Bygdegut i Roma

Det heng alltid noko ved oss fraa bygda. Vi slit litt med aa tilpasse oss byen. I dag i Roma. Full fart ned rulletrappa til metroen. Togdoerene slaar att i det vi naar perrongen. For sein! Faen! Det ligg i blodet. Bommar du paa baaten, bussen eller ferja, saa er det timesvis eller i verste fall dagesvis til neste. Paa bygda. Eg sukkar, men ikkje verre enn at eg lyfter hovudet. Det lyser: To min til neste …… Eg visste det, men likevel…. Refleksen seier at det er lenge til neste buss. Bygderekleksen. Men at neste tog kan kome om to minutt? I Roma saa! Eg ventar paa ein maate som gjer at alle skal sjaa at eg veit det berre er sekundar……… Tvilar paa om eg lukkast med det, men eg kjem meg elegant paa neste tog. So da!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Byvandrar i brun frakk

I Pompei har byvandraren brun frakk. Er over 70 og har guida i over 50 aar. Med kjaerleik til byen og historia. For meg er Pompei det foerste verkelege hoegdepunktet paa turen. Vi leiger eigen byvandrar. Berre oss tre. To lange og kjekke timar. Om byen som vart hermetisert av vulkanen Vesuv i aar 79 etter Betlehem. Om hus til rike menn og slavane deira. Horehus og bakeri. Mjoelkebar, vinkjellar og bad. Byportar og amfiteater. Kort sagt.

Av dei over 20 000 innbyggarane strauk nesten alle med. Kven redda seg? Dei fattigaste vert deg sagt. Dei rike hadde for mykje aa reise i fraa. Kanskje byvandraren lyg litt. Ein god guide skal lyge passeleg. Vaar mann i brun frakk er ein god guide. Vaar i Pompei. Vi ser den utgravne byen med kunst i husa og valkampen sin propaganda paa veggane. Braatt hermetisert ein augustdag. I Pompei der grenseflata mellom gresk og romersk kultur er tydeleg.

Vi forlet Pompei ved solnedgang. Ein skoddedott heng i Vesuv. Eller er det roeyk? Kveldssola sig i Middelhavet. Draumen fraa folkeskulen er naadd. Pompei. Hermetisert historie. Hermetisert i eit drama. Hermetisert av gloedande lava. Og oske!

Publisert i Ukategorisert | 2 kommentarer

Eg trivest som turist

Kjekt aa gaa aa halde paa sekken. Med kart i neven. Lure og peike. Stikke seg ut som turist i turistfella. Dei lokale ser sikkert paa meg som dum og rik. Dei har vel rett. Dei rett truande i gamlelandet fnys av turistfeller. Eg kjenner blodet bruse paa veg til mi viktigaste turistfelle i januar. Pompei! Kafeen er open naar eg kjem, men stenger foer eg gaar. Det er ikkje sesong, men vi faar sett det vi skal. I ro og fred. Aa vere i turistfella utanom sesong er feil paa alle maatar. Men kjekt.

Elles tenkjer eg. Turistfeller er turistfeller mest fordi dei har noko ekstra aa by paa. Geiranger og Nordkapp. Pompei. Peterskirka staar paa planen i aar og. Peterskirka kan frelse ein heidning. Alle vegar foerer til Rom. Denne gongen kjem eg soerfraa.

Eit halvt aar paa tur. Er planen. Til no har eg kryssa to byar eg har vore i foer. Budapest og Venezia. I morgon er det Roma for tredje gong. Elles er alt nytt. Heile halvaaret. Same kor mykje ein reiser vil ein berre sjaa ein liten del framandt land. Daa er det godt aa ha nokre turistfeller aa gaa i!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Napoli …. hundar, soeppel og bilar

Fraa vi kjem paa stasjonen moeter dei feite og dovne hundane oss. Dei ligg paa perrongar og fortau. Tiggar aldri. Aldri i band. Ser ut til aa ha eit godt liv. Har dei eigarar som forar dei godt eller er laushundane i Napoli paa linje med dei heilage kyr i India? Veit ikkje. Gneldrebikkje er visst eit framandord her.

Soeppel. Fraa toget senkar farten ser vi firdelt kildesortering paa perrongen. Miljoe i hoegsetet i Napoli. Men nei. I skarp kontrast flyt soeplet i heile byen. Folk gir faen. Slepp alt fraa seg og rotar og styrer. Men myndigheitene koeyrer kampanje om firdelt sortering. Trur dei lokale her vil ha nok med aa laere seg ein boks. Ser slik ut.

Smaabilar i fart er ein ting. Parkering i gatene er noko langt meir interessant. Dei foerste langs kanten av gatestein vert inneparkerte av ei rekke nummer to. Ingen kjefting for det. Hm. Merkelege ting, ser eg. Proever aa sjaa systemet deira. Finn ikkje ut av det. Vel, vel. Meir aa laere. Glad eg har togbillett.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Om aa reise forbi …

Paa veg til Pompei og Vesuv. I 1975 reiste eg forbi lenger aust. Kom fraa Hellas i eit ungt reisefylgje. Eg ville til Pompei. Dei andre rett til Roma. Ein annan gong, tenkte eg. Det skulle ta 34 aar. Pa folkeskulen var eg saerleg gripen av Egyptarane, Hellenarane og soga om Pompei. Akropolis naadde eg i 1975. Paa 50 aarsdagen min landa eg i Kairo. No er eg snart i Pompei. Vonleg.

Karen Helga har vorte ein rutinert Interrailar. Det vart ikkje nok Balkan denne gongen. Ikkje Akropolis heller. Ein annan gong. Ho har alt teke til aa tyte om neste interrailen vaar. Daa vert det Hellas og soer/aust Europa. At ho etter tre veker paa skinnene snakkar om neste tur er eit godt teikn. Vonleg gaar det mindre enn 34 aar foer ho kjem seg til Apropolis. aa reise forbi …… ein annan gong ….. aa reise forbi ….. ein annan gong ….. Nokre gongar vert det. POMPEI! Akropolis?

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Sandalfoere i synkande Venezia

Vaar i Venezia. Vinterskona ]dei gamle] vart kasta paa stasjonen. Sandalane or sekken. Oiiiiii. Litt smaaregn. Italienarane tek fram stoooore paraplyar. Ja ja. Ein kan samalikne byar. Budapest og Praha. Roma og Paris. Ja paa skoddetunge dagar kan enkelte samanlikne Floroe og Foerde. Men Venezia. Ingen bilar. Berre baatar og folk til fots. Kanalar, bruer og trapper. Politi, brannvern og ambulanse med blinkande lys til baats. Kanalbaaten legg til ved hotellet. Rom mot kanalen. Er her for tredje gong. Venezia er Venezia som i 1975 og 2000. Men. Venezia sig og havet stig. Dei lagar sikre fotruter ved flo sjoe. Vi ser endringa her. No. Floa gaar inn paa fortauet i godveret no. Venezia om 20 aar……?

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Son paa UWC i Trieste-bukta

Berre 16 aar gamal fekk han brev om innkomen elev paa UWC. Eg skal til Italia, ropte han. Etter eitt aar paa Hafstad, skulle vidaregaande gjerast ferdig her. To aar. Joar er 18 no. Berre fire maanader att her. Pappa paa vitjing. Endeleg. Joar moette oss paa bussen. Han var paa slalom i gaar, og no laag han etter med innleveringar i fag eg ikkje veit namnet paa. Greit. Vis oss rundt ein time, sa eg. Vi sag rom-doera, hamna, badeplassen, utsikta fraa klippa, slottet, borga, bilen til prinsen, gatene og skulen. Bussen gjekk. Hugsar korleis det var aa faa foreldre paa besoek pa AAs. Greit, men!
UWC (slik som i Flekke) er eit liv i osteklokke for priviligert ungdom fraa heile verda. Laerer aa tilpasse seg. Han var klar til sluttspurten, og til aa forlate Italia. Han snakka framtid denne timen. Er det langt heim, spurde eg. Eg er ein av dei som har kortast veg heim, var svaret. Sjoelv synest eg at turen til Aas var lang i 1978. Mykje ulikt. Men ungdom!

Publisert i Ukategorisert | 3 kommentarer

Natt-tog paa Balkan

Europa har endra seg sidan den foerste interrailen min i 1975. Det tyske politiet paa grensa er hoeflege og vaapenlause no. Hm!. Men natt-toget vaart gjekk gjennom Kroatia. Det var ut og inn av Schengen. Her var det gamlemaaten. Pass!!!! Vi vart glade i vaare norske pass, og vi vart minna paa at Balkan er Balkan. Sjoelv om vi vart venleg mottekne i Jygoslavia daa for over 30 aar sidan. Grusom krig sidan. Kontroll!!!! Inn i Slovenia. Snoe.
Mot middelhavs-byen varta venlege italienararar opp med frukost i restauranten. Ut i byen Monfalcone tidleg morgon. Mildt vaar-regn! Natt-toget har sin sjarm. Shcengen-grensa gaar mitt i TITO-land. Dette omraadet har vore hamneby til Austerrike/Ungarn, av og til Balkan og no det «internasjonale» Italia. Eg skal vitje son min.

Publisert i Ukategorisert | 2 kommentarer

Ungarsk komedie – til aa forstaa

Musikk er internasjonalt spraak. Heiter det. Teater ogsaa. Meiner eg. Etter aa haa sett «Lakeien» paa ungarsk spraak. Forstod ikkje eitt ord, med unnatak av nokre fraser dei hadde paa tysk, der den falma realskule-tysken min var vel nok. Godt teater er ogsaa tonefall og reaksjon paa replikkane. Typespel og lyssetjing. Scenografi og speleglede. Opnar ein opp, saa er det utruleg kor mykje ein kan faa med om orda er ungarske (i slekt med finsk!). Fin stemning i flott gamal teatersal. Og ungararane kunne gi trampeklapp!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Pecs – kulturby 2010

Smaabyen Pecs i Sőr-Ungarn. Főresmak paa europeisk kulturby. Karen Helga gaar bananas i utstillingar. Vi meskar oss i konsertar. Vaaren er komen. Paaskestemning i januar. I morgon natt tek vi tatt-toget til Italia. To veker paa tur. Vi snakka i dag om at vi har funne rytmen. 24 veker att. Merkeleg kjensle. I gaar kveld paa restaurant i ein gamal kjellar. I dag lunsj paa moderne kafe. AAleine. Vi to. Saa storma det inn 7 aust-norske studentar – nett ferdige med eksamen. Ungarn javel, men mest «norske kroner» hjaa dei i dag – sjoelv utanfor turist-sesongen.

Publisert i Ukategorisert | 3 kommentarer