Che 1. mai

Vi tek 1. mai i Santa Klara. Revolusjonsbyen. Med Chemonumentet. Dei staar tidleg opp her 1. mai, og frukosten vaar vart i lengste laget. Men vi fekk daa sett monumentet….. Eit femtiaarsminne for revolusjonen. Feiring. Che Guevara paa skjortene. Framleis ingen Fidel. Folk feirar i gatene.

Austblokkpropaganda paa Cuba TV etter det vesle eg forstaar. Reportaren hyllar Fidel og presidentbroren Raol. Castro. Store tog i Havanna. Paa TV.

Cuba er nedslite. Kanskje er revolusjonen det ogsaa….. Folk faar kjoepe privat datamaskin no. Men ikkje kople den til internett. Kor lenge vil denne kontrollen halde……. Raol har kontroll paa TV 1. mai. Eg lurer paa kor lenge……. Broderdynasti er neppe ei god loeysing …….

Men Che dauda ung, og lever paa skjortene!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *