Solid og jamn Palmerevy

Fylkesordførar Kjelsnes styrer avrøystinga om "Stamveg Dolorosa"

Sjå bileta og høyr radiomeldinga

Palmerevyen hadde première på laurdag. Fullsett sal og trampeklapp. Palmerevyen tek mål av seg til å vere fylkesrevyen, og dei innfrir. Her er stoff frå geitemassakre i Sunnfjord til stamveg i Nordfjord i tillegg til fyldig dekning av Sogne-regionen. Elles opptek tema frå kropp, sjekking og trening revymakarane i Leikanger Mannskor. Og Tone Damli. 

Arild Fossøy og Haavard Stensvand er to av dei berande kreftene i revyen. Arild er revysolist på eit jamt godt songlag. I år utnyttar palmerevyen songkvalitetane sine. Dei leverer god revysong på krevjande og flotte melodiar. Bandet er det beste revybandet i fylket. Haavard Stensvand lyfter seg i år til ein av dei alle beste skodespelarane på laget. Han gir oss eit toppnummer om Høyangermannen Frank Ytredal sin variant av limo-likvogn. Kosteleg. Haavard spelar også Fylkes-AP-leiar Nils P Støyva som skal forklare krumspringa i E39 i Nordfjord. Meisterleg. I det sivile er Haavard fylkesberedskapssjef hjå Fylkesmannen. Eg trur jammen ”Dagmar” har gjort han godt!?! Elles må eg gi ekstra ”kredd” til Bjørn Sørheim sitt utagerande jentespel – mellom anna som Tone Damli.

Innhald mykje på det jamne – pluss Stamveg Dolorosa! Innhaldet er prega av å vere fylkesrevy. Tekstane er jamt gode, og gjennomarbeidde. Men sakene vert ofte gripne litt refererande og rett fram. Mange av nummera kunne vore heva om tekstane hadde vore meir dramatiske med vendepunkt. Så strenge krav bør ein kunne setje til eit så rutinert og talentfullt revylag. Men bevares. Toppnummeret ”Stamveg Dolorosa” er ubetaleleg. Her vert lidingssoga til AP og fylkestinget spela ut for full scene. Ja, her var det påskestemning og lidingssoge. Her ser vi ein lidande og bortforklarande AP-leiar Nils P Støyva som skal tolke AP-program og bibeltekstar. Han undrast over at det ikkje går bru over Daudehavet. Vi får utspelt stemmerotet i fylkestinget med Knut Henning Grepstad som fotograferande sjefsteljar. Her er driv. Her er humor. Her er sirkus. Dette er Palmerevy på sitt beste!

Driv og show er viktig i revy på dette nivået. Denne revyen flyt fint, og den er litt starmare enn fjordårets. Nokre av nummera kunne med fordel ha vore høvla litt til, men noko av tempotapa kom nok også av premièrenervar. Premièren varte 2.10. Alt over to timar er særs krevjande. Showfaktoren i palmerevyen er kopla til band, song og kor. Det funkar!

Men kvar vart det av scenografien? Palmerevyen har lagt seg på ei minimalistisk linje. Eg saknar den ramma som ein god scenografi kan gi. Dette var eit varemerke for Palmerevyen i tidlegare tider. Får vi sjå det igjen?

Ramme for revy. På palmerevyen er det fullsett med trampeklapp. Ordførar og fylkesordførar takkar og deler ut velfortent blomster. Revykulturen sit i veggane. Eit heilt mannskor med hjelp av dansande unggutar. Palmerevyen legg også vekt på vertsrolla. Dei stiller seg på to rekkjer ved utgangen, og klappar publikum sjarmerande ut. Dei byr på seg sjølve – dei speleglade karane. Her er godt å vere!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *