Vegval i Budapest

Livet er som interrail. Du har faatt billett. Den gaar ut paa dato. Du har dine maal. Jernbanespora og togtidene ligg der fast. Noko kan verte forsenka. Paa foerste delen har du nok tid. Ein dag fraa og til spelar liten rolle. Saa kom Budapest. Skal vi ta den lange turen gjennom Bulgaria og Romaia til vaaren i Hellas. Eller skal vi ta snarvegen gjennom Slovenia til Italia og Middelhavet. Vi reknar dagar. Vi har reist nok med tog i Aust-Europa. Fin vintertur. Men nok er nok. Vi vel snarvegen. Den beste avgjerda? Kanskje ikkje…… Men du maa gjere val. Paa interrail. Og i livet elles. Vaaren og dagane valde snarvegen denne gongen!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Jomfru Maria inne og djevelen ute

Krakow med julepynta gater. Dei har «TV-aksjon» i Polen i dag. Inntekt til sjuke born. Eg vil ein tur til Kirka i dag. Katolsk. Maria-kirka midt i sentrum. Ute paa torget er det djevel-rock (konsert) for TV-aksjonen. Inne er det Gudsteneste, og vi maa vere stille. Djevle-rocken slaar tungt inn. Midt i kirketida denne soendagskvelden. Hm. Hm. Eg er ein vantru, men faar lyst aa be dei slaa av, saa folk faar be i fred. Tenkjer likevel at denne polske blandinga av TV-aksjon, rock og jomfru Maria er ganske ok. Likevel.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Vinter-rail i Kutno

Fjerde Interrailturen skulle gaa soer gjennom Aust-Europa. Turen Tyskland – Polen skulle gaa etter tysk presisjon. Men i det gamle DDR gjekk det makk i maskineriet. Toget for seint. Sambandet med neste tog i Potsdam rauk. Huff. Saa vart det polsk fingerspraak med hjelpsam konduktoer. Kutno. Ta lokaltog fraa Kutno, saa kjem du nesten like fort til Lodz, der Karen Helga har kunst-avtale.

Kutno stasjon. Eg skal sjekke neste tog i luka. Vakta trykte paa mobilen utan aa sjaa paa meg. Skreiv opp eit seinare klokkeslett. Den blide konduktoeren hadde visst ikkje sett det som paa polsk heiter «ikkje fredagar». Eg i tvil. Vi las polsk. Forstod lite. Nedsliten stasjon med svak odoer av urin. Slitne trebenkar.

Vi faar sjaa paa dei lokale, tenkte eg. Naar klokka naerma seg, saa gjekk vi paa perrongen. Meldingar paa polsk. Ingen merking eller skilt. Vi kunne to ting. Vi kunne smile og seie «Lodz». Det heldt i massevis. Mange gongar skal vi roeyne at dei lokale folka kan det meste, og dei er hjelpsame, sjoelv om det var mest alvorlege anlet i Kutno denne kvelden. Den einaste som hadde smilt var kondoktoeren som hadde lese feil i ruteboka.

Paa toget var det fredagsstemning. Som paa «Ti over tre-bussen» heim fraa Volda gymnas paa 70-talet. Ingen skilt paa stasjonane. Moerkt. Ungdom paa veg heim. Dame med sykkel og fjonge sko. Dame med hund. Heite omnar under seta i vinterkvelden. Fredags-optimimsme. Alle visste kvar dei skulle, og kom seg av i moerkret. Og trengde to utlendingar hjelp med aa kome seg av paa rett plass, saa fekk dei det. Ein fredagskveld der vi kom tilbake i tida. Det varme hotell-romet var som aa kome heim! Interrail. Vinter-rail!

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

Dyyyyyyyrt!

Reisekasse er eit stikkord. Vil dagsrasjonane halde? Vi lever godt i metropolen Berlin. Euroen er sterk og krona svak, heiter det. Det er daa eg forstaar det som eg har forstaatt saa mange gongar foer, naar eg har teke turen utanlands. For kvar paa denne jorde er vi steinrike og alt er dyrt? Jau, det er i Norge! Stakkars utlendingar som skal vitje oss i steinroeysa!

Publisert i Ukategorisert | 2 kommentarer

Muren

Paa Interrail i 1975 var Vest-Tyskland i praksis ikkje paa kartet. Sörover. Fort. Var det daa. No er det fire netter i Berlin. Förste formiddag i ny by. Spring ut i kulden. Paa maafaa. Gaar meg paa ein rest av muren. Minnesmerke om den kalde krigen eg vaks opp med. 20 aar sidan muren datt. 20? Ja, 20!

Det var ikkje berre ein mur. det var to murar med dödssone mellom. Alle har si frontlinje. Eg hugsar to fraa barndomen daa «krigen» betydde KRIGEN! Vaks opp med tysk leir paa nabogarden. Har skote mange tyskarar der. Med vaapen av tre. Uskuldig? Den andre frontlina gjekk i Skorpe-sundet. Pappa fortalde om det paa kvar einaste sauesanking. Daa saag vi Skorpesundet der Englandsfarten kunne sende smaabaatar inn i skodde og snoekave. Tyskaraane torde ikkje foelge etter. Eg likte den soga kvart aar. No staar eg ved 20 aar gamle restar av ein mur….

«Du forlet no Vest-Berlin» staar det paa eit skilt. Saa veit eg det. Elles ville eg ikkje merka det. Berlin er prega av krigen. Nybygg overalt. Men likevel. Holocost-minne. Krigssoner. Oppgjer med nazi.

Eg kom til Berlin paa grunn av kulturen. No. Men mötte mange krigsminne. Krig. Kald krig. Barndoms krigsminne. Mitt i fleisen förste dagen. Det burde ikkje overraske nokon. Minst meg sjölv.

I gaar fekk eg sms fraa Mads Gilbert – Tromsö-doktor i GAZA. Gamal Kjenning. GAZA. Ein annan krig?

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

"Prinsesse Aoda"

I «jorda rundt på 80 dager» fekk eg i barndomen ein draum om «jorda rundt». No er eg på veg, ….. og dreg refleksjonar. Samanlikning! Filias Fogg hadde «åtti dagar». Eg har bevilga meg «hundre og åtti». 26 veker. Frå 2. januar til 2. juli. Filias hadde tenar. Ikkje eg. Men eg har nettbank og VÍSA, blogg og e-post. Filias fann ei prinsesse i India som han redda frå bålet, og tok med heim til London. Eg dreg ut med mi «prinsesse» og vonar at kjärleiken held!!! Heile turen og vel so det…..

Filias sette heile formuen sin i pant i eit veddemål om å greie «jorda rundt på åtti dagar». Eg har berre lånt pengar i banken og sagt at eg reiser, men innrömer at det vert flaut å kome att etter ei veke, og seie at vi gjorde vendereise i Sverige. Men det viktigaste er å tore. Å pröve.

Ein annan skilnad på meg og Filias, er at mi «prinsesse» heiter Karen Helga og ho har eigen blogg: www.karenhelga.typepad.com
Det hadde neppe den prinsesse Aoda!

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

Å reise

Reisefeber. Stress. Kryssing på lister. Busstasjonen. Sig ned i setet. To personar og fem kolli. To tunge og to lette + kamerabag. Ingenting meir skal med. Mobilen får gi dei siste meldingar. Skuldrane senkar seg. Jölster går av moten. Kolonne på Hemsedal. Tog frå Oslo S i rörsle. Ås – der eg var i fire studerande ungdomsår – står att i morgonskodda. Moss luktar Moss. Noko er med det same. Ein konteiner ber påskrifta «Bilbao»! Kanskje?

Å reise i 26 veker med kjärast og «fire sekkar». Å reise er noko i seg sjölv. Å reise er å möte andre. Å reise er nok likevel mest å möte seg sjölv. Refleksjon. Dette halvåret startar med den fjerde interrailturen min. Den förste turen som uröynd 19-åring. Hjeeeeeeelp. Overfylt tog til Stockholm. Göteborg derimot. Fiksing og avgjerd. Som når eg var 19. Må snu meg no. Eit halvt år utan inntekter. Skal berre bruke. Leve. Oppleve.

Jules Vernes skreiv «Filias Fogg» inn i «Jorda rundt på 80 dagar». «Passparto» – tenaren – har ikkje meldt seg. «Prinsesse Aoda» derimot. Kornsjö står det på skjermen. Sverige! Like yr som ein 19-åring?

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Kjippen – Julebukk på Florø-måten

Nyttårsfeiringa i Flora er unik. Det går eit ”rufse” opptog gjennom gatene ved årsskiftet. Med plakatar og heile installasjonar så store som hus. Eit demonstrasjonstog med røter attende til sildetida. Sveinane i tønnemakar-faget demonstrerte. Med tida har det vorte mindre klassekamp, og desto meir Florø-patriotisme.

Halv tolv på nyttårskvelden. Lite folk i gatene. Kjippen må vere ein bløff. Tjue på tolv høyrer vi trommer. Nokre slår på oljefat. Samling!!!!!! Det kryr fram av dei som har laga innslag. Ingen formell arrangør. Ingen søknad til politiet. Politiet ser på. Tek det med ro. Slik er det i Florø Nyttårsaftan.

På slaget tolv set dette merkelege toget seg i rørsle. Tre-fire saker står i sentrum i år. Mest om gåve-madrassane i ambulansane. ”Sjukehuset har dei tatt, madrassane var alt vi hadde att” og rim der ”madrass” rima på ”Jævla Førde-rass”. Madrass-gåva vart Florø-symbol. Ein smør på med nazi-symbol og tortur.

Det andre emnet som prega toget, var kampen om Florø-sjela og riving av gamle hus, mellom anna den nedlagde Kakebua. Utbyggar vert skildra som pesten som hengde Kakebu-mannen i ein galge!. Kraftige symbol.

Eg hadde nok venta meir spit med ”hemmelege” bystyremøte, men ”Jakob Nødset tente, fylkesmannen skjente, stakkars Bente” syner at ordførar Bente Frøyen har støtte i Kippen.

Elles fekk polakkar som legg seg etter dei lokale jentene, det glatte lag. Uttrykka er direkte og i drygaste laget i vanlege samanhenger. Men her er det kodane i Kjippen som gjeld. År om anna har Kippen vore prega av lågpanna sex-humor, men dette var stort sett fråverande i år.

Etter toget vart alle plakatar og installasjonar brende på bål. Alt sagt og alt gløymt er truleg tanken bak slike rituale.

Kva er Kjippen? Eit røft og usminka folkeleg julebukk-tog i gamal bytradisjon i Florø. Folk kjem seg ut på gata og helsar kvarandre Godt Nyttår. Det er viktig å pleie by-patriotismen. Florø er byen i fylket. Det dreg ein aldri i tvil etter å ha sett Kippen. Dette er bykultur i fjordfylket. Det må likevel seiast at det er det er den fundamentalistiske og einspora Florø-væringen som pregar Kjippen. Kjippen er ikkje plassen for nyansering.

Nokre kallar det karneval, men karnevalet har vel noko meir varme og glede i seg. Kippen ser ut til å ha eit litt mørkare fandenvolsk julebukk-preg. Kippen har også eit drag av uredigert revy.

Altså; ein stooooooooooor del Florø-patriotisme, ein eldgamal del tønnemakar-tradisjon, ein lokal porsjon norsk julebukk-tradisjon, ein del lokalrevy og bittelitt karneval. Denne blandinga er Kjippen i Florø. Og på same måte som ”stafett er stafett”, så vil ”Kjippen vere Kjippen” så lenge Florø by har bruk for kraftig lokalpatriotisme!

PS:
Eg takkar med dette for eitt år som kulturmeldar på radio og blogg. Eg skal eit halvt år ut i verda, og den som vil følgje meg der, kan lese denne bloggen. Bussen går!

Publisert i Ukategorisert | 3 kommentarer

Fjørarevyen

Fjørarevy i Sogndal kulturhus. Fjøra er ein liten fotballklubb i Sogndal sentrum. Sogndal sentrum heiter Fjøra. Her er vi på ultralokal lokalrevy. Dei deler ikkje ut program. Alle veit visst kven alle er. Utselt premiere. Stappfullt. Fjørarevyen i er i takt med sitt publikum. Å ha premiere seint i advent og elles spele i romjula er ein krevjande sport. Fjøra greier det for tiande år på rad.

Styrken med Fjøra-revyen er at den er framført av ein liten energisk skodespelargjeng på sju, og med eit glimrande revyband som støtte. Her er lokalt trøkk og publikum kjenner heltane sine. Både dei som står på scenen og dei som vert gjorde til lått; tildømes når forretningsmann Flåten ”står og hyler” som grisen til Odd Nordstoga.

Alle lokalrevyar har sin stil. Fjørarevyen 08 brukar video på det store filmlerretet mykje – kanskje i meste laget. Men ein del av dette videostoffet er laga av så proffe filmskaparar at båten ber. Vi får gjennomgåande reklame for ”Sogn Avis” og ”Fjøra fotballklubb” laga med innsikt og kjærleik, og bjørnejakta i Luster får sin eigen vri.

Lokalrevyen fungerer når den sparkar mot grannane, og i Fjørarevyen er det Årdølene og Jostedølene som må tola mest. Elles står storebror Sogndal i den lokale fotballverda lagleg til for spark.

Sjekking, kropp og kjønn er viktige tema i Fjørarevyen. Det er vanskeleg å fota seg med broka rundt anklane, og dette vert lett plump humor, der ein bergar seg i land med ekstremt overdrive typespel. Men slik er det ofte i fotballverda også; ekstremt offensivt spel utan stil hamnar ofte i ”offside”, og publikum får seg ein lått utan at det verte elegante mål av det. Lokalt kroppsfokus endar ofte i jakt på navlelo.

Eit så drivande ensemble ville tent på meir arbeid med tekstane og meir overraskingar mot slutten av nummera. Men du verda; publikum fekk det dei kom for, og kvifor skal ein då endre stilen? Scenen er enkel og kostyme står i stil med dei ”overdrivne” typane.

Revyen vert spelt på gnistrane sognamål og musikkvalet er framifrå. ”Driven” og entusiasmen i framføringa gjer at einaktaren på ein time og tre kvarter går fort. På tampen; min honnør til det lokale og trufaste revypublikumet i Fjøra; på høgde med det dei har i Stryn og Florø, og det seier ikkje lite.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Tunnel-kultur i Fatla

Rituale er kultur. Kultur kan vere prega av rituale. Eg har vore med muslimane på fredagsbøn, og eg har vore på konfirmasjonsgudsteneste. Ei vegopning kjem i same klasse. Det står om liv eller død, og sermonimeistrarne losar oss igjennom rituala. I Fatlaberget tok tunellopninga fem timar ute og inne.

Då vegen i Fatla mellom Sogndal og Leikanger opna for over 70 år sidan, så var det jobb for fylkesmann og ordførarar. Born og unge først, heiter det no. Born og unge har vorte stadig viktigare ved veg-opningar. Fatla-opninga forsterkar denne trenden med tunnelmars. Sjølv om dei to ordførarane gjekk fremst, og enkelte grå musikantar var å sjå, så var det 250 skuleborn og skulemusikk som fyrst aula ut av tunellen. Ungdomsapellen var vel på høgde med det som kom frå dei med skinande lenkjer om halsen.

Fjerdeklassingane på Leikanger hadde dempa ned stall og krybbe denne adventen. Dei hadde laga Fatlatunellen i isopor, og eit veggteppe (vegteppe-aplikasjon) av Fatlaelvi. Om Josef og Maria skulle til Betlehem, så er kanskje ras-trygg veg til Sogndal vel så aktuelt denne adventen. Kulturprogramet vart i lengste laget medan vi venta på Liv Signe, men song og musikk frå flinke ungdommar varma oss i lag med graut og kaffi.

Så kom Liv Signe vakkert dalande ned i skjul – utan forstyrrande sjåfør denne gongen – direkte i helikopter frå statsråd på slottet. Liv Signe dryssa om seg med milde gåver i to bomfrie veker. Slik gjorde ho opp for at ho hadde skulka julelunsjen hjå kongen for å skjere flaggsnora i Fatla. Ho treivst betre i Fatla og på vegmiddag enn på kongelunsj, sa ho, og eg trur ho. Ho kom til sine eigne, og dei tok i mot ho.

Fatlaveg-opninga for over 70 år sidan var prega av menn. No har vi både kvinneleg statsråd og prosjektleiar – Susanne Svardal. Susanne var tydeleg merka av presset frå media og andre forståsegpåarar i samband med den store startsalva som demde opp Fatla-elvi og fekk debatten til å gå høgt om tunellen er lang nok. Ho siterte Ola Tveiten si legendariske vegslusk-vise; viss du ikkje tykkjer vegen er bra, ”så til helvete kan du dra, sudelida sudeldei”. Svardal la ei inderlegheit i denne replikken, som ingen andre kom i nærheita av på dei fem timane.

Kulturhendinga omkring Fatla-opninga hadde både alvor og spøk. Det store alvoret vart minna med eit minutt stille til minne om den unge jenta som omkom i rasulukka her i fjor. Dødsulukka vart grundig markert ved tunnelopninga. Dette høyrer naturleg med, men kanskje vart det likevel litt i meste laget. Vil vi leve på Vestlandet, så vil vi alltid måtte leve under rasfare. Sjølv om vi no heldigvis er kvitt ein svært utsett rasveg.

Spøken stod mannskoret for med eit nummer frå Palmerevyen om ”Fatla-båten” som gjekk nesten tom jamsides med open veg i Falta godkjend av vegvesenet. Nesten tom båt trass i 800 underskrifter. Båten gjekk frå kai, medan aksjonsleiar Kai Lillehomb vinka frå den raske personbilen sin. ”Vi gjekk frå kai, men Kai kom ei” song mannskoret, og både minister, vegdirektorat og Kai Lillehomb sjølv måtte dra på smilebandet.

Sjølve skjeringa av snora stod Liv Signe for, og som skikken er, fekk ho kniven på kjøpet. Men kven skal halde i snora? Før i tida var det orden på dette, med berre ein mann i kvar ende. Men no hiv dei seg fram – vegvesen-karar, fylkesmann og alle med blanke kjede. Det er folksamt – mest på ein taudragar-konkurransen på 17. mai før i tida. Men hjå snorhaldarar og taudragarar i Fatla rår julefreden – som om ein har vore samde om alt nesten heile tida.

Det var som om alle var der, men i skuggen av Fatlaberget stod ein som ikkje vart funnen viktig nok til å halde i opningssnora. Det var aksjonsleiaren for Fatlatunel sidan tidleg på 90-talet – Kai Lillehomb. Kai og aksjonistane vart under heile opningssermonien lovprisa av politikarar så vel som vegbyråkratar. Men Kai fekk røyna at – eitt er å få gode ord, noko anna er det å verte funnen verdig til å halde i opningssnora!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar