Operasjon SISKIN – topp krim

Rune Timberlid slepper krim på Samlaget. Drivande spenning frå start til mål. I krimromanen er plottet det viktigaste. Her vev Timberlid rutinert saman to historier som mot slutten smeltar saman til ei. Det er ei historie som tek utgangspunkt i drama i Sogn mot slutten av 2. verdskrig. Heimefront, sabotasje, tortur under forhøyr, angjevarar og svik. Boktittelen SISKIN er opphavleg namnet på ei heimefrontgruppe.

Den andre historia i notid føregår i handelskampen i Førde sentrum, men her er også forgreiningar til Florø, Sogndal og Høyanger. Elles handlar det om pengar, makt og pokerspel til ulike tider.

Timberlid drep to sentrale forretningsmenn inne på handelshusa sine i Førde i den travlaste julehandelen. Mennene og familiane deira er vevde saman med overraskande trådar, men boka er skriven så klart at vi greier å henge med i moglege og umoglege motiv. Drapsforsøk med bilbombe og falske spor aukar spenninga.

Boka bølgjer mellom dei to historiene og vi får spor av samanhengar. Boka vinn på dette gode krimgrepet. Det vert spennande, og dei to handlingane driv kvarandre fram.

Politimannen Rolf Randen er den sentrale etterforskaren med innsikt og teft i både notid og fortid. Metodane hans er ”utradisjonelle”. Kanskje ikkje like truverdige alltid, men det er lettare å skrive spennande og drivande om ein som brukar etterforskningsmetodar han rimelegvis ikkje har lært på politiskulen.

Timberlid fortel godt og på godt språk. Han krydrar historiene med lokale detaljar, akkurat så nær samfunnet vårt at han må skrive at alt er oppdikta. Pirrande lokalt, utan at eg trur folk utanfrå fylket får ei dårlegare krimoppleving av den grunn. Beskriving av daglegliv som ein naturleg del av boka gjer ho kjekk å lese.

Eit par små minus i margen kan nemnast. Mot slutten av boka tek forfattaren nokre unødvendige ”kvileskjer”. Han vert litt omstendeleg med å forklare ting litt unødvendig, før det heile løftar seg mot ein drivande slutt. I denne sekvensen like før slutt finn forfattaren det naudsynt å forklare og beskrive seksuelle relasjonar mellom uventa partnerar litt i hytt og pine. Det kan virke som han har tvila litt på om krimmen hans er potent nok utan sex-spenning. Men alle skal ha sitt for å verte tilfredstilt, og sånn er det vel med oss krimlesarane også.

Oppsummert: Operasjon SISIKIN. Glimrande krim frå Timberlid!

Publisert i Ukategorisert | 4 kommentarer

Fritjov den mjuke?

Fritjovspelet på Vangsnes. Fiend og elskar av Rolf Losnegård. Nok eit sogespel ute i det fri på sommarstid i fylket vårt. Går inn i rekka som eit av dei jamne.

Først må det seiast. Kultursatsing i full breidde frå alt som kan krype og gå av kor, musikklag og ungdomslag i Vik, Balestrand og Leikanger. Stor felles dugnad og enorm innsats av flinke folk ber fram nye kulturhendingar. Bravo!

Så til spelet som teater. Rolf Losnegård har heldigvis fridd seg frå mange av dei gamle Fritjov den frøkne-mytane om den sterke vikingen. Han fortel oss på sett og vis eit nytt eventyr tufta berre på ein del av dei gamle mytane.

Fritjovspelet er eit musikkspel, og musikken til Magne Rutle let det klinge i messing. Musikken kler stykket godt, og kor og solistar kjem godt frå det.

Scenerommet er avgrensa av to små tårn med ein vegg imellom. Veggen er dels kledd med teppe, dels er det kvardagslege forskalingsflakar. Har dette ei eventyrleg meining, så må eg berre beklage, scenografien nådde ikkje fram til meg, for å seie det slik. Kostyma likte eg langt betre. Kostyme og sminke er i flotte fargar. Ikkje ”historisk korrekte”, men eventyrlege, og det gir fine masse-scener der mange er med. Massescenene fungerer fint. Her ligg nok mykje god jobbing med koreograf og instruktør i botnen. Instruktør Agnete Håland har gjort ein god jobb med den store staben.

Så til sjølve historia. Eller dramaet. Fritjov (Endre Hellestveit) og Ingebjørg (Agnes Kittelsen) er barndomskjærestar, og leikar sorglaust. Dei vert brått vaksne når fedrane deira døyr, og det syner seg at brørne til Ingebjørg har lova ho bort til den gamle Kong Ring – leikent spela av Frode Rasmussen. Anders Dale spelar Sog – eit alveliknande uvesen som også har forteljarfunksjon i stykket. Sjølv om Sog er godt spela så vert han kanskje for dominerande i stykket. Stykket fungerer best når hovudpersonane i trekantdramaet Ingebjørg, Fritjof og Kong Ring spelar godt skodespel ”på direkten” – slik som i sluttscena.

Eg synest dramatikken er ujamn. Undervegs vert det for mykje repeterande transportetappar. Men så tek det seg kraftig opp på slutten. Kong Ring har kjøp si brur, men han vil også ha hennar kjærleik. Ingebjørg er sterk. Ho innordnar seg og føyar han, men let han forstå at hennar verkelege kjærleik aldri vil bli hans. Ho demonstrerer trassig at ho berre pratar han etter kjeften. Då er det spenning og drama.

I sluttscena skjer det uventa at både Kong Ring og Fritjof den frøkne resignerer. Den gamle kongen gir seg utan kamp, og Fritjof vert ein 70-tals mjuk mann, før Ingebjørg byr han giftarmål. Kor truverdig dette er, kan andre dømme om. Men som teater, så synest eg det svinga på slutten. Eg går på teater mellom anna for å verte overraska. Det greidde sogningane og Rolf Losnegård denne gongen. Fritjof den frøkne som mjuk mann. Det må kallast fornying av sogespel!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Nedtur – ikkje berre "østrogenbombe" for menn!

Karin Vatne frå Sogndal gir ut boka «Nedtur» på Penna Forlag. Om kvinneliv midt i livet.

Ho advarar rett nok i føreordet:
”Det er eit sant privilegium å få gje ut all sytinga si i bokform”.

Her kjem det i ein frøs: Husarbeid og rydding i si monotone form for omsorg, fattig åleinemor, IKEA-møblar og kleskjøp på sal på Fretex, trøtt i trynet, skilsmisse-konfirmasjon utan lykkepille, TV-ekteskap og samlivsbrot, kravet om å ete seg sunn og frisk, trøytt småbornstid, ein far som alltid tykte han visste best, bilkrasj, om mann i huset og brurekjolen som må seljast – ubrukt ….. same året som det vart abort, redsla for sosialkontoret og einsemd i vår SMS-tid. Om vanskelege val i livet utan djerve nok draumar og faste nok planar.

Definitivt ”Nedtur”. Det er attkjenning i bøtter og spann – men er det god litteratur? Forfattaren evnar å gi av seg sjølv. Ho er personleg utan å verte privat. Dette er ein vanskeleg balanse som denne debuttanten meistrar. Det er truverdig og ho skriv allment, men det vert for flatt. Nedturen vert i jamnaste laget. Det vert lett å førutseie neste avsnitt. Det går litt for mykje i same dur, og ein del av spenninga forsvinn.

Men her er også lyspunkt:
Siste dag i barnehagen med ”skuleguten” er døme på det. Det er ”Eit farvel til det trygge” og samstundes ei spenning i spørsmålet ”Kva no?”. Her er attkjenning, men også spenning.
Likeeins synest eg avsnitta om ”brurekjolen som ikkje vart brukt” …… sommaren før det vart abort ut på hausten …… har spenninga mellom draum og sorg i seg. Her svingar det.

Elles er symptomatisk nok to gravferder av lyspunkta i boka. Lyspunkt fordi dei dreg fram gode minne i sorga. Det vert ikkje flatt – men spennande: Gravferdene er:
* Nedsetjing av urna etter den store bylgja i Asia – med positiv skildring av den omkomne. Lyse minne over djup sorg.
* Og gravferda til ei gamal enkje som hadde hatt tid – tid å fortelje – tid til å bake og servere – tid til andre menneske.

Forfattaren er debuttant. Skriv godt. Godt språk. Byr på seg sjølv. Eg trur denne boka vil gli lett i julehandelen – kjøpt av kvinner og gitt til begge kjønn. Mange likar det som glir lett på attkjenning. Eg synest litteraturen er best der det er meir spenning og motstand i stoffet. Eg gler meg til meir spenning neste gong!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Losnaspelet – på det jamne men med strålande lyspunkt

Konfliktane i stykket til Rolf Losnegård er mange. Her står riddar-far mot son i val av kone. Kjerringemna er den lokale møy mot ei importert adelsdame med fisfine vanar. Sonen vil nok helst ha den friske lokale utgåva, men tek til vitet og følgjer farens råd og tek rikdomen og adelsdama utan særleg motstand.
Den streke Torgunna er den lokale kystkvinna – sterk og viljesterk. Ho er kanskje halvsyster til riddarfaren, og vil spleise den lokale møy med sonen hans – utan å lukkast. Ho vil at ein ungriddar skal bygge opp att borgja på Losna. Som ytterlegare konflikt-krydder står utsendingar frå folket i ytre deler av Solund opp mot den viljesterke Torgunna. Mor hennar går rundt som ei kryssing av Svartedauden og ei forsmådd kvinne med evner til ganning. Ei ganning som korkje bit på riddar eller adelsjomfrua.
Jau – her er kjærleik og makt nok til eit drama, men det held berre noko på veg. Historia framstår å vere litt i tynnaste laget. Ein vert tilsynelatande meir oppteken av å fortelje meir eller mindre dokumentert historie i staden for å la konfliktane og dramaet spele seg ut i full tyngde. Drama mellom folk i kjøt og blod.
Men stykket har også humor og godt spel. Her er barnedans, og spretten slossdans med sverd og ølbolle, her er kvinnekamp i fysisk forstand og humorisktisk typespel mellom den fisfine adelsjomfrua og tenarskapet hennar.
Når fire proffe skodespelarar med sjølvaste Helge Jordal i spiss ropar ”Til Losna” så ventar vi at den friskaske spruten skjer mellom desse fire: Far og son og dei to ungmøyane sin kamp om sonen – det unge riddar-emnet. Helge Jordal er flink, men han vert ståande så altfor lenge som ei saltstøtte før han kjem inn i spelet. Nesten som ein statist. Og sonen gir han ikkje motstand nok til at dramaet får spele seg ut. Det vert sjeldan teater av blind lydnad. Jordal får meir motstand hjå den sterke Torgunna (Kjellfrid Bøtun) – som påstår å vere halvsyster hans, og då spelar Jordal seg opp. Ungmøyane legg meir sjel i spelet frå start, og særleg kjem jomfru Gudrun av fin slekt – spela av Jeanette Kjær – godt frå det.
Men på ein merkeleg måte så er dette dagen der proffane kjem litt i skuggen av dei gladaste amatørane. Eg vil dra fram Oddvar Stave som spela ein storkjefta bygdekar utan overspel, og sjølvaste heksa spela av Ingrid Haveland. Eg trudde på ho der ho skrytte på seg elskhov med far til Riddaren, og der ho synte den unge slekta magiske rituale som ville gi dei lukke! Det var i desse sekvensane eg lukta mest teater på Losna denne gongen.
Oppspelet til slutten er god. Den forsmådde lokale møya ser at ho er sviken av riddarsonen, og brukt av mor si og den streke Torgunna i eit maktspel. Her dirrar det litt drama. Men denne spenninga vert avløyst av at ein annan riddar forbarmar seg over den forsmådde, og etter at vi berre så vidt har ana at han fall i stavar når han såg henne første gongen. Det endar i ufarleg eventyrleg tredagarsbryllaup og applaus. Vel fortent for arrangørar og dugnadsfolk. Det er imponerande at eit slikt spel let seg lyfte fram på ein slik speleplass ”så langt frå folk”. Krafta i kystfolket greidde det nok ein gong!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Haraball!

Haraball på ferjo med Bjørn Vinskvett-Jensen og Tor Endresen til rors er lettbeint Vinskvett-humor para med Johannes Kleppevik sine kyst-tekstar om kystlivet, sjøfolk og fiskarar, kjærleik til heimbygd og damer. Og draumar. Full båt i Eivindvik, men byfolket i Florø og Førde gav så lite respons at show-båten valde å setje kursen mot Strile-landet fortare enn tenkt. Ei helg metta med arrangement er lagt bak oss. ”The Winners take it all”! Florø og Breim vann show-publikumet denne gongen!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Dialog og fargespel!

Førdefestivalen var tropisk og dirrande. Førdefestivalen står på tre bein. Alle like naudsynte om denne folkelege festivalmaskinen skal halde fram. Det første beinet er ”mega-formatet” i Førdehuset sin idrettshall. Det andre beinet er dei mindre arenaene med intim stemning. Det tredje er utviklingsprosjekta og kursa med Talent 08 og Fargespel i spissen.

Det store formatet i idrettshallen frå opningskonsert til galla. Her stuvar ein inn folk og køyrer lysshow. Her syner ein at folkemusikk ikkje skal vere gammalmodig – men moderne. Her stramar Søstrene ”stringen”, og det er det næraste du kjem Sarons Dal i Sunnfjord. For oss som ikkje diggar mega-formatet, er det likevel viktig å seie: Dette er ei naudsynt pengemaskin for festivalen. Utan Idrettshallen ingen festival. Førde-festivalen hadde trengt ei betre konsertretta storstove. Og nokre av idrettshallkonsertane kunne med fordel har vore korta litt ned på, særleg dei med lite variasjon. Det breie publikumet må få det nedskore og variert!

Men det er i dei små lokala sjela til Førdefestivalen veks. Der er vi tett på. På Himmelbrua eller på Åmot Gard. På bakrommet på Dolly (ja nettopp der!) og i vesle Restaurant Hugleik på Hotellet! Viss ikkje ein held fast på denne intimmassasjen – så slaknar festival-potensen! Diggarane må få nære opplevingar!

Så til utviklingsprosjekta, og i år med festival-tema ”dialog” er vinnaren ”Fargespel”: Born og ungdom med innvandrarbakgrunn og tradisjonell norsk bakgrunn side om side. Ole Hamre utvikla dette i Bergen, og no flytta han prosjektet til Førde og Førdefestivalen i samarbeid med Førde kulturskule, og den svenske eldsjela der – Johan Bengtson.

Ole Hamre samlar personar frå ulike kulturar. Han spør kva den enkelte kan. Kva den enkelte vil gi til felleskapet. Og på dette grunnlaget lagar han framsyning. Det er søndag kyrketid i Kinosalen i Førdehuset. Ikkje heilt full sal, men likevel fullt trøkk. Ei ekstrem-oppleving. Her byttar melodiar og rytmar i eit tempo som føreset ”fri” i tanke. Her kjem norske bunader og utanlandske drakter, tungemål og hudfargar i eit fargespel som bryt det tilvande, men som likevel ligg trygt i regien til trommissen Ole Hamre. Dei spelar opp halling og hattefok, og ein mørkhuda kar tek sats for den luftigaste satsen som har vore synt på ei scene i Sunnfjord. Deretter vare tonar – hand i hand – spenning mellom framandt og kjendt. Før folkemusikken bryt over i ”rapping”. Ekte glede, fart og sprut. Men viktigast: Ein Ole Hamre som tårer å syne den enkelte respekt og spør: Kva har du å gi til oss? Sterkt!
Og flott av festivalen. Her burde det vore peise fullt, gode festival-publikum, sølv om det er søndag føremiddag. Det vi har att av snevert bunadspoliti burde fått fribillett på blå resept, og der var ein ledig stol til motstykket deira – bunadsbrennar Anne Viken – som garantert ville få noko å skrive heim om!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Kvernstein-guiding av åttande klasse!

Vitja Kvernsteinparken jonsokdag! Opningsdagen for guiding. Ingen kø. Hyllestad er ingen turistfelle. Men dei har ein attraksjon i særklasse. Kvernsteinbrot frå 700-talet til 1930-åra. Frå før vikingtid til i vår mellomkrigstid. Kornet skulle malast til brød og graut. Det stod om livet. Kvernstein frå Åfjorden eksportert like til Austersjøen.
Kvernsteinparken og guidane formidlar på folkeleg vis soga om steinar til handkverner og vassverner, steinar frå 30 cm til 1,4 meter. Om den særmerkte steinen med harde granatar og mjuk glimmerskifer. Den unike kvaliteten som held seg ru i lang tid og samstundes er slitesterk. Om jekter lasta med stein. Om jekter som sokk. Omvisning i brotet. Om steinar som er hogde ut, men ikkje løyste. Du slepp å tvile.
Storfint ministerbesøk frå Island glir forbi. Dei skal sjå på dei ”nye” steinkrossane som vart funne no i vår. Ikkje ope for publikum. Eg henger meg på som uoffisiell ”diplomat for NRK”. Steinkrossane er ”feilvare”. Derfor vart dei liggande att. Som dokumentasjon for oss. Og Museet i Bergen. Og folket i Hyllestad.
Krossar frå kvernsteinparken. Solid symbolikk. Stein til kross og møller. Stein til himmel og jord! Det har levd folk før oss. Kornet kalla somme for ”Gudslånet”!
Utgangspunktet for guidinga i Kvernsteinparken er unik. Kvernsteinar til landet i 1200 år. Merka i naturen gjer det lett å guide. Verkeleg noko å syne fram. Omvisninga i kvernsteinbrotet skil seg kanskje ikkje ut frå anna guiding. Rolege vestlendingar av ”lokal rase” fortel. Om dei er gamle ordførarar eller tek doktorgrad si i parken. Du kan få det på tysk og engelsk og. Dei er klare for sesongen.
Så til det som greip meg mest. Åttande-klassingen Jørgen Skivenesvåg er nyutdanna steinhoggar. Åttandeklassingane får praktisk og teoretisk særundervisning i Kvernsteinparken. Her gjer Hyllestad kommune og Hyllestad Skule eit glupt trekk. Dei skulerer ungdomen, og sender dei i første rekke. Jørgen er snart klar for niande! Han er trygg i forklaringane sine. Han gir meg passar og hakke. Eg får prøve sjølv! Lett for nokre minutt. Men heile dagen?
Eg skal til å gå. Jørgen har litt meir å fortelje. Han repeterer løysingsprosessen av kvernstein. Om tolmodige slag på rett plass. Om spenninga med at steinen ikkje må breste. Om korleis vande øyre høyrer at no ….. NO! ….. no slepper den snart. Jørgen formidlar ikkje berre den ”tørre” kunnskapen. I tillegg gir han meg spenninga og gleda! Læremeistrane Astrid Waage og Torbjørn Løland får ha meg tilgitt: Ingen slår ein ivrig åttandeklassing i formidling!

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

Kinnaspelet – dugnaden, manus og futen

Kinnaspelet er krevjande å melde. Den store kulturdugnaden og geografien kan sperre for den oppgåva det er å melde sjølve teaterstykket. Alt heng saman med alt. Men til sjølve teatret først.
Val av scene og dermed scenografi – langt på veg – er avgjerande. Men ikkje åleine. Det slår meg at manus til Rolf Losnegård held seg etter nesten 25 år. Folket sin kamp mot makta og store spenningar mellom folk. Her er det kyrkjefolket sin kamp mot danskefuten, og presten sin kamp med seg sjølv når han kjem mellom ”sambuaren” og dottera. Evige tema vevd i hop på ein dramatisk måte. Manus og drama står, og gjer at folk kjem att for å verte rivne med og rørt.
Det undrar meg likevel at ingen tek grep og gjer orda meir moderne. Skodespelarane er dømde til å henge i ein gamalmodig teaternynorsk ein no til dags berre finn på det GNORSKE teatret nær Karl Johan. Og på Kinn. Slepp språket og skodespelarane fri, slik at vi kan tru på figurane.
Språket er ein av grunnane til at vi alltid trur på danskefuten. Han snakkar ledig dansk og kan vere både sleip, lun og sta. Eit merkverdig samantreff at det er den danske futen som gjer det språkleg best i nynorsk-land.
I år toppar Per Egil Aske i futerolla skodespelarprestasjonane med god margin. Der dei andre vert litt statiske med store rørsler og jamt trøkk, der torer futen å spele variert sjølv i det store amfiet på Kinn, eit amfi som ein skulle tru treng litt stooooore rørsler. Futen var meisterleg i språkføring, variasjon og gestikulering. Glimrande!
Dugnaden må nemnast for seg. Så mykje folk kvart år sidan 1985. Imponerande!!! Ein skal ha jobba mykje dugnad og jobba mykje teater før ein anar kva prestasjon dette er. Eg er audmjuk nok til å bruke ordet ”ane” – eg seier ikkje ”forstå”. Nye dugnadskrefter ser ut til å verte rivne med, og dermed nye publikumarar. For med så mykje lokale aktørar som strevar og pratar om det dei er med på, så er det lettare å dra det lokale publikum, som trass alt utgjer hovudtyngda.
Når Flora-presten har snakka publikum på plass, så tek han plass som tenor i koret. Når den unge prestinna er vel ordinert av bispen i Kinna-kyrkja, så tek ho plass mellom bygdefolket på Kinnaspelet. Slik må det vere!
Kinnaspelet har også si relgiøse publikums-sekt, der det er viktigare å kome til Kinn enn til Himmelen. Dette er plassen for ”å sjå og å verte sett”. Her treffest kjensfolk. Her speidar ein etter kjensfolk. Men også nye publikumarar har funne vegen. Og er nøgde.
Oppsummert: Kinnaspelet har scenografi og tekst. Då vil det halde fram så lenge den store dugnadsinnsatsen på og bak scenen dreg nok folk ut i havet ei helg i året. Slikt er mogleg berre i Florø her i fylket. Kvart år sidan 1985. Eller kanskje dei kunne greidd noko liknande i Årdal? Kanskje dei er patriotiske nok? Gratulerer Florø!!!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Strynerevy – trøkk og fart

Strynerevyen med eitt blad Myklebust og to blad Tvinnereim i spiss showa frekt, og eit plastbegersvingande publikum fekk det dei venta. Og det lokale publikumet tok godt imot. Sterke på song og typespel. Særs gode skodespelar-presasjonar og flott revy-band og glimrande lyd. Litt stand-up-prega med vekt på gynegolog-humor, horer og slutt-poeng som «skal vi pule?». Noko litt pinleg, javel. Men også breidde. Terra-skandalen, Nokas-ranet, Helse Førde og det korte sommarski-trekket på Strynefjellet fekk sitt.

Godt tempo, og ensemblet var «ferdig innøvde» til premiere. Enkelte nummer var likevel i lengste laget. Elles var regien tett og fin (Arild Bøe). Her skulle publikum takast med frå start!

Enkle kostymar på black-box-scene. Stryningane får til det dei prøver på. Dei har det lokale publikum i ryggen. Stoffet er generelt nok til at turistane også vil få det kjekt. Intensiteten i framsyninga og dei lettfattelege poenga gjer at showet går – sjølv om pils-bretta svingar i takt med musikken i teltet! Og etterpå dansa den innleigde trønderen på borda og leia allsongen på velkjende pop-svisker! «All you need is love»!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Alvoret gir den beste leiken

Naustdalstafetten – appell !!!!! I mai heldt eg denne appellen:

Appell på stafett-start! Til dykk som har spenninga i kroppen! Til dykk som skal sjå på – heie, skryte og trøyste!

Min appell har to ord: Stafett og leik!

Stafett er stafett heiter det, og kva anna kan det vere. Du spring for laget. Men stafetten er den lagidretten der individet synst så godt! Ein fotballspelar kan skulde på pasningar som er bak mål. Ein volleyballspelar på lurvete opplegg. Ja, til og med ein handballkeeper er prisgitt at forsvaret tek av for den verste støyten.

Stafett er også lagidrett, men du er åleine og synleg på di etappe. Det er vanskeleg å snakke seg i frå. Heldigvis!!! For det er dette som gir alle stafettar sitt særpreg.

Skulder ved skulder for laget. Men på din etappe er det: Skulder mot skulder!!! Derfor veit alle kvar dei var når Oddvar Brå braut staven!!!

Så til det andre ordet: Leik! Det er for mykje alvor i idretten no, seier somme. Vi treng meir moro! Eg er djupt og inderleg usamd! Alt skal vere så uforpliktande og morosamt heile tida. For nokre! Vi skal ikkje streve. Vi skal kunne le bort våre tap!! Idealet for nokre er å vere like bli om du taper!!!

Eg trur det er motsett: Du skal ha lov å verte skikkeleg skuffa om du taper! Og gle deg viss du vinn. Først når vi får alvor inn i leiken vert det skikkeleg leik! Tek du leiken på alvor, tek du hobbyen din på alvor, tek du idretten din på alvor – Då vert det leik. Den beste leiken – den beste leiken er når du spring for livet!

La meg forklare med eit døme: Nokre kler seg ut for å spele fotball – som om det er karneval utan fotballreglar. Dei kallar det uhøgtidlege leik. For meg er dette korkje fotball eller skikkeleg leik. Det er som å spele ludo med ein som ikkje gidd fylgje reglane og som ikkje gidd kjempe om å få seks. Kjedeleg!

Stafett derimot. No gjeld det deg på di etappe og for ditt lag. Den beste leiken har alvoret over seg. Kort sagt : Stafett! Lukke til!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar