkja og Jakob Sande på bokmål, ….trur eg!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *