Nesbø og mord-middagen toppa krimhelga!

På opningskvelden var det Jo Nesbø som stal krim-showet. Han sette sjølvaste Staalesen litt i skuggen. Jo Nesbø – krimforfattar – men også vokalist og tekstforfattar i ”Di Derre” – han med ”Rumba med Gunn”. Guten kan skrive. Interessant å høyre han fortelje om måten han skriv på. Han legg vekt på å gjere passe nøyaktige undersøkingar om ramma han skriv innanfor. Forfattaren skal ikkje kopiere, men skrive med ein smule distanse om noko som kunne ha hendt. Nesbø var også ein meisterleg munnleg formidlar. Multitalent i skrift, snakk og song.

Fredagen var arenaen sauefjøsen til krimsjef Judith Hegrenes. Rivertonprisvinnar Jørgen Gunnerud fortalde stillferdig om skrive-teknikkane sine. Han la vekt på å opp-konstruere krimheltane langt frå sin eigen type. Han valde forteljargrepet med å fortelje historia gjennom krimhelten sine auge i tredjeperson; han-form og ikkje eg-form. Denne forma er den mest realsistiske, hevda han. Han ville ikkje skrive slik som i eit film-manus der perspektiva kan hoppe rundt – skiftande i vill fart.
Gruppa Fanfaronene ga oss ”opera på åstaden” med stor innleving. Særleg fenga katteduetten av Rosini. Glimrande song og stort drama.

På bokkafeen laurdag var det tid for dei lokale krimforfattarane Rune Timberlid og Kai Martin Brekke. Dei kom nok litt i skuggen av Yngve Nedrebø som fortalde om Gjest Baardsen. Han plukka sund alle myter om Gjest som stal frå alle – også dei små. Han framheva Gjest som ein stor sjølvbiografi-forfattar og ein enno større løgnar. Men korkje stor tjuv eller utbrytarkonge, slik mytane fortel. Så sogningane Timberlid og Brekke har ein stor krimforfattar å liknast på, nemleg Gjest Baardsen.

Mykje innsikt frå kloke krimforfattarar trekte mykje folk, men publikum unte seg ikkje rosinen i pølsa på laurdagskvelden. Berre 30 betalande på mord og middag. Det svenske spegelteatern gav oss mordgåte til blodig middag. Her var lik og intriger, kjærleik og trulause tenarar. Publikum vart involverte i oppklaringa, og dei fleste av oss vart lurte til å peike ut feil mordar. Eit godt plott, glimrande regi og framfor alt sterke skodespelar-prestasjonar. Fem skodespelarar ga blod til fem ulike karakterar. Nokre stilslege og nokre på grensa til karikatur, men heilskapen fungerte. Spelet var grovt sett delt i to. Først og viktigast så bar dei forteljinga fram seg i mellom. I tillegg spelte dei glimrande improvisasjonar når dei ledig og morosamt involverte publikum. Då var det teatersport på høgt nivå.

Til arrangørane kan det seiast at programmet for krimdagane var variert, også med konsert, opera og mordmiddag. Men fem forfattarar som skal intervjuast og lese frå bøkene sine, vert kanskje i meste laget.

For meg er den store gåta i krimhelga ikkje mordgåta, – men publikumsgåta. Kvifor satsar ikkje publikum på det mest spennande – mord og middag? Noko nytt kjem til fylket og Førde, og då set folk seg heime. Eg vonar at arrangøren torer å setje opp ny mordmiddag neste år, men då må publikum svare opp. Arrangøren gir oss eit nytt tilbod, og fortener ikkje eit gedigent underskot på den dramatiske mordmiddagen.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *