Verdsarv og delfinar

Zanzibar er FN-verdsarv. Det forstaar eg etter tre dagar i byen (stemning, byggningar, folkeliv og ikkje minst … maten). Etter tre dagar byliv er det tre dagar strandhotell. Her liknar det meir paa «standard Syden» (salsboder, restaurantar og A4-turisme) …. det maa likevel nemnast at fersk fisk fraa den Indiske Ocean i gaar kveld var paa hoegde med fersk pale paa Sunnmoere.

Men havet her er klaart og turkis. Og i morgon tidleg skal vi paa slektsbesoek! Til slektningane til barndommens TV-helt; Flipper. I morgon skal vi symje med ……… delfinar!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Valgets "kval" er kanskje ein delfin ?????

AA reise er aa velge. Vala staar i koe: Planlagd booking eller blaatur? Luxus eller «budsjett»? Folkeliv eller turistfelle? Informantane er trulause og samvetsfulle …. om kvarandre. Enorm variasjon.

Zanzibar utan booking. Vi ramlar troeytte inn paa eit B-hotell med braakande kjoeleanlegg og sand paa golvet ……der vi startar med aa vaske …. vaske do. Etter tre netter paa B-hotell tek vi «dei tre siste» paa strandhotellet med utsikt fraa romet – til hav, strand og solnedgang. Vi unner oss det – til dobbel pris. Variasjon i standard. Ei veke paa Zanzibar. Oeya under ekvator med sol i zenit.

Men det er i bakgata i den vesle byen vi ser smaaungane jage inn hoensa til kvelds. Her er den lokale bilverkstaden hjaa naboen i sving foer vi et frukost. Her hoeyrer vi boeneropa fraa moskeen. Her gaar vi paa stranda om kvelden og ser «the locals» bade og grille. Her ser vi dei lokale fiskarane kome inn med fangst. Her finn vi hotellverten med det breiaste smilet paa to maanader, sjoelv om taket hans er reparert med bylgjeblekk. Her ser vi det venlege og smilande samspelet ellom fargerike masayar og andre fra det afrikanske fastlandet, inderar, araberar og europearar.

Slik er turistlivet. Bakgatene i byen gir mest opplevingar, men turisthotellet paa stranda har eit kjoeleanlegg som ikkje braakar.

Publisert i Ukategorisert | 2 kommentarer

Zandzibar med ferja i sanden

Et lunsj paa fjoere sjoee. Dei har koeyrt ferja inn paa sanden. Lastar og lossar. Landgangsfarty i bilane si teneste. Tverr framme. Flat baug og lyftebaug. Plankar aa koeyre om bord paa. I sanden. Bilane vert stua langt bak.

Et middag to restaurantar til sides. Paa flod. Ferja garr av land for eiga maskin. Ferjetider regulert av floda. Dette er Zanzibar. Der kulturane fra India og Arabarland moeter Afrika. Eventyroeya ved ekvator. Det Indiske hav.

Etter middag paa internettkafe. Nettet dett. Eg klagar mildt utolmodig. Moeter uforstaa-ande smil: «Men du har daa ikkje venta, mann». Slik er det paa Sanzibar. Oeya der til og med ferjetidene er regulert av maanen. Kuuuul ned. Ikkje rart at klangen i namnet gir «romantisk rykte» ….. Zanzibar….

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Ferjekaia i Dar es Salaam

Landinga var mjuk. Kontantar fekk vi ut. Visum i dollar. Taxi fekk vi lett. Til ferjekaia. Roleg by – Dar es Salaam. Zanzibar neste. Roleg by. Pustar ut. For tidleg…… To kvartal foer kaia tilbyr han oss hjelp. Taxisjaafoeren vil hjelpe oss i Texas!

Kaia er stinn av folk. Mange selskap. Alle har best billett. Ta den serioese. Seier Taxien. Vi betaler. Dyrt. Alle vil bere sekkane. Taxien jagar dei fleste bort. Alle ler. Ikkje eg. Dei med kort og bilete paa brystet maa bere om bord. Sikkerheitsvakter. Ho er bisk, men vi klarar oss. Neeiiiii. Ikkje spring fraa oss med sekkane!!!! Stopp!!! Ombord. Betalar dei dyrt. Pustar ut. Drikk juice. Ein amerikanar har faatt same behandling. Han ler godt. Det gjer det lettare for meg. Vi drikk juice. Heldigvis hadde vi med drikke.

Kjenner meg som skodespelar i eit teater. Ufrivilleg. Alle ler. Eg er skodespelar, men det var eg som maatte batale den dyraste billetten. Zanzibar er roleg og fin, men «skirselden» vil eg alltid hugse. Eg gloeymer ikkje ferjekoen i Dar es Salaam.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Pass deg i "bakromet" – Drillo!

Les at Drillos Har kome seg til Johannesburg. Ikkje til VM foerebels, men paa kamptrening i mars. Vi fann hotell naer jernbanestasjonen og det nye regjeringsbygget i Soer Afrika. Reklamen for fotball-VM heng i stort banner paa veggen paa regjeringskvartalet. Og hornmusikken spelar naar vaktene har vaktskifte om morgonen. Tidleg opp. Her er det 17. maistemning og fotballstemning – saa det held.

Drillo snakka i si tid om «bakromet», og der var vi i gaar. Bakromet bak jernbanestasjonen. Ja, vi fann det flotte kunstgalleriet vi leita etter. Kamphistorie i kunsten. Men i gatene i «bakromet» var det «ruske». Vi sette paa oss stive smil, og kom oss tilbake til hotellet. Pju…. Der var det trangt paa mange maatar!

Raad til Drillo: Slepp lite folk inn i bakromet. Slaa langpassningar, og spring for livet. Flo-pasning! I avisene skriv dei om norsk fotballblod, og Mandela kjem nok til aa sjaa kampen for aa stoette ANC foer valet. Trur eg. Saa Drillo: Send inn nokre faa. Og dei maa vere raske ……

Publisert i Ukategorisert | 2 kommentarer

Vaffeljarn i Sunnmoerskyrkja

Sunnmoeringar og tome flasker finn ein overalt, heiter det. Og Tomflaskene faar ein som kjendt ogsaa pant for. Takk til Bjarte Erdal som sende meg ein liten sving paa utvandrarjakt. I Margate.

Vi tek hus (B+B) i Margate. Kona i huset kjenner Den norske settler-kyrkja. To telefonar, og vi har kart og opningstid. Seksti familiar utvandra tidleg paa 1880-talet. Hit – til kysten av det Indiske hav. Bygde kyrkje og skule foerste aaret – i eitt bygg. Namn paa gravsteinar og minnetavle syner etternamn fraa heile Sunnmoere. Mest fra kysten soer for Aalesund.

Her heiter det Oslo Beach, Kong Haakons gate, Prins Olafs gate, Aalesundvegen og Strandavegen (her er folk fraa Dyrkorn ogsaa). Norsk nasjonalisme i gamlelandet er blanda med kampen for «eige land» i Boarkrigen. Minnesmerke for dei falne i Boarkrigen (ved hundreaarsskiftet) staar paa kyrkjegarden. Her var sunnmoeringar i kamp mot Sir W Churchill og engelskmennene – frontane var annleis 40 aar etter.

Desse utvandrarane var ikkje misjonaerar. Dei reiste for aa vere nybyggarar. Dyrke jord. Hit. I ei tid naar dei andre for til USA. Dei bygde kyrkje for seg sjoelve, og hadde ikkje kontakt med norsk misjon her nede – faar vi vite. No er den norske kyrkja her ei fri felles kyrkje i stor vekst – nyleg paabygd og med enno stoerre framtidsplanar. Eg meir enn anar Sunnmoersaanda: Stort maa det vere!

Dei har laga eit bittelite museum paa bakromet i kyrkja. Mellom gamal snikkarreiskap, sunnmoersbunad, bilete av Aalesund, «skallar» av skinn fraa Sameland (merkte som norske sko!!!) og to gamle troeorgel …… finn eg dei tre viktigaste reiskapane for sunnmoerske settlarar paa ei og same hylle: Der ligg salmeboka, patronbeltet og vaffeljarnet! Det stoerste vaffeljarnet eg nokon gong har sett.

«Kaffien er klar», ropar presten!

Publisert i Ukategorisert | 2 kommentarer

Hotell i "Homelands"

Smaa hus med sterke fargar. Folk gaar langs motorvegen. Folkevognbussar er privat-drosjer. Stinne av folk. Folkevognbussar. Born jagar dyr til felles beiteland. Homelands. Omraade for svarte under apartheid-tida. Svarte utan pass. Byane er smaa og graa – med ei hovudgate. Smalare veg her. Maa slakke ned.

Vi tek hotell og mat i neste by, tenkjer eg – troeytt og svolten. Bygrensa. Ikkje eit smil aa faa. Ikkje ein kvit person. Anlet og fingerspraak er ikkje venlege. Vi er to kvite i ein blank bil. Som slakkar ned og ser oss om. Leitar. Koeyrer igjennom. Vi er ute av byen.

Eg vil proeve hotellet likevel. Pust med magen. Vi snur. Stoppar tre meter fraa doera. Gaar resolutt inn paa hotellet. Maa gjennom laast sluse. Eg smiler. Tek meg saman. Spoer om rom. «Ei anna kjem snart» – eit daudt anlet. Ei anna kjem. Eg spoer. Ho overser meg. Eg ventar. Lenge. Kjem ei anna??? Vi er luft.

Saa ei von. Om vi vil ha rom. Ho har nok «moerna» meg nok no. Ja, eg vil. Og mat. Faar vite at restauranten er lagt ned, men det finst nok mat der ute ein stad. Ikkje meir hjelp aa faa. Dei snur seg bort. Oversett, som saa mange svarte har vorte det.

Eg gir ikkje opp. Proever eit anna hotell i ei sidegate. Stoppar ikkje. Ikkje ein kafe aa sjaa. Eg gir opp. Eg er alt paa veg til bensinstasjonen lengre framme – til bensin, cola og kioskmat.

Tenkjer. Kjende meg langt fraa velkomen. Ho fekk ikkje selt rom til oss. Vi kom ikkje tilbake. Vi fekk lite ut av dette moetet. Men vi fekk bekrefta fordommane vaare. Gjensidig. Ein skal vere toeff for aa bryte isen. Ta sjansen. Eg pingla ut. Og ho i skranken …. kva tenkjer ho?

Neste by er turistby. Ein blid mann i resepsjonen. Fleksibel paa pris og rom, paa frukosttid og avreisetidspunkt. Eg er troeytt og letta. Det er lett aa smile venleg tilbake. Ein dag gjennom Homelands enda trygt i turistbyen. Fekk roeynt mine eigne grenser i dag. Kjenner paa stemninga fraa apatheid-tida og fraa fattigdomen i dag. Kjenner paa korleis det er aa vere kvit. Aaleine. Her.

Men, tenkjer eg, den venlege resepsjonisten som gav oss rom var svart – heldigvis! Slik at dei ikkje brende seg for fast – dei i skranken paa hotellet i «Homelands».

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Luxusdyr paa loevejakt

Vi skal jakte fraa jeep. Vi et feitt paa restaurant. Vi kviler ut paa bassenget vaart ved vaar eiga luxus-hytte i villmarka. Vi har valt to doegn luxusturisme med stor L. Luxus og Loever!

Ho er ung og kvit. Koeyrer jeepen og guidar. Roeff stil. Kul og eple-kjekk. Bjoerne-rifla parat. Patronbelte med skarpe skot. Framme paa stoetfangaren sit ein mann. Svart i huda og med faa ord. Alle sjablongane er paa plass. Han sit i ein oppbygd stol. Som utkikstaarnet paa ei fangstskute. Seks rike turistar bak. Fraa Europa.

Radioen knitrar. Melding om loever! Det gaar fort langs stoevete smaavegar. Han i taarnet lyfter handa. Ho stoggar. I terrenget paa laag-gear. Fire loeveungar i graset. Dei vaksne loevene jaktar, fortel ho. Eg likar ikkje at vi er saa naer ungane, medan loeveparet jaktar i elvedalen nedanfor. Men det er sikkert «han svarte» som er «paa-sett» til loevemat – troeystar eg meg. Hyssss! Dei lyttar. Ho kommanderer han inn i setet. Sitrande venting. Ingenting skjer. Vi trekk oss tilbake. Loeveungane faar leike for seg sjoelv …. Vi hoeyrer loevebroel, men faar melding over radio om at sebraen vart for rask, og jakta er over for i dag.

Neste morgon i graalyset sit vi i jeepen att. Paa slump koeyrer vi rett inn i loeveflokken like i vegkanten. Dei er sloeve og mette. Dei har kontrollen. Foreldra er der ogsa i dag. Lite kamp og leik i dag. Berre sloeving. Guiden er oppgitt: Loever – dei berre kviler og jaktar.

Nett so oss turistane paa foto-safari, tenkjer eg, …. vi luxus-dyra …

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

Golf, vin og ville dyr

Koeyrer «Garden Rute» langs kysten av Soer-Afrika. Turistveg – som over Gaularfjellet. Gaularfjellet har naturen. Her i GR er det proppa med aktivitetar. Til du vassar langt over stoevlane.

Golf paa groene flater staar i kontrast til toert beiteland for sau og storfe. Graset er groenast paa den sida av gjerdet som har stoerst kjoepekraft og best vatningsanlegg.

Vinrankane fortel ogsaa om kvar ressursane ligg. Her kan du smake og lepje i deg vin til du ikkje lengre treff golfballen.

Leigebilen min trillar forbi baade golf og vin, og inn i eit reservat for ville dyr. Eg vil sjaa paa Egner sine «dyr i Afrika» og det er ingen «Kardemomme by». Spist er spist. Reservata her er grunnlagde paa gamalt beiteland, og det er groenast innanfor gjerdet. Luksusturar har kjoepekraft!

Eg meskar meg mellom elefantflokkar i ope lende, og sjalu loever som kjempar om kjoenn og kjoet. Men loeva utfordrar ikkje eit einsleg nasehorn med kalv. Eit sinna nasehorn betyr dauden for den som angrip. So daa er det ikkje hjelp i aa vere «konge». For loeva heller.

Heime ved bassengkanten undrast eg paa kva som er det raraste dyret i Afrika. Finn ikkje heilt svaret paa det, men eg veit kva for art som krev mest matjord og oeyder mest areal. Det er vi turistane som lepjar vin, slaar golf og jaktar ville dyr med kamera fraa jeep: HOMO LUXUS-TURISTUS SAPIENS!

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

"Mat paa bordet" i Township

Han var PAC-leiar. Andy. No guide med eige firma. Paa vitjing i Township. Politisk fridom er halva, seier han, den oekonomiske fridomen er langt borte for mange farga og svarte i Township. Stemmerett gir ikkje «mat paa bordet».

Han syner oss Township sin foerste og andre klasse. Paa foerste klasse bur inderear og farga blandingsrasar. Her er husa i mur, og dei har draumar om aa bygge paa – i hoegda. Folk har jobb, og naboskapen fungerer som sosialt nettverk. Smil aa sjaa. Mange smil. Haap!

Paa laagaste trinnet er dei svarte i Township. Bur i skur. Aatte personar paa to smaa rom, fortel ei kvinne, og syner oss inn. Ingen arbeid. Guiden har med eitt broed….. Vi kan stille speorsmaal. Ta bilete. Vanskeleg.

Her er reint vatn til alle. Straum til alle som kan betale. Krim og narkotika. Vonloeyse! Desse faar aldri del i den statlege bustadbygginga. Daa maa ein arbeidgivar garantere for laanet.

Lyspunkt finn ein alltid. Paret som driv barnehage for dei foreldrelause! Streng disiplin og mykje omsorg. Vi maa laere dei kodane for aa kunne gaa paa skule, seier sjefen, elles er dei sjanselause! – Dei fattigaste av dei fattige, seier Andy!

Etter ein tur paa over tre timar er vi tome i hovudet og svoltne i magen. Restaurant i «Sjoe-gata». Mat paa bordet – til oss. I eit skur i det svartaste Township, har aatte personar eit broed aa dele paa i kveld. «Mat paa bordet» sa den tidlegare PAC-aktivisten – med eige firma.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar