Hestekrefter paa motorvegen

Leigebilen flyt paa femte gear inn mot Havanna. Prikkfri asfalt. Paa motorvegen med roser paa midtrabatten. Trafikken er saa liten at eg utan vanskar kan krysse over mellom roser og moetande trafikk til bensin og kaffi paa motsett side. Seks felt. Tre felt i mi retning. Eg er nesten aaleine, og legg meg roleg i midtfeltet.

Folk haikar, og ventar paa bussen. Bussen ventar paa slepevogn. Nokre faa japsebilar, ein gamal americanar, nokre slitte Ladaer, og ein og annan lastebil. Traktorane faar bruke den tome motorvegen. Og boendene med hest og kjaerre.

Kven har planlagt denne motorvegen? Kven har dimensjonert den for ein trafikk som aldri kom? Hestane traavar i sola, og slepp fraa seg nokre uskuldige hestepaerer paa asfaltkanten. Dei gamle bilane ryk svart!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Hestekrefter paa motorvegen

  1. Harald sier:

    På brudeferd i Caribien med så mykje bilfri asfalt er det mest ei «dødssynd» å ikkje ta ein «Burn, baby, burn», Hans Jakob! Burninga i Naustdal laurdag kvelden i sunnfjordsk regskura asfalt var ei ekstatisk nyting for syn, lukt og høyrsel! Ser fram til ein oooosande filmsnutt på You-Tube!

    Harald

  2. hans jakob sier:

    Burning paa Cuba eignar seg best paa motorvegen inn mot Havanna, men ein liten japs koyrer helst paa det jamne. Den einaste ureglementerte eg gjorde var eit kvast kryss i Santa Klara. Mi vikeplikt, men ei lita stripe vart det. Paa leigebilen. Eg kom fraa det med 500 norske. Elles let eg teatret og Naustdalsgjengen ta seg av burninga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *