Ei hand på rattet – og telefonen i den andre……

Ei framifrå medie-veka. Fellenemnaren er telefon. Flora-ordførar Bente vert visst aldri ferdig med det lurvete telefon-innkalla bystyremøtet i sommar. Samferdsleminister Liv Signe vart partileiar, men vert ikkje unnateke politiavhøyr i råne-saka før vegopninga i Lærdal av den grunn – ja, sjølv om ho berre prata i telefonen. Og børsmeklararane over heile kloden har skrike i telefonane, slik at det gav gjenklang heilt inn på nesten alle styreroma i fjordafylket.

Flora-ordføraren evnar nok ein gong å setje seg sjølv i sentrum med uklar tale. Fekk nokon med seg om ho verkeleg angrar på telefoninnkallinga i sommar. Eller om ho tek omkamp med ein prisverdig klar fylkesmann og strie mediefolk. Eg føler likevel med Bente som har ein rådmann som synest å vere vanskeleg å ha kontroll på – både for ordførar og kontrollutval. Han er dessutan truleg krinsmeister i tvetydigheiter – viss ikkje også eg har trekt uttalane hans i lengste laget. Når så Tor fylkesvara-ordførar til overmål rykker ut med så unyansert støtte til Florø-ordføraren at stortings-nominasjonen hans vert tema, då er det på tide å setje seg ned – også for mediefolk.
Jau, jau – openheit i styre og stell – innsyn i meiningar og møte – det er viktig. Avgjerande viktig. Og sjølv om Florø-ordføraren er utydeleg på kva ho hadde lært, så er tida inne for media til å begrense seg. For i denne omgang er saka ferdig. Ferdig. Ferdig. Ferdig. Og tværinga i media kan trygt gå inn for landing. Kven som har lært mest vil nemleg kome til syne i neste sak. Sjølv om Flora-politikken er spesiell, så har den unge Jakob’en sett seg i respekt som vaktbikkje. At han fekk så mykje pepar internt i Flora syner meg at han har rett. Tvillaust rett! Hald fana høgt, Jakob!

Elles: Det kan ikkje vere lett å vere minister-sjåfør i tidsklemme på veg til tunell-opning. Eg føler med sjåføren i skjeringspunktet mellom å råkøyre og å levere ministeren fem minutt etter ruta. Eg sender også ein venleg tanke til slitarane med dei kjedelege sakene i den gamle Senterparti-redaksjonen i Nationen. Plutseleg er ein tilfeldig kollega på rett plass med pedalen i botn for å vakte det frie ord i fri fart. Og sjefen hans rykker ut og betaler bota i demokratiets namn. Ministersjåføren får neppe lønsauke denne veka. Pikante saker om styring og fart i Florø og i Samferdsledepartementet. Kven er førar og kven sit på, undrast eg. Ordføraren slår om seg med at ho har kalla inn møte med mobilen før, og lensmannen understrekar at Liv Signe skal til forhøyr – men det skal skje over telefon slik at fotografen frå Nationen ikkje skal få sikre seg fleire bilete.

Så til børstelefonistane. Når lokalradioen tok opp børskrakket, så venta eg jammer over fylket, men der kom ”Gutta boys” med klar tale på direkten. Utan telefon. Fylkesbanksjef Arvid gledde seg til i konkurrere i motabakken, og han såg optimistisk på økonomien i utbygda. Så tok lokalradioen sats med å spå krise i bustadbygginga, og eg venta på intervju med luksus-uteliggarane som ikkje hadde råd å kjøpe seg leiligheit for 4 millionar i Sogndal. Men då slo styreleiar John Helge i byggegiganten Gravdal til. Livet hadde lært han at det måtte satsast når det såg mørkast ut. Han ville ta ansvar for at folk også neste år kunne få kjøpe nye billige hus. Sa husseljaren!
Ei rar veke, der Floraordføraren ikkje ser bort frå å hive seg på telefonen ein gong til om det knip, og der Lærdals-lensmannen truleg får ”opptatt” når han ringer Liv Signe for avhøyr. Ho er i farta. Næringslivet i fylket let seg ikkje skremme av kiminga i børstelefonane. Sjølv har eg ingen fond å miste, men høgare bankrente kan føre til at eg og du kanskje må ta ein tur i banken. Eller kanskje eg gjer som Flora-ordføraren – eg tek ein lettvint telefon!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *