Fabio og ferja over "Hiver"

Vi laag i bygdebyen i Brasil – naer grensa til Argentina. Hadde sett oss ut ein argentinsk smaaby. Vi har Rio i vente, og tek til aa verte mette paa storbyar. Damene paa hergerget vil hjelpe oss med bussruter. Det saag ut til aa verte «tidleg opp og seint i seng», og oerten bytingar. Daa smiler den mest rutinerte av dei; «skal vi proeve Fabio?» ….. og eg faar Fabio paa traaden foer eg rekk svare. Paa ein daarleg og hakkete mobil rett nok. Daarleg og hakkete er ogsaa engelsken hans …. og min….

Vi greier likevel aa forhandle by og pris. Men tidspunkt for avreise er det verre med. Eg vil bevilge oss sein frukost, men han maa avgarde tidleg, paa grunn av «Hiver». Han tyt om «Hiver» og klokka, og eg forstaar ingenting. Nye ord …. «Baarder» og «important». Grense. Viktig. Og eg ser at dama paa hotellet vender tommen opp og smiler naar ho seier Fabio, Fabio, Fabio. Eg forstaar at dette skal eg ikkje forstaa. Eg skal som alltid lite paa venlege og lokale folk. Alltid!

Han moeter presis neste morgon. Er hoefleg og venleg. Engelsken gaar lettare no, naar vi kan skrive litt paa ein lapp og har minespelet til hjelp i tillegg. Vi naermar oss «brua» over grenseelva. Stoedig sjaafoer. Fortel om landet sitt paa stadig betre engelsk. «Har ikkje snakka engelsk paa eit halvt aar», unnskyldar han.

Vi er paa gli. Han har faatt langtur, og vi kjem kjapt fram. Ah, smiler han, no kom eg paa ordet. Han lyser; «Ferryboat». Eg forstaar alt; Vi skal med ferje over grenselva, og no koyrer vi paa langt inne i soeramerikanske skogar ….. koyerer paa for aa naa ferja!

Etter brasiliansk passkontroll paa elvebreidda koeyrer vi ombord. Ombord paa «ferryboat», eller det eg vil kalle ein lekter. Lekteren vert driven fram av ein «sidemontert» motorbaat – lang og smal som ein elvebaat kan vere. Himmelen er graa og elvebreiddene groene. Mannskapet er faamelte og trygge. Eg staar paa dekk i vinden, og synest det minner litt om ein vestlands-fjord. Eg tek meg i aa droeyme om ein kaffikopp og ei broedskive med fiskepudding og kaviar……

Men vi skal i land i Argentina. «Ferja» klappar til ei provisorisk kai, og Fabio hjelper oss stolt gjennom kontrollane. Dette kan han. Dette er hans land og hans elv. Eg forstaar meg etterkvart meir paa engelsken hans, og at han slit med aa starte engelske ord paa «R». Men vi og Fabio naadde grenseferja med god margin. Ferja over «Hiver»!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Fabio og ferja over "Hiver"

  1. roar werner vangsnes sier:

    Hei HJ
    Kjekt å få med seg dine innsmett no når sommaren tek oss her heime.Eg ser at du er innom ord som ferjer og vestlandsfjord, brødskive og fiskepudding. Stao pao no før heimvegen tek dykk Adriaterhavkysten og Italia ventar på oss i morgon. Lenge sidan du var der no….. velkomen heim etterkvart.

    RW

  2. hans jakob sier:

    Vi skal faa med oss Fosselandet og Rio. Saa kjem vi.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *