Vi er i gang med sjette maanaden paa tur. Det er her i Brasil vi har hatt stoerst spraakvanskar. Vaar «portugisisk» er minimal. Engelsken her er varierande, for aa seie det slik. I Japan fjuska Karen Helga i japsespraak, og i det spanske Latin-Amerika har ho stava seg fram med engelsk-spansk ordbok (Takk Hanna!) og med stoette fraa eigne franskkunnskapar. Og engelsken deira var betre i Mexico, Cuba og Peru.
Men «brassane» vil forstaa. Dei vil hjelpe. Fingerspraak og godt humoer. I dag i skranken paa hotellet. Eg skal forklare at vi ikkje hadde faatt handkle i dusjen. Det enda med teatersport…… Eg tok av meg troya. Leika dusj, og «toerka» meg med troeya! Eg fekk eitt stort smil…. og to smaa handkle!