Suksess og spikarsuppe på Skei

Drillos mot lokale fotballgutar på Skei laurdag ettermiddag. Drillos 10 år etter sigeren over Brasil. Jonsokkafta vi aldri gløymer. Nasjonalsymbolet i overkant av då Oddvar Brå braut staven. Jølstra-fotballen tok grep og arrangerte mimring.

Fagføredrag med Drillo. Mat med kokkelauget. Fest på Hotellet. VM-kvalikk på storskjerm. For oss dødelege.

Turar på toppar og bre. Vassleik med fisketroe og rafting. For falma stjerner, fotballenker og Se og Hør. Meisterleg Jølster. Meisterleg spikarsuppe.

For spikarsuppe var det. For å lage spikarsuppe treng du to ingrediensar. Ein spikar og gode kokkar. Spikaren var den såkalla fotballkampen mellom Drillos og unggutane frå fylket. Kokkane var eminente. Kokkelauget, arrangørane og sjefskokken sjølv – Drillo! I spikarsuppa er alltid tilbehøret langt viktigare enn spikaren.

La meg ta denne leikekampen først. Kjekt for unge spelarar å få slå tunnel på ei stjerne og springe frå ei anna. For meg er leikekampar eit gjesp. Eg er fotball-entusiast. Så derfor. Heldigvis var Mini på plass. Han scora og klappa seg på magen i staden for å ta den velkjende Mini-saltoen. Han bomma cola frå publikum og fekk speakaren til å melde til kompisane at han framleis var på banen på venstre flanke.

Men tilbehøret og folkefesten var framifrå. Ein times føredrag frå Drillo er det mest glitrande eg har høyrt i ein konferansesal. Han sette fag og kunnskap framfor psykologi. Han la vekt på konkrete og personlege tilbakemeldingar til enkeltpersonane. Han sa det lågt…… – vi slo Brasil fordi vi var betre organisert! Kjedeleg og knastørr konklusjon – javel. Men Drillo såg også det viktige i å ha ein klovn (eller toppen to) i ei prestasjonsgruppe, og Mini var uslåeleg – då som no.

Mot kveld vart det VM-kvalikk på storskjerm på Skei – med fisk og kjøt frå Jølst attåt. No var det kamp. Fotballkamp. Tapre smil rundt borda. Uavgjort mot Island heime i opningskampen. Vi veit kva det betyr. Vanskeleg, Åge. Vanskeleg.

Så kunne ein tru at dette nedslåande resultatet i VM-kampen skulle gi ei slakk avslutning av bordseta. Men nei. Når eldsjelene i Jølstra-fotballen og Drillos 98 skulle takkast, så tok det heile av i ein serie av ståande ovasjonar og taktfast klapping som eg aldri før har opplevd i Sunnfjord.

Lokale arrangørar fekk velfortent heider for ide og gjennomføring. At fotballkyndige mellom publikum klappa hardast for fotballprofessor Drillo overraskar ingen. Vi måtte ta det inn over oss denne uavgjort-kvelden på Skei. Det kan gå lenge til neste gong ein trenar bringar Norge til to VM-sluttspel på rad.

Vel sakna vi Ole Gunnar og Rekdal. Og Jostein som kunne mane veslebroren til heltedåd i sluttminutta. Og Se og Hør sakna sikkert Myggen. Men dei to viktigaste var på plass. Mini som klovn på leikekampen og Drillo som sjef i konferansesalen. Slentrane og lågmælt i stilen. Humoristisk og avslappande sjølvironisk baud han på seg sjølv og røynslene sine. Og heldigvis for oss tilhøyrarane – i botnen låg fagkunnskapen og alvoret.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *