Forfatterarkiv: hans jakob reite

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.

Operasjon SISKIN – topp krim

Rune Timberlid slepper krim på Samlaget. Drivande spenning frå start til mål. I krimromanen er plottet det viktigaste. Her vev Timberlid rutinert saman to historier som mot slutten smeltar saman til ei. Det er ei historie som tek utgangspunkt i … Les videre

Publisert i Ukategorisert | 4 kommentarer

Fritjov den mjuke?

Fritjovspelet på Vangsnes. Fiend og elskar av Rolf Losnegård. Nok eit sogespel ute i det fri på sommarstid i fylket vårt. Går inn i rekka som eit av dei jamne. Først må det seiast. Kultursatsing i full breidde frå alt … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Nedtur – ikkje berre "østrogenbombe" for menn!

Karin Vatne frå Sogndal gir ut boka «Nedtur» på Penna Forlag. Om kvinneliv midt i livet. Ho advarar rett nok i føreordet: ”Det er eit sant privilegium å få gje ut all sytinga si i bokform”. Her kjem det i … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Losnaspelet – på det jamne men med strålande lyspunkt

Konfliktane i stykket til Rolf Losnegård er mange. Her står riddar-far mot son i val av kone. Kjerringemna er den lokale møy mot ei importert adelsdame med fisfine vanar. Sonen vil nok helst ha den friske lokale utgåva, men tek … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Haraball!

Haraball på ferjo med Bjørn Vinskvett-Jensen og Tor Endresen til rors er lettbeint Vinskvett-humor para med Johannes Kleppevik sine kyst-tekstar om kystlivet, sjøfolk og fiskarar, kjærleik til heimbygd og damer. Og draumar. Full båt i Eivindvik, men byfolket i Florø … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Dialog og fargespel!

Førdefestivalen var tropisk og dirrande. Førdefestivalen står på tre bein. Alle like naudsynte om denne folkelege festivalmaskinen skal halde fram. Det første beinet er ”mega-formatet” i Førdehuset sin idrettshall. Det andre beinet er dei mindre arenaene med intim stemning. Det … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Kvernstein-guiding av åttande klasse!

Vitja Kvernsteinparken jonsokdag! Opningsdagen for guiding. Ingen kø. Hyllestad er ingen turistfelle. Men dei har ein attraksjon i særklasse. Kvernsteinbrot frå 700-talet til 1930-åra. Frå før vikingtid til i vår mellomkrigstid. Kornet skulle malast til brød og graut. Det stod … Les videre

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

Kinnaspelet – dugnaden, manus og futen

Kinnaspelet er krevjande å melde. Den store kulturdugnaden og geografien kan sperre for den oppgåva det er å melde sjølve teaterstykket. Alt heng saman med alt. Men til sjølve teatret først. Val av scene og dermed scenografi – langt på … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Strynerevy – trøkk og fart

Strynerevyen med eitt blad Myklebust og to blad Tvinnereim i spiss showa frekt, og eit plastbegersvingande publikum fekk det dei venta. Og det lokale publikumet tok godt imot. Sterke på song og typespel. Særs gode skodespelar-presasjonar og flott revy-band og … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Alvoret gir den beste leiken

Naustdalstafetten – appell !!!!! I mai heldt eg denne appellen: Appell på stafett-start! Til dykk som har spenninga i kroppen! Til dykk som skal sjå på – heie, skryte og trøyste! Min appell har to ord: Stafett og leik! Stafett … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar