Jose fiksa oss inn i private hus

Jose i Santa Klara tok oss inn i den private turismen paa Cuba. Eg spurde om nettverket hans, men han vinka avvisande. Vi trengde fire netter i vest og to-tre i Havanna. Men han hadde ingen kontaktar. Staten organiserer alt. Sa han. Kanskje det var for mange folk rundt. Eg veit ikkje. Men dagen etter stakk han i oss ein lapp med to adresser. Eg har tinga dette, sa han med eit breit smil. Ring dei om de ikkje kjem.

Vi faar reine og billege rom. I Vinales og i gate «Jesus Maria» to kvartal fraa hamna i gamlebyen i Havanna. Frukost og middag paa bestilling! Godt aa sleppe aa springe etter restaurantar. Godt aa faa servert lokal mat direkte fraa smaa Cubanske kjoekken. Han faar det til, Jose – fiksaren med mobilen!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Hestekrefter paa motorvegen

Leigebilen flyt paa femte gear inn mot Havanna. Prikkfri asfalt. Paa motorvegen med roser paa midtrabatten. Trafikken er saa liten at eg utan vanskar kan krysse over mellom roser og moetande trafikk til bensin og kaffi paa motsett side. Seks felt. Tre felt i mi retning. Eg er nesten aaleine, og legg meg roleg i midtfeltet.

Folk haikar, og ventar paa bussen. Bussen ventar paa slepevogn. Nokre faa japsebilar, ein gamal americanar, nokre slitte Ladaer, og ein og annan lastebil. Traktorane faar bruke den tome motorvegen. Og boendene med hest og kjaerre.

Kven har planlagt denne motorvegen? Kven har dimensjonert den for ein trafikk som aldri kom? Hestane traavar i sola, og slepp fraa seg nokre uskuldige hestepaerer paa asfaltkanten. Dei gamle bilane ryk svart!

Publisert i Ukategorisert | 2 kommentarer

Ein av gutta …..

Kjaerast-tur og bryllaupsreise, javel. Men i dag var eg «ein av gutta». Lang biltur utanom allfarveg. Landsbygda. Brei veg med restar av asfalt. Slagholer i oe. Elendig forfatning. Verre enn Gaularfjellet. Langt verre. Lastebilar og traktorar humpar seg fram. Og vi i den vesle japsen. Punktering!!! Skifta hjul, og kom «i land» i ein liten landsby. Daarleg service paa bensinstasjonen. Men saa staar han der. Fiksaren. I alle land staar det alltid ein fiksar. Han ser problemet, og bak den groene bussen er det «verkstad»! Teiknspraak og bittelitt spansk. Og ein pesos. Han spring foere. Viser oss «verkstaden» under presenningen. Der staar ein flink fyr utan ytstyr. Men han kan med dekk. Fem minutt paa gamlemaaten. Hiver hjulet i ei vasstoenne. Potte tett! Eit glis. Eit handtrykk. Fem pesos. (40 kr)

Tilbake i landsbyen vaar. Sveitt. Frisoer paa hjoernet. Ein klipp i guteverda. I Japan klipte eg meg hjaa to damer. Dei maatte ha konsesjon for kvart haar som fall, og dei bukka meg ut etter tre kvarter til ein pris i overkant av Arne Frisoer. Den dette er «oss gutta» paa Cuba. Kompisane hans sit inne i salongen. Han snakkar med alle inne, og ute. Eg vert klipt av «sjefen paa hjoernet». Han spoer om haarlengd ein gong. Eg syner. Han klipper. Fem minutt, ein tommel opp og fem pesos! Godt aa vere ein av gutta!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Kontantar og kontroll

Eg skal betale med ein norsk 370-lapp eller 50 cubanske pesos. Daa maa settelnummeret skrivast opp og kvitterast ut. Ved utgangen sjekkar dei alle handlenett og kassalappen vert kvittert ut ein gong til. Cuba luktar austblokk og kontroll. Pjuuuu!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Folkehelsa og CNN

Eg skal ein tur innom flyplassen i Mexico City maandag. Faar svinepestnytt fraa Folkehelsa paa e-post. Velsigna knastoert.

Tenkjer litt paa kva tid pandemien snudde paa CNN. Eg ana ei endring daa nyhenda fraa bilindustrien skubba influensaen til sides. Neste sending hadde ikkje fokus paa doedsraten, men serverte katastrofeoppslag om avlyste amerikanske feriar i Mexico. Daa var eg siker paa at det var over.

Folkehelsa har det enkelt. Dei skal tenkje paa, … ja, nettopp ….. folkehelsa. CNN derimot. Dei maa i tillegg tenkje paa sjaa-ar-raten og annonsoerane. Daa vert det lettare aa rope ULV! ULV! Daa vert det vanskelegare aa balansere show og substans.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Jose er ein aristokrat med sosialitisk sinnelag

Han heiter Jose. Driv eit lite privat hotell paa Cuba. Ein gut paa sykkel bringar oss inn bak ein pussa fasade i ei slitt gate. Jose bringar oss inn i stover og rom fraa spansk storheitstid lenge foer revolusjonar kom paa dagsorden her. Jose snakkar alle spraak, serverer og smiler. Han kan si vertsrolle. Roar Werner paa Systrond kan trygt ta studietur hit med alle seng og frukost folk i fjordafylket.

Jose passar paa at guten faar tips, at nabokona passar leigebilen doegnet rundt mot nokre pesos, og at det ogsaa kjem kundar til soeskenbarnet sine rom over gata. Alle skal ha sitt, og Jose skal ha mest……. Eg spoer om prisen paa middag…… God service, smiler han. Eg er sikker paa at du vil betale meg det du synest det er verdt!

Familebedrift smiler han, og tek mobilen for nye tingingar. Ein av dei faa mobilane vi har sett paa Cuba.

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

Che 1. mai

Vi tek 1. mai i Santa Klara. Revolusjonsbyen. Med Chemonumentet. Dei staar tidleg opp her 1. mai, og frukosten vaar vart i lengste laget. Men vi fekk daa sett monumentet….. Eit femtiaarsminne for revolusjonen. Feiring. Che Guevara paa skjortene. Framleis ingen Fidel. Folk feirar i gatene.

Austblokkpropaganda paa Cuba TV etter det vesle eg forstaar. Reportaren hyllar Fidel og presidentbroren Raol. Castro. Store tog i Havanna. Paa TV.

Cuba er nedslite. Kanskje er revolusjonen det ogsaa….. Folk faar kjoepe privat datamaskin no. Men ikkje kople den til internett. Kor lenge vil denne kontrollen halde……. Raol har kontroll paa TV 1. mai. Eg lurer paa kor lenge……. Broderdynasti er neppe ei god loeysing …….

Men Che dauda ung, og lever paa skjortene!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

"Solens gang" – strandliv i Caribien

Snaut fire maanader paa tur. Mange byar og mykje «program». Stillehavet miksa klokka. Tre doegn i Mexico City og tre doegn i Havanna. Vi var definitivt klare for sju netter i same seng paa strandhotell; sove, ete, bate, sole oss i sanden og ikkje minst; sitje paa terassen og glane mot havranda. Stemninga er som hjaa Ernest Hemingway i «Solens gang». Vonar eg vil kjede meg mot slutten av veka.

Middagskvil og palmesus. Boelgjebrus og bass. Bass fraa eit musikkanlegg. Stundom to! Dei torer ikkkej aa satse paa fred og stille her, og sus fraa bylgjer og vind. Bassen gaar!

Cuba Badeby er passe varm for meg i april. Samanliknar litt med det uslaaelege Paradis paa Zanzibar. Men Cuba har ogsaa pluss. Dette er eit «svalare syden», og vi slepp gnaalet fraa selgjarar og andre tiggarar paa stranda.

Ei roleg veke slik vi treng det no. Fin rytme. Nesten perfekt. Det ser likevel ut til aa vere vanskeleg for dei aa stille ned bassen, saa eg bed ei stille boen til Vaarherre om han kan skrue opp palmesusen eit hakk eller to …. I dag vart eg boenhoeyrd. Straumen gjekk i fleire timar ……….

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Svinepest paa CNN

Turen gaar prikkfritt. Etter fire maanader paa tur i «klimakrisa», har vi vore naer ei skikkeleg Vestlandsk regnbye berre ein gong, og den forstyrra flytrafikken i USA nokre faa timar.

Paa Cuba ser vi CNN(!), og vert oppdaterte paa svinepesten vi smatt unna med eit par dagars margin i Mexico City. CNN melder vekselvis om verdas undergang, og at det er tilstrekkeleg aa vaske hender!

Om to veker skal vi til Peru via Mexico City. Saa derfor. I dag gjekk vi paa nettet for aa sjekke infoen i gamlelandet. KILROY er stille og utenriksdepartementet seier vi maa fylgje med lokalt. Og vere lydige. Jada, Jonas! Firda meldar at Synnoeve Bjoerset brukar munnbind i Mexico City, og NRK S og Fj melder saman med Helse Foerde om at dei har trena paa pandemi. So da!

Vi kjenner oss trygge, og held oss til CNN og Pilatus: Vi vaskar hender!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Che og Fidel

Che Gugevara er overalt her paa Cuba. I kunst, paa plakatar og i all slags symbolske reiseminne for oss turistar. Fidel Castro er ingen stad.

Che – revolusjonshelten – dauda ung. Heldigvis for han. Han gjorde ikkje saa mange feil. Dei unge daude faar lett ein romantisert glorie. Den revolusjonaere Che, skodespelaren James Dean og ……Jesus!

Fidel derimot. Maatte ta avgjerder i eit langt liv. Gjere feil.

No ventar Cuba og verda paa at den gamle mannen skal daude. Det er takka, Fidel. Daude. Slik at Obama kan faa ein fot i doersprekken. Obama koeyrer paa med taarevaate familiegjenforeiningar. Ser eg. Godt for familiane. Godt for Cuba.

Og godt for Obama. Meir vil kome. Dollar ogsaa. Obama opnar mot Cuba, berre den gamle Fidel vil daude. Obama. Yes he will. Yes, he can!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar