Kva er ei grense?

Aa krysse ei grense er noko konkret. Det er aa faa passet paaskrive. Aa faa scanna sekken. Aa hoyre eit nytt tungemaal. Aa faa ein ny sort pengar – med ny kurs – ut av banken.

Men dette er sjeldan det viktigaste. Ein kjenner paa stemninga. Argentina. Tenkte ikkje paa at skilnadene kunne vere saa store. Vi ligg i bygdebyen (som Foerde), og var paa bytur med lokalbussen i gaar (Byen er som Bergen).

I Brasil heldt vi paa pass og goeymde kamera i «maskert» sekk. Indinarane gjekk med nedslaatte blikk, og vi fekk hoeyre at dei levde i reservat. Men her i Argentina er stemninga annleis. Like over grenseelva og i liknande byar som vi besoekte i Brasil.

I Argentina. Karen Helga fotograferer med «ope» kamera overalt, og let fotoveska henge laust. Indianarane ser ut til aa vere ein del av samfunnet – rett nok mellom dei fattigaste – men likevel. Vi et sjokoladekake og drikk varmt paa fortauet i vintersola, og vi let sekken med pass og pengar henge laust over nabostolen. Vi kjenner oss trygge. Skilnaden mellom folk ser ut til aa vere mindre her. Stemninga meir avslappa. I gaar kveld gjekk vi heim til hotellet i moerkret. Det har vi gjort mange gongar foer. Men her kikar vi oss ikkje over skuldra…….

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Fabio og ferja over "Hiver"

Vi laag i bygdebyen i Brasil – naer grensa til Argentina. Hadde sett oss ut ein argentinsk smaaby. Vi har Rio i vente, og tek til aa verte mette paa storbyar. Damene paa hergerget vil hjelpe oss med bussruter. Det saag ut til aa verte «tidleg opp og seint i seng», og oerten bytingar. Daa smiler den mest rutinerte av dei; «skal vi proeve Fabio?» ….. og eg faar Fabio paa traaden foer eg rekk svare. Paa ein daarleg og hakkete mobil rett nok. Daarleg og hakkete er ogsaa engelsken hans …. og min….

Vi greier likevel aa forhandle by og pris. Men tidspunkt for avreise er det verre med. Eg vil bevilge oss sein frukost, men han maa avgarde tidleg, paa grunn av «Hiver». Han tyt om «Hiver» og klokka, og eg forstaar ingenting. Nye ord …. «Baarder» og «important». Grense. Viktig. Og eg ser at dama paa hotellet vender tommen opp og smiler naar ho seier Fabio, Fabio, Fabio. Eg forstaar at dette skal eg ikkje forstaa. Eg skal som alltid lite paa venlege og lokale folk. Alltid!

Han moeter presis neste morgon. Er hoefleg og venleg. Engelsken gaar lettare no, naar vi kan skrive litt paa ein lapp og har minespelet til hjelp i tillegg. Vi naermar oss «brua» over grenseelva. Stoedig sjaafoer. Fortel om landet sitt paa stadig betre engelsk. «Har ikkje snakka engelsk paa eit halvt aar», unnskyldar han.

Vi er paa gli. Han har faatt langtur, og vi kjem kjapt fram. Ah, smiler han, no kom eg paa ordet. Han lyser; «Ferryboat». Eg forstaar alt; Vi skal med ferje over grenselva, og no koyrer vi paa langt inne i soeramerikanske skogar ….. koyerer paa for aa naa ferja!

Etter brasiliansk passkontroll paa elvebreidda koeyrer vi ombord. Ombord paa «ferryboat», eller det eg vil kalle ein lekter. Lekteren vert driven fram av ein «sidemontert» motorbaat – lang og smal som ein elvebaat kan vere. Himmelen er graa og elvebreiddene groene. Mannskapet er faamelte og trygge. Eg staar paa dekk i vinden, og synest det minner litt om ein vestlands-fjord. Eg tek meg i aa droeyme om ein kaffikopp og ei broedskive med fiskepudding og kaviar……

Men vi skal i land i Argentina. «Ferja» klappar til ei provisorisk kai, og Fabio hjelper oss stolt gjennom kontrollane. Dette kan han. Dette er hans land og hans elv. Eg forstaar meg etterkvart meir paa engelsken hans, og at han slit med aa starte engelske ord paa «R». Men vi og Fabio naadde grenseferja med god margin. Ferja over «Hiver»!

Publisert i Ukategorisert | 2 kommentarer

Paa "Kinnaspel" med Jesuittane!

Laurdagskveld i Sau Miguel, ein liten bygdeby langt inne paa landsbygda i Brasil. Nokre svake lyskastarar syner hovudscena – kyrkjeruinar etter Jesuittane. Tribuna i stein er kald og hard. Eg har nett trakka over teppa med juggel og reiseminne. Dei einaste indianarane eg har sett i Brasil ser ut til aa selje lite. Indianarane i Andes i Peru hadde ei stoltheit eg ikkje kan faa auge paa her.

Vert indianarane berre statistar til si eiga historie, undrast eg ….. i det dei sterke lyskastarane flerrar kveldsmoerket, og hoegtalarane trommar i gang «Kinnaspelet» til Jesuittane. Historisk forteljarteater ved hjelp av lyd og lys i gamle kyrkjeruinar i skogen. Fortalt paa portugisisk. Saa her kjem dei vel med ….. alle opplysningane fraa vandringa i dagslys.

Musikk fraa indianartrommer til kyrkjeorgel. Lyseffektar understrekar jungel, Jesuittkyrkje og krigande kolonistar til hest. Her er indianarar i krig og fred. Indianarar som vert frelste og samla rundt jesuittiske misjonskyrkjer. Her er angrep fraa kolonistar paa jakt etter indianarar til slaveri paa plantasjane naer kysten.

«Kinnaspelet» syner stolt fram at Jesuittar og indianarar bygg ein miksa kultur i omraadet. Dei vert oekonomisk sterke. Dei forsvarar seg i lag, men vert tilslutt nedkjempa. Nokre europearar vel indianarane si side, men maa til slutt gi tapt for kolonistar av europeisk avstamning.

Ei blodig sluttscene. Det bygg seg opp eit imponerande og fargerikt lysshow ……… som gaar i svart! Det vert stille. Vi ser berre Mjoelkevegen som lagar ei stjernebru over den moerke siluetten av Jesuittkyrkja.

PS: Seinare paa kvelden stig maanen opp, og kastar sitt bleike lys over landskapet. Her er minimalt med indianarar og ingen jungel. Berre «europeisk» farmarlandskap. Saa faar dei dele «skuld» og «aere» den som vil. Jesuittar eller ikkje Jesuittar!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Kaffiprat i sofakroken

Eg reiser. Halvaaret gaar mot slutten. Kva saknar eg? Ikkje godt aa vite foer eg moeter det. Slik som i gaar kveld. I Karen Helga sitt Japan-kunst-nettverk finnst det ogsaa ein kunstnar i Porto Alegre i Brasil. Vi vart bedd paa kveldsmat. Ho hadde laga vanleg kvardagsmat med mandarinar fraa sitt barndoms smaabruk til dessert. Og kaffi!

Dei to kunstnarane finn kvarandre i vidlyftig fagprat. Ord om kunst og uttrykk som eg knapt foerstaar paa norsk. Paa engelsk er det enno verre. Men kva gjer det? Eg faar sitje med ein framifraa kopp svart og sterk kaffi i ein sofa ein heil kveld. Framfor peisen i ein vanleg heim i Brasil!

Publisert i Ukategorisert | 6 kommentarer

"Ugh – Ugh" i jungelen?

Eg reiser rundt i verda. Faar nye opplevingar og ny kunnskap. Held det saman med det eg trudde eg visste fraa foer. Ein gong i blant sviv eg innom eit historisk museum. Ikkje noedvendigvis for aa finne sanninga. Men for aa sjaa korleis dei styrande i landet ser paa seg sjoelv. I ettertid. Og notid.

I dag var eg paa historisk museum. Porto Alegre i Brasil. Eg fekk sjaa stolte portugisarar og spanjolar. Eg fekk sjaa dei som frigjorde kolonien fraa Europa. Eg fekk sjaa Jesuittisk misjon mellom ville indianarar. Ja, eg fekk til og med sjaa negrar som frigjorde seg fraa slaveriet.

Og eg fekk sjaa indianarar i jungelen paa steinaldernivaa. For lenge sidan. Men europearane si fordriving av indianarane i jungelen var ikkje tema. Ei ny utstilling vart gjort klart i eit siderom. Eg kika forviten, men det var neppe denne delen av indianarsoga som skulle faa sin plass i lyset. Om eg laerde noko idag ?????? Tja, det ser ut til at det er lettare aa ta oppgjer med det svartaste slaveriet, enn det er aa roere ved historia om indianarar, jord og jungel. Kanskje historia er for ferskt i Brasil. For ferskt til aa hamne paa museum!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Spraakvanskar

Vi er i gang med sjette maanaden paa tur. Det er her i Brasil vi har hatt stoerst spraakvanskar. Vaar «portugisisk» er minimal. Engelsken her er varierande, for aa seie det slik. I Japan fjuska Karen Helga i japsespraak, og i det spanske Latin-Amerika har ho stava seg fram med engelsk-spansk ordbok (Takk Hanna!) og med stoette fraa eigne franskkunnskapar. Og engelsken deira var betre i Mexico, Cuba og Peru.

Men «brassane» vil forstaa. Dei vil hjelpe. Fingerspraak og godt humoer. I dag i skranken paa hotellet. Eg skal forklare at vi ikkje hadde faatt handkle i dusjen. Det enda med teatersport…… Eg tok av meg troya. Leika dusj, og «toerka» meg med troeya! Eg fekk eitt stort smil…. og to smaa handkle!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Bussar og buffetar i Brasil

Nytt land. Nye skikkar. Brasil har fantastiske ekspressbussar. Gode og romslege liggesete. Ein kort halvtimes stopp fjerde kvar time. Stopp med reine do og effektive kafear. God og billeg mat. Buffet. Du betalar etter vekt. Vekt paa maten altsaa…….. Hyggelege samleband.

Buffetar, ja. Det praktiserer «brassane» paa alle nivaa. Fraa gourmet til billegkafe. Du faar det du betalar for. Du betalar for det du et. So enkelt. Miljoevenleg, koseleg og billeg. Bussar og buffetar i Brasil. Det gaar faktisk an aa lage trivelege samleband!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Friminutt for gatebarn?

Sao Paulo i Brasil. Eg vassar i gatebarn. Vaksne uteliggarar vert paa ein merkeleg maate ein vane i storbyane i verda. Tiggande og utslegne born er vanskelegare aa fordoeye. Mykje vonloeyse, men ogsaa samhald og venskap mellom gateborna. Nokre driv ulovleg handel,og vert hundsa og jaga av politiet. Vaepna politi i firemannsgrupper – til hest!

I dag – braak og laatt i ei sidegate. Ein flokk gatebarn med salsbretta sine under armen kjem stormande. Tverrvender og rundar eit nytt gatehjoerne. Leande som norske ungar etter vellukka epleslang. Dei har rista av seg politiet. Ein stor gut held vakt. Resten slaar opp dei samanslegne salsborda sine med CD-ar og kort. Dei handlar. Det handlar om aa overleve.

Eg treng friminutt for gatelarm og gatebarn ….. nokre stoyande ….. andre utslegne. Eg ser meg rundt. Hotellet er eit stykke unna,og internettkafeane er overfyllt av dei som spelar og stoeyar. Eg kan kjoepe meg inn forbi vaktene paa ein restaurant, men er korkje svolten eller toerst. Heldigvis har vi kyrkjene. Dei er opne og stille, men her er merkeleg lite folk. Eg undrast over at ikkje fleire finn tilflukt her. Nokre kjem i kvardagskleda og med bereposane sine, og tek ein prat med Jesus og Maria. Nokre kyrkjer er moerke som synda, medan andre er lyse og ber bodskap som i salmen «Deg lysets Fader, lover vi – haleluja – haleluja». I desse lyse kyrkjene ser eg ogsaa nokre uteliggarar paa bakarste benk……. Skulle eg budd i San Paulo, saa hadde det nok vorte ein fast kyrkjegjengar til …….

PS: Kunstutstillingar er ogsaa ein fredeleg stad i bylarmen. I skyminga i kveld ramla vi inn paa ei eventyrutstilling. Illustrasjonar til eventyr fraa heile verda. H C Anderssen er den einaste fraa heimlege trakter. Lengst inne i ein moerk koridor. Tre bilete blinkar mot meg. Tre fyrstikker tender i rekkefylgje. Det roerer meg. «Piken med svovelstikkene». Sjoelv paa kunstutstilling tek du ikkje friminutt i San Paulo. Friminutt fraa gateborna!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Japansk indianarhoevding

Vi fann den store roa hjaa indianarane i Andes. Vi snakka om at indianarane syner ei like stor indre ro som japanesarane. Alvorlege indianarar i Andes og smilande japsar i Japan har store fellestrekk. Tilbake i Lima snublar vi over opplysningar om eit japansk-peruinask kulturhus med museum over japansk innvandring i Peru. Vi ropar DROSJE!!! Paa vegen dit koeyrer vi forbi ei svaer statue av ein Inka-hoevding.

Interessant samling om japansk innvandring. Ikkje saa stor, men grundig japansk dokumentasjon. Og kven hadde reist indianaren vi susa forbi i drosjen… Jau, det var japanarane. Eit stort bilete av japanarar med japanske flagg som avduka det digre indianarmonumentet. Eit bilete eg seint gloeymer. Fraa 1920. I samband med at Peru feira hundreaarsjubileum som sjoelvstendig stat, saa kosta japanarane i Peru ei indianarstatue i Lima. Kvifor? Fordi dei ville terge spanjolane? Eller fordi dei kjende seg i aandeleg slekt med indianarane? Buddha og naturreligion? Respekt for ro og det aa ha sitt eige rom?

Eg spekulerer over innvandring, utvandring og kuturblandingar. Vi gaar paa den japanske restauranten og kosar oss med typisk japansk lunsj seks veker etter at vi forlot Japan. Japanske kelnerar helsar oss paa japansk. Eg kjem i hug kafeen paa SOENNER AV NORGE i Seattle i USA for sju aar sidan. Der var det norsk stemning, men likevel overstyrt av det brautande amerikanske. Paa den japanske restauranten vaar er det ogsa ei slags japansk stemning, men det er ikkje saa stillt som i Japan. Lyden av det spanske Peru i Lima gir ein annan klang. Kulturutvikling og kulturblanding. Den japanske indianarhoevdingen hadde nok kulturelt sett passa betre inn i Andesfjella, men dei plasserte han her i hovudstaden. Sikkert fordi at han skulle synast midt i det spanske…..

PS; I drosjen heim til hotellet vert vi stangande i kork langs ein murvegg. Der staar det maala SLEPP FUJIMORI FRI!!!!! FUJIMORI ER SKULDLAUS!!! Fujimori var president i Peru paa nittitalet. Foreldra var japanske innvandrarar. Han vann valet med indianarstoette sidan han hadde avstand til spanjolane. No sit han i fengsel for brot paa menneskerettane. Dei fleste trur han er rettferdig doemt, men mange hevdar at han er utsett for eit komplott av den spanske politiske eliten. Fujimori var japansk indianarhoevding paa nittitalet. No er han bura inne! Ute i det fri staar den gamle inkahoevdingen paa torget…….. ogsaa japansk paa sitt vis. Han faar staa ute i det fri. I stein!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Det gode liv paa landet

Ein kilometer utanfor lansbyen Chivay. Ein spasertur fraa naturvarme kjelder. Hotell paa landssbygda i Andes der vi kviler oss ei lita veke.

Berre stjernehimmelen og utesusen om natta. Om dagen ser vi smaa husdyrflokkar som vert flytta til nye beite, og indianarkonene som gjeter dyr og born ….. og strikkar. Vi ser kornaakrar som vert skorne for hand, og trusking med berre nevane og ein stokk. I nabogrenda har dei faatt seg truskemaskin driven av «eselvandring». Einaste lyd kjem fraa den vintervesle elva i dalen. Der handlangar eit arbeidslag hoeveleg murestein opp paa eit lastebilplan. Sand vert solda og lesst opp for hand. Turistane fraa andre sida av Atlanteren nyt sola. Kanskje liknar det paa ei utkantbygd i Noreg paa femtitalet?

Vi spaserer til badet. Naturleg varmt og med ei saa lang rekke med helsebringande stoff, at heile det periodiske system i realskulekjemien ryk med. Karen Helga lurer paa om det verkeleg kan vere saa helsebringande som reklamen tilseier. Eg ser paa skrottane vaare som ligg til toerk paa bassengkanten. Blaagroene skrottar ferdig salta …. ligg no til toerk i sola. «Ja, dette er helsesamt for kropp og sjel», svarar eg, «denne reklamen trur eg paa. Vi er ferdig salta, og snart ferdig toerka og speka. Etter dette vil det gaa lenge foer vi surnar og gaar ut paaa dato.»

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar