Vi skal jakte fraa jeep. Vi et feitt paa restaurant. Vi kviler ut paa bassenget vaart ved vaar eiga luxus-hytte i villmarka. Vi har valt to doegn luxusturisme med stor L. Luxus og Loever!
Ho er ung og kvit. Koeyrer jeepen og guidar. Roeff stil. Kul og eple-kjekk. Bjoerne-rifla parat. Patronbelte med skarpe skot. Framme paa stoetfangaren sit ein mann. Svart i huda og med faa ord. Alle sjablongane er paa plass. Han sit i ein oppbygd stol. Som utkikstaarnet paa ei fangstskute. Seks rike turistar bak. Fraa Europa.
Radioen knitrar. Melding om loever! Det gaar fort langs stoevete smaavegar. Han i taarnet lyfter handa. Ho stoggar. I terrenget paa laag-gear. Fire loeveungar i graset. Dei vaksne loevene jaktar, fortel ho. Eg likar ikkje at vi er saa naer ungane, medan loeveparet jaktar i elvedalen nedanfor. Men det er sikkert «han svarte» som er «paa-sett» til loevemat – troeystar eg meg. Hyssss! Dei lyttar. Ho kommanderer han inn i setet. Sitrande venting. Ingenting skjer. Vi trekk oss tilbake. Loeveungane faar leike for seg sjoelv …. Vi hoeyrer loevebroel, men faar melding over radio om at sebraen vart for rask, og jakta er over for i dag.
Neste morgon i graalyset sit vi i jeepen att. Paa slump koeyrer vi rett inn i loeveflokken like i vegkanten. Dei er sloeve og mette. Dei har kontrollen. Foreldra er der ogsa i dag. Lite kamp og leik i dag. Berre sloeving. Guiden er oppgitt: Loever – dei berre kviler og jaktar.
Nett so oss turistane paa foto-safari, tenkjer eg, …. vi luxus-dyra …
Tilbaketråkk: Luxusdyr paa loevejakt | Isteri Puas 18SX Only