Karaoke 17. mai

 

Eit siste krafttak for 17. mai på Tanken

Høyr radiopraten

Studentane samlar seg på Tanken på Meieriet. I Sogndal. Dei drikk ikkje mjølk. Dei skal tradisjonen tru synge karaoke. Ute er det kjølig vårkveld med fruktblomstring. Inne har dagen gått inn i siste fase. Bjørkelauet har visna og heng med øyrene. Karaoke er sporten der ein syng til «play back» og teksten på storskjerm. Her er to klasser. Nokre som «torer» og nokre som «syng»!

Vellvillig publikum syng med på refrenga der dei på scenen haltar. Det er ei folkeleg blanding av allsong og karaoke. «Hey Jude» er ikkje så enkel som mange synest å tru. Nokre proffe songarar dreg stemninga til himmels. Det er ein ærleg sjanger. Her er lov for alle å prøve seg.

Festen snur kvart på tolv. Då kjem «Hey Jude» i reprise. Utan at publikum er med på refrenget. God song rundt midnatt får ikkje lenger applaus. Tre «groupies» klengar på scenekanten etter dei to karane på scenen. Her ser «etterfesten» ut til å vere i gang. Dei i baren er opptekne av dei i baren. Dei rundt småborda er sjølvopptekne. Ingen syng med i refrenget. Ingen applaus.

Den 17. mai har vorte den 18. Litt før klokka fortel oss om at no er det 18., så har festen skrudd over på 18. mai-modus. Studentane pressar det siste ut av 17. mai sitronen. 17. mai som starta 17 timar tidlegare med salutt og flaggheising. No er det over. No er det 18., og det er neppe denne gjengen som fyller lesesalane i Sogndal i dag.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *