Tony André svarar

Tony Andre Hansen

Tony André møtte pressen i Hong Kong for kort tid sidan. Her er intervjuet: http://www1.nrk.no/nett-tv/ol/spill/verdi/68858

B-prøva skal gjerast offentlig laurdag, då vil vi trulig vite om Noreg mistar bronsemedaljen. Det internasjonale ryttarforbundet tok både urin og blodprøver av Camiro.
Toppidrettssjef Jarle Aambø tykkjer sjølvsagt det er trist og leitt med denne saka. Olympiatoppen jobbar aktivt mot doping. Han kjenner særs lite til doping i hestesporten. Det gjev Olympiatoppen heilt nye utfordringar, seier han.

Eg trur ein nordmann kan jukse, like mykje som ein utlending. Nokon nemner ordet sabotasje. Korleis kan ei slik sabotasje gjennomførast? Tony André hadde i dag tidleg vore innom lagkameratane og orsaka. Slike skuldingar var heilt ut av det blå for Tony André. Dette er berre trist.

Publisert i OL i Beijing | 69 kommentarer

Sølv i meiningslaus idrettsgrein.

Gratulerer Kjersti Tysse Plätzer med sølv i OL, men kva slags idrett driv du eigentlig med?

Kjersti Tysse Plätzer

Les videre

Publisert i OL i Beijing | 13 kommentarer

19.32, TIDA INGEN KUNNE SLÅ

Han har gjort det igjen. Usain Bolt ist ein übermench, for ein idrettsmann! 200 meteren ga meg frysningar på ryggen. Det er berre å røske av seg parykken og hatten. Eg spurte om innside- information om Michael Phelps og fekk mange gode svar.

Usain Bolt, bilete frå Scanpix

Kva er det å seie om Usain Bolt som det norske folk ikkje allereie veit?

Publisert i OL i Beijing | 19 kommentarer

Kven innfrir?

Tre norske utøvarar/ lag skal i elden torsdag. Andreas Thorkildsen skal kaste pinne, Tysse Plätzer skal gå, Verås Larsen skal padle, handballjentene skal kline til, det same skal Tony André Hansen og to andre norske sprangryttarar i Hong Kong.

Tony André Hansen

Les videre

Publisert i OL i Beijing | 11 kommentarer

Ei stjerne tek form

Espen Graff vekslar her med Reidar Jarness i ein av mange etapper av maratonstafetten som vart arrangert her i landet i 1983. Jarness reiste til Laagendalsposten sin redaksjon på Kongsberg for å scanne biletet og sende det til oss i NRK. Takk for hjelpa, det vil bli brukt mot han i ei årrekke.

Espen var ifølge trenar Jarness er lovande langdistanseløpar. Talentet vart holdt ved like, heilt til gardemusikken tok knekken på den unge Kongsbergknekten.

Espen Graff og Reidar Jarness

Les videre

Publisert i OL i Beijing | 8 kommentarer

Nadal møtte TV-stjerne

Rafael Nadal sitt første OL-gull kom i skuggen av det som skjedde seinare på kvelden. På ein restaurant i Beijing sentrum fekk tennisjyplingen eit møte han seint vil gløyme. Sjølvaste OL-dronninga Ingerid Stenvold verka å vere i godt humør. Ho spøkte, lo og tok seg tid til eit bilete saman med den unge spanjolen. Deretter skiltes dei to, Nadal glinsa i augene, tydelig prega av stjerne-møtet.

Rafael Nadal og Ingerid Stenvold

Publisert i OL i Beijing | 39 kommentarer

Drit i svenskane.

Er norske medier for Sverige- vennlige? Fokuserar vi for mykje på Kallur, Klüft, Holm og svenskekongen? Eg roper eit rungande ja.

Svenskekongen og frua.

Gjev de, like mykje som meg, f… i korleis dei svenske utøvarane gjer det i idrettskonkurranser? Eller føler du Sverige er ei slags surrugatmor for oss, når Noreg ikkje leverar medaljar og resultat på idrettsbana. Er Sverige ein hyggeleg nabo, som det er ok å lene seg på av og til?

Les videre

Publisert i OL i Beijing | 67 kommentarer

Meir kinesisk NRK-kvardag

Det er krevjande å vere reporter under ein slik meisterskap. Det blir ofte lange dagar med høgt tempo. Eg må likevel understreke at vi har den beste jobben i verda, iallfall topp-3. Vi er priviligerte som får jobbe med slike fantastiske idrettsmenn og kvinner, i eit eksotisk land der resultatet blir presentert for store delar av det norske folk. Legg ved nokre nye bilete frå Beijing tekne av den framifrå vaktsjefen Jan Petter Saltvedt.

Espen Graff sjekkar eigen intervjujobb

Espen Graff vurderar eigen innsats etter intervju på handballarenaen.

Les videre

Publisert i OL i Beijing | Merket med , , , , | 6 kommentarer

La oss trampe på svenskane

Dei svenske handballjentene er store i kjeften før oppgjeret mot Noreg. La oss slå tilbake. Svenskane er som fuglehundar på fjellet; ivrige, men retningssvake.

Svenske

La oss svare med å utradere dei på bana, kline dei i parketten, gjere målvakta deira redd, spele dei tilbake til steinalderen.

Eg er trygg på at Marit Breivik sin kløkt vil lose dei norske handballjentene eit steg nærare ein OL-finale. Alt anna vil vere ein botnlaus nedtur.

Orda i kursiv er skrive før oppgjeret mot Sverige. Det var stort å banke dei. Noreg blir olympiske meistrar i handball!

Publisert i OL i Beijing | Merket med , , , , | 14 kommentarer

BRONSE!

 Tony André Hansen

Tony André Hansen. For ein mann og for ein prestasjon. Vi har vunne bronse i Beijing-OL. GRATULERER!

Kristin Kloster hoppar i Hong Kong

Her er ein bileteserie av president i rytterforbundet, Kristin Kloster. Ho såg på den siste prestasjonen av Tony André Hansen. (fleire bilete inne i saka)

Les videre

Publisert i OL i Beijing | 197 kommentarer