Han heiter Jose. Driv eit lite privat hotell paa Cuba. Ein gut paa sykkel bringar oss inn bak ein pussa fasade i ei slitt gate. Jose bringar oss inn i stover og rom fraa spansk storheitstid lenge foer revolusjonar kom paa dagsorden her. Jose snakkar alle spraak, serverer og smiler. Han kan si vertsrolle. Roar Werner paa Systrond kan trygt ta studietur hit med alle seng og frukost folk i fjordafylket.
Jose passar paa at guten faar tips, at nabokona passar leigebilen doegnet rundt mot nokre pesos, og at det ogsaa kjem kundar til soeskenbarnet sine rom over gata. Alle skal ha sitt, og Jose skal ha mest……. Eg spoer om prisen paa middag…… God service, smiler han. Eg er sikker paa at du vil betale meg det du synest det er verdt!
Familebedrift smiler han, og tek mobilen for nye tingingar. Ein av dei faa mobilane vi har sett paa Cuba.
Føl med dokke på reisa.
Godt helsa held og nyt livet med gode innpust og kva som enn byr seg.
Våren er grønare enn grønast her i år – enn litt kaldt akkurat i dag.
Klem