Eg fyl kulturdebatten og kulturlivet i fylket. Som kulturmeldar. Kulturkonferansen i Eid sist veke (VAKN) inspirerte meg til å blogge om kultur på eigne bein. Kva forstår vi med kultur og korleis brukar vi omgrepet for å oppnå politiske, åndelege og økonomiske målsetjingar? Korleis speglar kulturen samfunnet elles, og korleis påverkar kulturen samfunnsutviklinga? Kva er vi påverka av 17. mai, kva kulturtrekk er viktige etter 22. juli og korleis formar kulturen oss på ein vanleg kvardag?
Kultur i teneste for likt og ulikt. Kultur gjer oss stolte eller sinte, triste eller glade. Kultur har verknad på næringsliv, sysselsetjing, busetjing og identitet. Kultur gir oss helse på kropp og sjel. Alt dette er sikkert sant i ein eller annan samanheng, men samanhengane er ofte uklåre, og vi tøyer kanskje kulturargumentet altfor ofte lenger enn den kulturelle ”skinnfelden” rekk. Det er lett å konkludere med at kultursatsing er årsak til positive verknader i hytt og pine.
Synergi og andre honnørord. Når samanhengane er uklare er det freistande å slå om seg med synergieffektar på laust grunnlag. I indremisjonen snakke dei før i verda om at det ”det var ikkje dansen i seg sjølv som var synd, men alt det som dansen førte med seg”. No til dags vert det sagt alt for sjeldan at ”kulturen er eit naudsynt gode i seg sjølv” og ikkje berre på grunn av ”alt det gode den fører med seg”. Indirekte og usikre effektar av kultur er ofte sidespor. Det er flott at kultur verkar på helse og næring, men det viktigaste er likevel å legge vekt på ”kultur i seg sjølv”.
Kultur står på eigne bein. Kultur er felles idéar, verdiar og normer i eit samfunn. Kulturen ytrar seg gjennom veremåte og haldningar, samversformer og handlingar, åndeleg arv og utvikling av tradisjonar. Kunst og kultur gir også viktige motførestillingar i samfunnsdebatten. Vi får hjelp til å stoppe opp og sanse det som er vanskeleg å sanse i ein travel kvardag. Kunst og kultur gir oss felles verdfulle symbol. Kunst og kultur testar nye sanningar.
Kultur treng ressursar for å gi kraft. Visst er det viktig med næringsaspektet. Visst er det viktig med dugnadsaspektet. Men det er dei offentlege løyvingane som må vere berebjelken i kulturlivet med dugnad og næring som støttepunkt. (Meir under biletet)
Profesjonalitet må oppvurderast. Mykje av kulturarbeidet i fylket vårt vert løfta fram på dugnad. Greitt nok, men eg meiner at vi må verte flinkare til å applaudere dei proffe kulturkreftene. Folk som har kunst- og kulturutdanning, og som får bruke heile arbeidskrafta si på kunst og kultur er avgjerande for utviklinga av kulturtilbodet. Dette gjeld både dei proffe arrangementa frå scene og galleri og den proffe kulturformidlinga. Meir profesjonalisering vil også kunne gi amatørane betre arbeidsvilkår og meir inspirasjon. Lista vert lagt høgre opp, og amatørane – amatør tyder ”den elskar med hjartet” – får meir å strekke seg etter. Dugnad har ein kulturell verdi i seg sjølv, men likevel må profesjonaliseringa styrkast.
17. mai og 22. juli er spesielle dagar. Kva historie og kva danning gjer at vi feirar 17. mai på vår måte? Kva hadde salmesong (Å ver hjå meg) og Nordahl Grieg (Kringsatt av fiender) å seie for taklinga av katastrofen 22. juli? Kva andre utfordringar hadde vi fått om massemordaren var mørkare i huda og ropte på ”ein anna Gud”? Dette er viktige kulturelle spørsmål å grunde på. Svara er ikkje lettvinte. Svara ligg neppe i kommers kultur. Nokre svar ligg i kulturdugnad. Eg trur dei fleste svara ligg i staten sin vilje til kulturell satsing. Ikkje alt viktig kan løne seg.
Kultursatsing gir danning og gagns menneske, og den er såleis ein eigen og sjølvberande struktur i samfunnet. Denne avgjerande strukturen vert viktigare når samfunnet endrar seg fort og når vi må takle uventa og brå skifte. Vi må ikkje la oss forvirre til å tru at kultur er noko som kan sortere tilfeldig under helse- eller næringsdepartementet. Kultur er for viktig til det! ”Solskinn og brød og ånd eies av alle”, skreiv Nordahl Grieg.