Saue-garden – Sheepbox

Agronomen er paa tur i sauefjoesen. Skulle ein tru. Det heiter «Sheepbox», men er ein internett-kafe. Internett-kafe i Japan er noko for seg sjoelv. Du faar eit rom paa 2 x 2 m – med halvtannanmeter hoege veggar. Med super maskin og …. sofa! Open 24 timar i doegnet. Her kan du spele og sove. Og gaa paa internett. Doegnpris uner 300 kr. Billeg kriseovernatting. Japansk ryddigheit. Alt som finst der ute …… Karen Helga redigerer bilete til kunstforedrag. Eg drikk kaffi, kviler middag og les «lokaltabloiden» i fjordafylket paa nett!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Fisketorget i Tokyo

Tidleg morgon. Like etter klokka seks. Paa veg til fisketorget. Den store auksjonen foeregaar midt paa natta. Paa Japansk. Alle henvendelsar paa japansk. Her har vestlandske lakseseljarar ei utfordring. Eg er paa plass naar «storfuglane» har delt. No er det vidaresal til restaurantar og butikkar. Og til deg om du vil kjoepe litt i stort. Reint, effektivt og i hoegt tempo. Truckane susar mellom borda. Kvassare marginar her. Ikkje den samme hoeflegheita som i gatene. Vooops! Blikk som faar deg til aa skvette tilsides. Fisk i alle fasongar og sjoedyr av alle slag skiftar eigar. Fersk fisk skal paa marknaden. Nuh! Or vegen! Her har pengane forkoeyrsrett! Fisketorget i Bergen vert aldri det same. For meg.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Bygdebyen Foerde sett fraa park i Tokyo

Eg gaar i ein liten park i Tokyo. Ser alle skyskraparane rundt. Eg er eigentleg ikkje i parken. Skyskraparane overstyrer. Tenkjer paa Himmelbrua i Foerde sentrum. Bittelitt bygdeby. Fjella og naturen rundt. Er eigentleg ikkje i byen. Fjella overstyrer. Der!

Ein bygdegut treng likevel litt park rundt seg ….. i Foerde. Japanaren paa nabobenken har sikkert rikeleg med park rundt seg her paa den vesle groene flekken «vaar» i Tokyo. Kanskje er han like trygg med skyskraparane rundt seg, som eg er ved aa sjaa Viefjellet fraa Himmelbrua? Byfolk og groene flekkar er rare greier! I Foerde og i Tokyo!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Kryssvandring og kroppskontroll i lyskryss

Ja, eg ser baade keiserpalass og tempel. Men det kjekkaste er aa sjaa japanarane i kvardagen. I fri dressur. Eit lyskryss med enorme dimensjonar. To boulevardar moetest. Biltrafikken faar raude lys, og fotgjengarane «rular» heile krysset. Ikkje berre paa tvers av dei fire breie gatene. Men her er ogsa kryssande diagonale gangfelt i krysset. Korleis skal dette gaa? Diagonalane kryssar kvarandre midt ute i krysset.

Eg vert staa-ande og maape. Japsane smyg seg i stort tempo mellom kvarandre. Dei «flettar» utan aa noele. Utan knuffing og sinte ord. Stille. Eg kjem i hug ei soge fraa lyskrysset i Foerde. Ein japanar staar og videofilmar lyskrysset vaart – der lysa skiftar fire gongar utan at det er ein bil aa sjaa. Slikt hadde han ikkje sett i Japan! No er det min tur til aa maape. For eit tempo. For ein kroppskontroll og balanse. Ikkje rart at dette landet fostrar skoeytesprinterar og skihopparar!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Velsigna bil!

Soendag morgon paa blaatur i byen. Eit tempel for dei som held seg til naturtrua oppblanda med ein dash Budda. Eit bryllaup. Vi naermar oss tempelporten, og kik diskret. Eg vert merksam paa ein bil med full famile i finstas. Skal dei i bryllaup? Nei, dei ventar paa PRESTEN ute. Mamma, pappa og to smaa. Presten kjem i full mundur. Opp med bildoerer og panseret til motoren. Presten velsignar den nye «bilgullet» med «roeykelse og myrra». Honda.

Saa har eg endeleg faatt sjaa det. Ein kultur og ein religion som tek bilen paa alvor. Vaart heilage transportmiddel paa liv og doed. I Norge er det berre «laagkulturelle» AM-cargubbar og andre veteranvognklubbar som tek det ukrenkelege ved gamle bilar paa alvor. Og saa russen daa, men russebilane sin rituelle sjarm.

Men her er det offisiell religion. Velsigna bil. Heilag ny bil. Eg har teke til orde for at bilbyen Foerde boer faa eit einestaa-ande bilmonument. Men kulturfiffen er nok for «radikal» og bilbransjen for gjerrig. I Foerde.

Men kanskje det vert ei raad no naar det blussar opp ny strid om moske og katolske kapell. Kva tid krev vi bilistane vaar rett til kulturell ytring? Kva tid ser vi dei foerste underskriftslistene? Naar er tida inne for aa krevje offisiell bildaap av ein prest med kappe og krage? Kanskje japsebilane kan gaa foere? Hoeyrer de paa Toyota?

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Med munnbind til matbordet

Var ein tur paa den stooore turistinformen i Tokyo. Rett inn fraa gata i eitt av regjeringsbygga. Faar info. Vert svolten, og spoer om naeraste restaurant. »Vi har kafe og kantine i 32 hoegda. Velkomen!!!» Ho bukka djupt. Eg kjem opp i ei byraakratverd eit par hakk over fylkeskommunen og statens «Oddvar Royal Hall» paa Leikanger. Ein imponerande koekultur, der ein kan velje mellom 273 rettar. Du stiller deg i koe og betalar med japansk presisjon. Alt glir stille. Stille.

Eg rekk aa maape i 7 sekund, saa er der ei bukkande blid. Like god som meg i engelsk, og med teiknspraak paa mitt nivaa. Ho geleider. Eg peikar. Ho er borte……. Men er der att naar eg treng ho. Billeg mat og dyr cola. Ho slepper meg ikkje. Heilt til bordet fyl ho meg. Eg et og ser Tokyo panaorma fraa 32. hoegda. Paa kjoepet.

Eg ser korleis dei et i det stille. Snakkar laagt. Tek omsyn. Maa nok det her, naar dei er saa mange. Mykje folk, men ikkje trengsel. Imponerande. Ein del gaar paa gater og paa jobb med store munnbind. Ikkje i panikk mot fugleinfluensaen, men dei deler ikkje vaarforkjoelinga si med andre. Saa hit kjem dei med maten sin paa brett og med munnbindet paa. elegant kledde – med munnbind. Knepper saman munnbindet og et utan froesing og nysing. Naar dei reiser seg er bordet like REINT som naar dei sette seg. Aa sjaa japanarar paa naert hald i kvardagen er interessant. Saa godt organiserte at fylkesbyraakratane paa Systrond – og i Foerde for den del – boer ta ein studietur. Eg stiller paa som kjendtmann ……… i 32 hoegd!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Nok ein vaar …. i Japan

Etter 10 veker i Europa og Afrika har vi landa i Tokyo. Kultursjokk. Ikkje fordi vi moeter vaaren igjen. Den vi sist moette i Venezia. Nei, djupare enn som so. Orden, rikt og ryddig.

Her staar dei i togkoe to og to lydig paa rekke utan at nokon organiserer. Her skal ingen ha tips, og ikkje skal vi prute. Pris er pris. Vi kan gaa paa gata utan aa verte antasta av alle som skal selgje oss alt vi ikkje treng. Og ingen tiggar. Vi les om fattigdom og krise ogsaa her, og lurer litt paa kvifor ingen tiggar???? Vert dei renska bort, eller ligg tigging langt forbi alle «aereskodar»?

Skilnaden til Aust Afrika er enorm. Japansk undergrunntransport opp mot taxikaos i Nairobi. Alt er annaleis. Her i Tokyo glir sjoelv biltrafikken forbi i japansk ro.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

…….kanskje ein dag i Bankok?

Tidleg morgon i Nairobi. Skal sjekke inn for Tokya, og ha ei natt i Kina paa vegen. Smilet hennar vert litt stivare. Du har booka paa eit fly som vart teke av planen for ein maanad sidan … Du har ikkje faatt beskjed????? Flyselskapet sin feil. Smilet paa plass att. Ho hiv seg paa tastane. Kva med aa kutte ei natt i Kina, og i staden faa ein dag i Bankok? Nesten ikkje forsinka til Japan!

Ho smiler. Eg nikkar. Ho arrangerer daghotell paa fem stjerner. Vi badar i luksus. Alt inkludert ….nesten. Nei, ikkje alt. Dei norske misjonaerane har sett sine spor i Afrika. Alt som er synd skal koste dyrt. Baade so og so. Saa no loggar eg av nettet, og svevar inn paa til gratis luxuslunsj. Eg les paa papiret mitt at her er alt gratis med tre unnatak: brennevin, sigarar og ……. INTERNETT!

Publisert i Ukategorisert | 3 kommentarer

Vaskedamer paa kvinnedagen

Det er 8. mars paa foeremiddag. Kvinnedagen. Vi slumrar paa senga etter frukost. Dar es Salaam. Bankar paa doera. Opnar. «Om dei kan vaske?» Blidt smil. To veninner pa jobb. Nei, seier vi. «Gi oss reine handkle. Ta fri resten. Vi reiser i morgon tidleg». Eit djupt skuffa anlet. Smilet er borte. Ho pratar om alt mogeleg, og strekker seg litt «uhoefleg» for aa sjaa kva vi har paa bord, og i sekkar og skap.

Saa forstaar eg det vi saa ofte gloeymer. Vi er underhaldning. Vi trur at vi ser paa dei, men naturlegvis er det dei som har mest moro av oss. Og no kjem dei seg ikkje inn paa romet for aa sjaa paa alt det rare. Paa dette hotellet er det ikkje vestlege turistar kvar dag……

Det er lett aa gloeyme at saa seint som paa 60-talet var det folkeforlystelse og billeg moro aa reise til Geiranger for aa sjaa paa amerikanske turistar. «Millionoeser med blaatt haar» lo folk, «i sko det ikkje er raad aa gaa i». No er det eg som har blaatt haar!

Kvinnedagen. Eg ville gi dei litt fri, men i staden tok eg gleda fraa dei!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Gleda med aa fise!

Ein blogg om utfordringar ….. og mat. Og promp! Vi er paa veg til Japan. Der skal vi takle tidsskilnad og overhoeflege japanesarar. Paa interralen i Europa maatte vi takle nedfrosne togstasjonar i aust og lommetjuvar i soer. I Soer Afrika var det svarte skuggar fraa apatheid og kriminalstatistikk. I Tanzania har magen og maten vore ein ekstra dagsorden.

«Et ikkje utanfor 5-stjerners hotell» hyler reiseboekene. «Dypp frukostbroedet i heit kaffi» og «roer aldri ein salat under open himmel», seier andre.

Eg et framifraa mat paa gode restaurantar i Zanzibar-byen. Billeg og framifraa godt. Smaken fraa det indiske hav paa kysten av Afrika. (Europearar har bidrege mest med fort og kanonar her nede). Eg et den klart beste maten paa turen – avstemt krydra og elegant servert.

Men eg er vestlending, og veit at alt godt skal det betalast for. Alt godt er syndig. Eg skryt over den gode maten, men med veatlandsk skepsis tenkjer eg mitt. Eg har frykt for at den gode maten ogsaa kan bere med seg «utblaasande og vaate soervestlege vindar»!

Men matgleda vinn!. Eg vaknar kvar morgon. Kjenner etter og slepp den foerste litt forsiktige morgonfisen. Hurra! Dagen kan byrje. For kva er den stoerste gleda paa den romantiske stranda i Zandzibar? Jau, det er aa vakne og kjenne lukka ved aa fise. Lukka ved aa fise ….. fise toert!!!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar