Rutebilstasjonen i Førde er også verdt ei kulturmelding. Ikkje berre det som skal føregå inne i det nybygde kunstmuséet på skrå over Angedalsvegen
Eg vart inspirert til å blogge om språk i samband med kunst og kultur. Tre ting triggar meg. Eg deltok i april på fylkeskommunal kunstkonferanse der ei gruppe drøfta språk på kunst- og kulturfeltet. Både fagspråk og mediespråk. For det andre er eg kulturmeldar i nrk/sf der eg breier meg på radio og her på Reitebloggen ”På scenekanten”. For det tredje har eg vorte utfordra av fleire som meiner at eg ikkje er fagleg spiss nok.
Kva er kultur og kunst? Vi kan seie at kultur er felles idéar, verdiar og normer i eit samfunn. Kulturen ytrar seg gjennom veremåte og haldningar, samversformer og handlingar, åndeleg arv og utvikling av tradisjonar. Kunst er ein del av kulturen, og vi set krav om at kunsten skal vere fantasifull og nyskapande. Kunst og kultur gir også viktige motførestillingar ved å spegle samfunnsdebatten. Vi får hjelp til å stoppe opp og sanse det som er vanskeleg å sanse i ein travel kvardag. Kunst og kultur gir oss verdfulle felles symbol. Kunst og kultur testar nye sanningar. Ikkje minst er kunst og kultur ei kjelde til undring og oppleving. Eg melder mest om kulturuttrykk på arrangement og samversformer, men også konkrete kunstuttrykk. Eg opererer innanfor ein brei kulturdefinisjon.
Definisjonsmakt er viktig. Prestisjemessig og økonomisk. Institusjonar og mediefolk, kunstnarorganisasjonar og kunst- og kulturmeldarar må forvalte definisjonsmakta si med forstand. Eg meiner at fastlagde kriterium må leggast til grunn for definisjonar, men vi må passe oss for flisespikking slik at kunst- og kulturdebatten vert redusert til ein definisjonsdebatt. Vi må ikkje gløyme å nyte og å undre oss.
Ikkje kompetent! I det siste har eg gledeleg nok vorte utfordra av folk som meiner at eg ikkje er fagleg spiss nok på enkelte kunstområde. Stig Eikaas – Byrkjeloparken – har uttrykt at eg ikkje har kunstutdanning i biletkunst. Randi Førsund – Vikingfilmen – har ved fleire høve understreka at eg ikkje er bevandra i filmkunsten. Anne Viken – snart ute med skjønlitterær bok – er bekymra over min manglande litterære kompetanse. Dei har alle tre gode poeng. Ja, eg er heilt samd. Eg skulle gjerne ha kunna meir om det meste, og eg lærer kvar einaste dag.
Men til poenget: Eg er ein brei kulturmeldar, og ikkje ein spiss kunstkritikar. Eg dekker alt frå kunstutstillingar til bedehusbasarar, alt frå heiagjengar i fotball til diktsamlingar og alt frå teaterstykke til sommarfestar! Eg prøver å fokusere med det breie blikket. Sjå på kulturdefinisjonen ovanfor. Eg må leve med at enkelte ikkje er nøgde med kompetansen min og ”manglande fagspråk” på spisse kunstfelt. Nokre vil halde fram med å dra overberande på smilebandet i det dei kallar meg ”ein basarmeldar som bør halde seg med amatørane”. Amatør tyder forresten ”den som elskar med hjartet”.
Eg er kulturmeldar også når eg er på kunstfeltet. Eg meiner eg har vore pinleg ryddig her. Eg har aldri kalla meg anna enn kulturmeldar. Eg er ikkje kunst-, film- eller litteraturkritikar! Basta! Ikkje teaterkritikar heller for den del, sjølv om proft teater er den kunstarten eg kan mest om. Eg er kulturmeldar. Korkje meir eller mindre. Kunsten er ein del av kulturen, så kvifor skulle ikkje ein kulturmeldar få ytre seg om kunst? Ytre seg om kunst – som kulturmeldar? Dette er min sjanger. Eg lever i den trua at kulturmeldingar om kunst kan vere viktige og stimulerande i kunst- og kulturdebatten.
Eg ynskjer meg fleire røyster som melder og kritiserer kunst og kultur. Lokalmedia har altfor ofte berre refererande reportasjar frå kulturlivet. Eg trur at både samfunnet, kulturlivet og media ville tent med ein breiare kulturdebatt der fleire ”kulturmeldarar og kunstkritikarar” kunne skjerpe debatten. Skjerpe debatten ved å tore å kome med grunngjevne meiningar. Fleire ”meldarar og kritikarar” med ulik kompetanse og ulik ståstad vil vere både oppfriskande og nyttig i fylket vårt.
Sluttord: Eg er kulturmeldar oppteken av språk og kommunikasjon. Eg meiner mykje om andre sitt kulturarbeid, og toler at folk meiner mykje om meg og mitt arbeid. Eg har skrive denne bloggen for å presisere korleis eg ser på gjerninga mi. Som kulturmeldar. Så får folk ta det til seg eller la vere.
PS: Eg ser det humoristiske i at dei to viktigaste skulane eg har i botnen for kulturmeldingane mine er Landbrukshøgskulen og Søndagsskulen. Kultur kjem av ordet ”dyrking”, og det studerte eg grundig på Ås for over 30 år sidan. Å vere ”frimodig” lærte eg for 50 år sidan – på Søndagsskulen!
Ja alt menneskeskapt er å forstå som kultur. Og derom kan enhver synse og kommentere i vei. Med ironi, humor og vekt på spissformuleringer. Med så vide kulturarenaer og den selvrefleksjon du her kommer med Hans Jacob, så er vel bloggen som kåseri å regne. Intet galt i det. Offerrollen som sier at vi alle har mer å lære er sympatisk, men en litt unødvendig og sliten klisje. Sikkert indoktrinert på søndagsskolen. En ting er at du ikke har pløyet faglitteratur om billedkunst, og følgelig har et språk om temaet deretter. Dette fordi, som du selv skriver, ønsker å favne kulturelt vidt.Verre er det at kunstledelsen i fylket aldri synliggjør for sitt publikum sine kunstfaglige synspunkter i lokalmedia. Det lille som har vært i de 18 årene jeg har ridd gjennom fylket er lett å liste opp. Jeg har fullstendig arkiv over pressedekning knyttet til kunstfaglige temaer produsert fra kunstledelsen i fylket i Firda, Firda Tidend, Sogn Avis og nrk.no/sfj. Publikasjoner i kunsttidskrifer, bøker, referater fra kunstseminarer osv, har heller ikke blitt observert. Når ingen bryr seg kan offentlige ansatte kunstbyråkrater drive med sitt i fred og ro. Du har fullstendig rett, Hans Jacob Reite, at miljøet for debatt innen kunst og humaniora ikke er av interesse for fylkets beboere. Dette har jeg forsøkt å rette på ved 100vis av artikler om billedkunst siden 1995. Min siste artikkel i Firda 3 Mai » Ikke stress fylket med kunsten» poengterer problemstillingen om billedkunsten sin rolle i fylket eksplisitt. Fått endel meldinger på den. Spørsmålet er om ikke du Hans Jacob må gire opp denne bloggen om det er respons du ønsker. Har du en statistikk for hvor mange i fylket som leser denne bloggen ? Kommentarene uteblir ihvertfall. Hva med eventuelt å gjøre en forskjell i innhold på radio og her på bloggen? Eller kanskje det holder med dekning i radio. Der når du sikkert best fram med kåseriene. Ellers var det en ryddig og avklarende tekst om din egenvurdering som kulturmelder. Det er bra. Ellers skulle selvsagt ledelsesjobber innen museums og kunstfeltet vært på åremål. Personlige egenskaper utover de kunstfaglige er særlig viktig i slike utadrettede offentlige stillinger. Stå på Hans Jacob Reite. Jeg følger ihvertfall med som jeg alltid har gjort. Spørs om ikke fylket har gått glipp av en kommunikativ, uhøytidelig og kyndig kunstfaglig kunstdirektør med kontaknett i undertegnede. Noen stor skade kunne jeg uansett umulig ha gjort. Blir spennende med åpningen av kunstmuseet 8 September 2012. Informasjon kommer vel snart. Ikke minst spennende å se det offentlige galleriet til Oddvar Torsheim som han har fått i bursdagsgave både som 60 og 70 åring. Som fylkets største nålevende kusnter og æresborger av Førde blir han vel tildelt et godt lokale i museet.
Takk for tilsvar! Ein liten detalj: Eg tek ikkje offerrolla! På søndagsskulen lærde vi å ha «respekt for Vårherre», men å vere frimodige i vår «forkynning» (lekmannsrørsle tufta på Haueanarane) i høve til både medmenneske i bygda og heidningar på hi sida av jorda! Men ein liten dash av ordet «audmjuk» bør vel ein stolt kulturmeldar kunne koste på seg? Den som trur han er «ferdig utlært», er ikkje «utlært», …… men berre «ferdig»! (Floskel, javel…. men likevel…) Til slutt: Ha ei god helg, og takk for konstruktive råd om radio og blogg.
PS: Om kunst og kunnskap: Eg skal i dag sitje på skulebenken. Folkeuniversitetet avsluttar idag det 4. (av 5) semester i kunsthistorie med topp lærarkrefter. Når vi avsluttar til jul har vi fått med oss over 80 timar interessevekkjande undervisning om kunst. Men eg lovar at orda mine skal vere like «uhøgtidelege» som før. Fagspråk og poplarisert mediespråk må finne ein balanse. Snevert fagspråk i media kan føre til større avstand…… Du veit; ein agronom veit å stikke fingeren i jorda!
Bra. Når du da neste gang skal beskrive og vurdere en billedutstilling syntes jeg du skal bruke det språket og de begrepene du har lært på kurset. Du har jo, som du skriver, blitt trigget til en mer bevisst holdning til språkets betydning for beskrivelse og vurdering av kulturens uttrykk. Det bør du ta konsekvensene av. Kanskje du kan kjøre mer populisme i radio og mer fagspesifikt på bloggen?. Kanskje du kan bli den første innbygger av fylket som bruker eksisterende fagterminologi når dagsorden er billedkunst? Se for deg det du! Har du en referanse på faginnholdet i regi av det kurset du tar på Folkeuniversitetet. Slik at jeg kan keep up with mr. Jones. God helg selv.
Det er ikke for å være slem mot deg Hans Jakob, men hva kan være årsaken til at ikke en i fylket lar seg friste eller inspirere til å kommentere på denne bloggen? Det samme gjelder jo bloggen på Kulturnett Sogn og Fjordane. Er bloggene for dårlige? Er folket totalt uinteressert i å engasjere seg litt? Mangler folket overskudd i en hverdag overfylt med fritid? Holder det med tv og internett som input. Folket er overload? Fotball og grand prix tar oppmerksomheten.? Er faglig sett nysgjerring på dette. Kanskje nrksfj eller du som er kulturobservatør kan fronte dette på radioen. Rett og slett spørre folket i fylket om de er slitne, ovefylt, eller gir bengen i synsing og kommentarer rettet mot bredde og dybde i kulturlandskapet. Lag en spretten radiosak som kan disse lytterne i dette spørsmålet. Lykke til Hans Jakob