Forfatterarkiv: hans jakob reite

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.

4H på ”Randen”

Det er over 70 haustfestar i 4H i fylket. Eg hadde ikkje vore på haustfest på 10 år, og plukka meg ut ein tilfeldig i ei lita bygd. Eg undrast: Kan Fjellrosa 4H dra ut bygdefolket på ein laurdagskveld i … Les videre

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

Sure folk etter vegen?

Stor ståhei om Gunhild Dahlberg si reiseskildring frå sykkelsetet. Folk frå fylket er ”kåra” til dei suraste. Nokre ler det bort. Andre tek på sitt stivaste smil, og går i kontant sjølvforsvar. Som den smalaste vestlandsveg har slike debattar to … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Storslagen operette

Operapremiere på Eid. Hertuginna av Chicago. Operette er såpeopera på høgde med TV-Dynastiet. Lettfatteleg og greitt å følgje med. Såpe ja. Her vart til og med prinsetrona ombygd til hertuginna sitt badekar. Flott oppleving i full sal. Operasjef Kari Standal … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Nesbø og mord-middagen toppa krimhelga!

På opningskvelden var det Jo Nesbø som stal krim-showet. Han sette sjølvaste Staalesen litt i skuggen. Jo Nesbø – krimforfattar – men også vokalist og tekstforfattar i ”Di Derre” – han med ”Rumba med Gunn”. Guten kan skrive. Interessant å … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Oliver Twist– spektakulært teater

Den største teatersatsinga på Sogn og Fjordane teater nokosinne. Med utgangspunkt i ein av Charles Dickens sine store klassikarar. Soga om fattigguten som vart hundsa og kom i dårleg selskap. Men som på grunn av stor indre styrke og ein … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Ei hand på rattet – og telefonen i den andre……

Ei framifrå medie-veka. Fellenemnaren er telefon. Flora-ordførar Bente vert visst aldri ferdig med det lurvete telefon-innkalla bystyremøtet i sommar. Samferdsleminister Liv Signe vart partileiar, men vert ikkje unnateke politiavhøyr i råne-saka før vegopninga i Lærdal av den grunn – ja, … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Multi-modning på Transplant

Fredag var det kunstopning på Transplant i Dale. Multikunst over tema ”modning”. Eg er alltid nysgjerrig på denne idefabrikken med den moderne galleri-restauranten ved Dalsfjorden. Opning – ja vel. Men uhøgtideleg og slentrande i stilen. Til kunstnarane: Ikkje ein blomsterkvast … Les videre

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

Suksess og spikarsuppe på Skei

Drillos mot lokale fotballgutar på Skei laurdag ettermiddag. Drillos 10 år etter sigeren over Brasil. Jonsokkafta vi aldri gløymer. Nasjonalsymbolet i overkant av då Oddvar Brå braut staven. Jølstra-fotballen tok grep og arrangerte mimring. Fagføredrag med Drillo. Mat med kokkelauget. … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Men viktigast er kjærleiken!

I sommar har fylket bada i ute-arrangement innan spel og sport, rokk og revy, seglskuter og sildebord, – og fiskekonkurransar og fjell-løp. Mange arrangement i ulike sjangrar. Nokre konkurrerer om publikum, sponsorpengar og offentlege kulturpengar. Andre ikkje. Medan det kan … Les videre

Publisert i Ukategorisert | 2 kommentarer

Kjælne kjevle i gode hender!

Ei sjeldan bok: ”Kjælne kjevler og tomme hender”. På det nye og vesle Penna Forlag i Førde. Ein fabel for vaksne. Ord og tre: Hans Sande. Foto og form: Ole Fretheim. Sjeldan har eg lese noko so gjennomarbeidd, hylande morosamt … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar