Dugnad ”klart skip”?

Vitale deler av dugnadsgjengen. Han som bøtte segl kom ikkje med på bilete

Høyr kåseriet

Eg har vore på dugnad i Florø. Eller rettare: Eg har sett på dugnad. Den Stolte Seglskuta Svanhild av Florø tromma saman til dugnad på blankaste laurdags føremiddag. To veker før pinseseglas til Shetland. Eg såg sju mann i aksjon. Sju mann er truleg nok to veker før dei heiser segl. Vestover i ope hav. Vil du høyre om dugnaden? Eg opplevde det slik:  

Frammøtet er presis, men det tek ein halvtime før nokon løftar ein finger i retning praktisk arbeid. Kommandolinene er usikre. Eg veirar at ein er skipper på skuta i sjøgang, medan ein annan er forsiktig dugnadskaptein for klargjering ved kai. Såkalla båtsmann. Skipperen på skuta fortel soger medan båtsmannen kveilar tau. Båtsmannen har sigla jorda rundt med Svanhild for ein mannsalder sidan. Han maurar på. Han veit at dette tek tid, og at ein ikkje må forhaste seg.

Tredjemann har nål og tråd. Han er den einaste i dugnadslaget som ser ut til å kunne ta i mot ein kommando. Han bøter segl. Nåla og kjeften går parallelt. Segl og soge. Den perfekte dugnadsmannen.

Ho fjerde kjem for å snakke kjenning. Men ho held i eit snøre så pass at ho får deltakarmedaljen. Men når ein snakkar om dugnad og gamle skuter, så er kjærleik og gjensynsglede uvurderleg. Ja, kanskje det viktigaste.

Han femte er drøymar. Han ristar på hovudet over for lite sol og vind, og for mange regnskurar. Han drøymer om å sigle Svanhild til Kanariøyane for båtpuss. Varme og sol der. Maiveret er ikkje brukandes her. Men dersom atte vissom atte, så skulle det vorte puss. Full nedsliping i tørke. Så tørt tre at skuta skulle drikke olje som ein svamp, drøymer han. Alle dugnadslag treng ein med visjonar. Svanhildgjengen har sin. Desse fem er om bord. Dei to siste hadde også viktige oppgåver.

Den sjette var skipper på «Atløy». Ei litt yngre veteranskute på nabokaia. Ferdig pussa og nett attkomen frå fjordaferd i Nordfjord, med klippfisk for sal – nyinnkjøpt i Måløy. At grannen er attkomen med last legg press på siglarane på Svanhild. Legg press på dei sjølv om dei prøver å le det bort på beste sjømannsvis.

Til sjuande og sist står ”Daniel Davidson” på kaia i bestekleda. Den pensjonerte sjømannen tregar på dugnadsgjengen og fortel oppattogne soger frå tida si utanriks. Han er som klipt utav Jakob Sande si vise ”Gjennom uver og storm på Biskaya kom han heim i frå Lissabon, og no går han som frikar på kaia – Daniel Davidson”. Han skrøner og smålyg til glede for seg sjølv og alle oss hine.

Det vart ikkje gjort så mykje på denne dugnaden, men den sosiale praten er alltid viktigast. Og alle var der; skipperen og båtsmannen, han som bøtte segl og han som drøymde om sydhavet…. og ho som snakka kjenning og klemde karane. Og ikkje minst grannen på hi sida av vika og storlygaren på kaia. Men la det vere sagt: Skal Svalhild verte seglklar til pinse, så trengst det eit skippertak!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *