Det er over 70 haustfestar i 4H i fylket. Eg hadde ikkje vore på haustfest på 10 år, og plukka meg ut ein tilfeldig i ei lita bygd. Eg undrast: Kan Fjellrosa 4H dra ut bygdefolket på ein laurdagskveld i Randabygda? Den vesle skulekrinsen i Stryn, som har fått vegopning vestover Panorama-vegen til Lote Ferjekai og Eid.
4H er ein allsidig fritidsaktivitet for unge mellom 10 og 18 år. Dei vel ei oppgåve i eit emne. Dei studerer og fortel om oppgåva til dei andre i klubben, og dei stiller ut for slekt og bygdefolk elles på haustfesten. Og bygdefolket kom. Utstillingane vart saumfarne, gode formuleringar kalla fram forsiktige smil hjå dei vaksne. Formuleringar ”om sauen som daua” og ”om kveldane i snikkar-kjellaren hjå han Besten”. Jordnære oppgåver om sau og frukt, – om mekking, foto og mat. Men også om styrearbeid i 4H-klubben og leiting etter kulturen frå eit anna heimland. Her var besteforeldre som hadde hjelpt til og her var småsysken som la seg på tverra i scene-trappa for å stele litt merksemd frå dei store og flinke. Oppgåvene var som for 10 år sidan, med unnatak av PC-ane som blinka ut bilete frå bygda. Det osa tradisjon.
Underhaldning og program. Leia og framført av ungdomane sjølve. Det vaksne støtteapparatet heldt seg for det meste på kjøkenet. Programmet varierte frå middels til det heilt strålande. Særleg dei yngste torde å trøkke til på scenen. Vi fekk ”rapp”-velkomst – med sjølvironi om 4H-løftet og ”valgets kvaler” mellom all verdas aktivitetar. Vi fekk eit Mister Bean-inspirert nummer utan ord, og vi fekk sjå Tae Kvon Do-spark demonstrert med spenst og eleganse. Og bygdas aller yngste sat heilt stille og djupt konsentrerte på fremste bord.
Nokre av nummera kunne vore litt meir drilla, av og til vart opphalda mellom nummera i lengste laget. Men mykje skal klaffe i ein liten klubb i hektisk aktivitet bak scenen. Og alle skal fram.
Ei jente i siste klasse på vidaregåande leverte niande og siste oppgåve, og det gav plakett-nål. Ni år i allsidig klubbarbeid i heimbygda. Eit prov på at ein kan stå heile distansen. Ikkje berre hoppe tilfeldig frå tuve til tuve.
Lotteriet på festen er verdt ein kommentar. Som rutinert basar-gjengar fekk eg ei ny oppleving. Her sende dei korger frå bord til bord med lodd og pengar. Så fekk vi telje lodd og veksle pengar sjølve. Her var innsyn og tillit på eit ekstremt høgt nivå. Her skulle Terra-bossane og børs-spekulantane vore på studietur.
Refleksjonar i regnveret langs smale Stryne-vegar etterpå. Ungdomen synte seg fram for bygdefolket laurdagskvelden. Nokre var meir interesserte i å lese kommentarane frå oppgåve-dommarane enn i å ta applausen frå scena. Dei vaksne snakka i pausane om kor viktig vegen til Lote og Nordfjordeid hadde vorte som pendlingsveg for ungdom som ville vende heim, og om at 4H-ungdomane driv Sjøkanten sommarkafe i bygda.
Oppsummert: Flinke ungdomar, vegdebatt og sjølvbetening på lodd og vekslepengar. Bygdekultur på ein laurdagskveld i Stryn.
Kjekt du kom deg til Hopland og Randabygda.
MEN du bomma…det var Ørn 4H i nabobygda som hadde 40-års jubileum iår!! Heia Hennjane – dit burde du ta deg eitpar dagar….trur eg!