Dyyyyyyyrt!

Reisekasse er eit stikkord. Vil dagsrasjonane halde? Vi lever godt i metropolen Berlin. Euroen er sterk og krona svak, heiter det. Det er daa eg forstaar det som eg har forstaatt saa mange gongar foer, naar eg har teke turen utanlands. For kvar paa denne jorde er vi steinrike og alt er dyrt? Jau, det er i Norge! Stakkars utlendingar som skal vitje oss i steinroeysa!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Dyyyyyyyrt!

  1. Olav M. Hjelle sier:

    Ja du er reist på tur ja. Halvt år vekke, ny(?) kjærast til reisefylgje. Misunninga ligg vel litt og boblar under overflata. Får tenke på den smule tilfredsstillelse det trass alt er å ta vare på det nære og dei kjære her heime.Men tenk på kva kulturmeldaren går glipp av:Åpning av operahus her på Eid – og konsert med Boney M I Florø! Det var i grunnen dette siste som gav meg litt skrivekløe. Tankane går tilbake til 1977. Siste skuledag for veka på Mo fredagen.Rekneskapsoppgåvene til Lesteberg vart raskt løyste med godt samarbeid. Så var det å hoppe i Kadetten og legge i veg mot røtene på Nordfjordeid og Sørbrandal. Og kva surra i spelaren kvar gong, kvar einaste tur?? Brown girl in the ring langs Jølstravatnet
    Rivers of Babylon i Våtedalen., Slik var det den gong.
    God tur vidare , ta godt vare på kvarandre og kom vel heim!
    omh

  2. hjr sier:

    Takk Olav!
    Over 30 aar er eit heilt liv.Den blaa Kadetten var rusta. No vraka eg nett ein rusten Toyota. Det er noko med gamle rusta bilar. I gaar fekk eg roeyne gamalt togsett i Polen. Seint framme, men god seng!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *