"Kulturauge" på Sogndal

“Kulturauge” på Sogndal 01.12.2009. Vi lagar i haust ein serie der vi ser på kulturlivet i seks kommunar i fylket. Vi sender programmet på tysdagar i føremiddagssendinga. Klikk på sogndalskulturen for å køyre programmet vi sende 01. desember om Sogndal kommune.

Klikk på sogndalsnutt for å høyre eit redigert utdrag.

Rull nedover bloggen min for å finne “Kulturauge” på Hornindal 17. november, Flora 10. november og Selje kommune 3. november.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Bokbadet i den lokale dammen

Vi hadde bokprogram på føremiddaggssendinga måndag 23. november. Vil du høyre sendinga, så klikk på bokbadet. Lokale bøker vert drøfta med lokale forlag.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

"Kulturauge" på Hornindal

Vi lagar i haust ein serie der vi ser på kulturlivet i seks kommunar i fylket. Vi sender programmet på tysdagar i føremiddagssendinga. Klikk på hornindalkultur for å køyre programmet vi sende 17. november om Hornindal kommune.

Klikk på hornindalsnutt for å høyre det redigerte utdraget i ettermiddagsssendinga.

Rull nedover bloggen min for å finne «Kulturauge» på Flora 10. november og Selje kommune 3. november.

Publisert i Ukategorisert | 2 kommentarer

Bildebøker om Nordfjord og Flora frå Selja forlag

Eit bilete seier meir enn tusen ord, heiter det. ”Panorama Nordfjord” og ”Ein dag i Flora” er to særs ulike ”biletbøker” frå Selje forlag.

Denne kulturbloggen er grunnlag for radioprat måndag 16 november. Vil du høyre radiokuttet så kan du klikke på bøker med vekt på bilde.

Nordfjordboka fotograferer seg steg for steg frå Stadlandet inn fjorden til Stryn og ut att på sørsida til Bremanger. Kommune for kommune. Her skal alle finne sitt. Kvalitetsbilete med djupne av Thomas Blickhart. Vakre bilete som kveikjer lokalpatriotismen. Mest natur. Litt folk og dyr. Kulturminne og folkeliv. Mest kvardagar, men også mykje fest. Godt å kunne nyte skuter frå ”Tall Ships” utan revisjonsmerknader.

Øystein Rakkenes har skrive korte og velformulerte tekstar til bileta. Over 200 sider med Nordfjord-romantikk. Ei kjærleiksbok har ofte det vesle lyte at ein kjem for nær den ein elskar. Panorama Nordfjord lid litt under dette. Det vert så vakkert at vi ikkje lit heilt på det. Det er mange bøker i denne klassen. Denne er vakker og vil nå heim der ho høyrer heime, men elles ”stikk ho seg ikkje ut”. Vakker, men likevel på det jamne ….. om det går an å seie det slik.

”Ein dag i Flora” 09.06.09 er ikkje så vakker. Bilettekstane er ikkje alltid så elegante. Men likevel; denne boka har meir sjel. Her har 86 fotografar fått 260 foto på trykk mellom mjuke permar. Bileta fyl eit døgn i juli i Flora i alle 24 timane. Biletkvaliteten er varierande, men akk så ekte og ujålete; Pøbbliv og natt på hamna, fjøsstell og gutta på verftet, barnehage og pause på lærarromet på vidaregåande, hurtigrute og flyavgang, kystmuse og helleristingar, byorginalar og plakatveggar, stolte skuter og mykje meir.

Ein orginal ide. Ei fin gjennomføring frå Selja i samarbeid med Firdaposten. Eg trur ikkje Flora har vesentleg meir sjel enn Nordfjord, men det lause og uhøgtidelege grepet gjer at Florø-boka kommuniserer betre med meg som nøytral lesar.

Dette er lokale bøker retta inn for ein lokal marknad. Der fungerer båe godt. For nøytrale lesarar/sjåarar bør dei som likar glans velje Panorama Nordfjord, men for oss som føretrekk ei litt røffare og upolert sjel – så held eg ein rufsete og kjærleg knapp på ”Ein dag i Flora”!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

"Kulturauge" på Flora

Vi lagar i haust ein serie der vi ser på kulturlivet i seks kommunar i fylket. Vi sender programmet på tysdagar i føremiddagssendinga. Klikk på florakultur for å køyre programmet vi sende 10. november om Flora kommune.

Klikk på florakortversjon for å høyre det redigerte utdraget i ettermiddagsssendinga.

Rull nedover bloggen min for å finne «Kulturauge» på Selje kommune 3. november.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Megger i vinden med typespel i toppklasse

Meggerevyen i Dale gjorde si klart beste framsyning i helga. Eg var på premiere med stinn brakke. Fire spreke damer gir oss ei framsyning på ein og trekvarttime i ein strekk. Her er sprut, flyt, tempo og speleglede …. og eit framifrå band og drivande godt melodivalg.

(Denne kulturbloggen er grunnlag for ein radioprat måndag 9. nov. Høyr innslaget ved å klikke på meggene.)

Det sterkaste på meggerevyen er det utstuderte og sprelske typespelet. Typer frå lokalmiljøet og generelle typer. La meg nemne ”to høgdare”; Dei tre ekskluderte senterpartistane som ved ein feil fekk tilsendt innbetalingskort for partikontingent gjorde eit kosteleg nummer. Kvinner som spelar staute og sjølvtrygge karar på ein måte der du berre må gi deg over.

Eit anna nummer spelt av ei megge med underbuksa rundt anklane var glimrande. Nummeret heiter ”Fløytelåt” og det var spelt av ei dame …..trestemt! So kan de telje og tenkje. Eg har tidlegare kritisert meggene for å ha tendens til det plumpe. Om ”Fløytelåt” seier eg kort og godt; Raffinert underbuksehumor.

Meggene torer også å vere alvorlege; dei serverte ein sterk song om to sentrale menn i bygda som gjekk bort sist år; Magne Bjergene og Kåre Solheim. Vakkert. Skal ein vere kritisk for revyen samla, så kunne eg ynskt meg enno meir variasjon i revyuttrykket, men det er utruleg vanskeleg å få til når alt kviler på berre fire megger. Du kan til dømes ikkje få massenummer!

Scenografien er enkel og skifta glir. Meggene brukar ikkje ekstern instruktør. Eg trur dei hadde tent på det, for nokre av nummera (inkludert startvideoen) kunne med fordel vore korta litt ned. Ti minutt borte ville gjort den kjempegode revyen enno betre.

Meggene evnar å kombinere det lokale med det generelle. Ein lokalrevy som er kjekk å sjå for fleire enn dei som bur i Fjaler. Og her kjem det sterke typespelet inn for fullt. Sjølv dei nummera som er ultralokale eller der teksten ikkje alltid er heilt i toppklasse, så kompenserer det glitrande typespelet for dette.

Meggene skriv alt og spelar sjølve. Imponerande kraftinnsats. Og dei får raust betalt av bygdefolket. Eg vert overraska om ikkje dette går for fulle hus – også neste helg. Meggene er i godt inngrep med sitt trufaste og entusiastiske publikum.

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

Kulturauge på Selje kommune

Vi lagar i haust ein serie der vi ser på kulturlivet i seks kommunar i fylket. Vi sender programmet på tysdagar i føremiddagssendinga. Klikk på Selje for å køyre programmet vi sende 3. november om Selje kommune.

Klikke her på seljekortversjon og du får eit redigert utdrag som gjekk i ettermiddagssendinga same dag.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Levd liv – Noregssoga med sognasleng

Denne kulturbloggen gav grunnlag for radioprat onsdag 4. november. Du kan høyre dette levdliv kuttet her.

Ei bok om sogningane og museet deira – dei Heibergske samlingar på Kaupanger. Forfattarane tek eit framifrå forteljargrep. Dei fortel den generelle soga frå steinalderen og heilt fram til husa i ferdighuskatalogane i vår samtid. Den fortel om folket i kvardag og fest.

Vi får fortalt den generelle Noregshistoria med aktuelle lokale døme og bilete frå museet. Såleis får vi kontinuiteten i historia spekka med Sogn og sogningar. Alt frå nattefrieriet – som var vanlegare i Indre Sogn enn i Ytre Sogn og Sunnfjord – til koppevaksine og potetdyrking.

Her er soga til mann og kvinne frå barsel til daude. Her er soga til godseigarane, dei arbeidande bøndene og strandsitjarane utan eiga jord. Sogene vert illustrerte med museumsbilete av Lars Asle Vold. Museumslektor Anna Jorunn Avdem og museumsdirektør Aage Engesæter har skrive teksten fagleg solid og med god framstillingsevne på godt nynorsk. Dei brukar anekdoter og dikt for å mjuke opp forteljingsmåten.

Boka er todelt. Den fyrste delen startar med ein steinaldermann i Ytre Solund og endar med at unge sogningar dokumenterte tusenårsskiftet. Den andre delen handlar om sjølve museumsbygginga frå Gert Falch Heiberg starta opp for over 100 år sidan, og fram til i dag.

Begge forfattarane og fotografen er alle tre tilsette ved museet. Dette synest å vere både ein styrke og ein veikskap. Hovudbolken i boka – den reine sognehistoria – tener på at bokmakarane kjenner stoffet og museet til botnar.

Men denne ”innsidekjennskapen” er neppe ein fordel for del to som omhandlar den snevre museumshistoria. At forfattarane kjenner museet frå innsida, vil hefte ved dei i denne bolken. Lesaren bør stille ein annan slags spørsmål ved desse framstillingane, og den naudsynte avstanden til stoffet. Dess nærare vi kjem vår tid, dess meir relevant vert det å stille spørsmål ved om forfattarane inntek eit ”sjølvbiografisk” nærsyn. Dette er ikkje eit stort hefte ved boka, men det bør nemnast.

Boka er ei fin bok. Ei fint utforma bok slik forlaget Skald har for vane. Skald har nettopp gitt ut eit lite julesonghefte. Dette heftet skal eg ikkje melde i dag, men eg trur at boka ”Levd liv” vil oppleve julesongane om halvannan månad. Teksten, bileta og bokutforminga utgjer ein heilskap som utgjevarane kan vere stolte av.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Aura og Euro!

Flora og Førde er nedlessa med arrangement og kurs i healing, trollskap og alternative messer. Engle-prinsessa slepp fnisande til hjå Skavland med skoddeprat om aura og klar tale om engleboksal. Kor tolerant skal ein vere overfor all denne nymotens kvasireligion? I klartekst; Skal vi overlate svinefluen til healarane og englane, eller skal vi vaksinere oss? Kvifor er media ettergivande og ukritiske mikrofonstativ for desse tåkelagde «aura»-fantastane når dei samstundes syner seg å vere pokker så klartenkte når det gjeld utteljing i «euro»?

Publisert i Ukategorisert | 2 kommentarer

Spagat og filmdraum

Randi Førsund og «Hemnen» er på nytt i vinden. Filmskapar Gaup og fylkesordførar Nils R har sett kvarandre stemne. Optimisme og trampeklapp. Vi høyrer om prislapp på 120 millionar. Kroner!

Eit prosjekt der Randi Førsund har vifta med filmmanuset sitt i 10 år. Eg er delt mellom von og skepsis. Det hadde vore suverent om dette lukkast. Ein filmskapar i fylket som er tøff nok til å tru på det umulige. På hi sida; korleis kan ei som ikkje har produsert ein filmsnutt – så vidt eg veit – kunne greie å samle investorar til draumen sin.

Eitt er det å klappe i hendene. Eitt anna å få andre til å hoste opp 120 millionar norske høgrisikokroner. Eg bøyer meg i støvet – eller rettare sagt – eg går nedi spagaten!

Publisert i Ukategorisert | 2 kommentarer