Frivillig kultur med bismak

              Proff kunst på nye veggar i Lærdal
Fint med kulturforskning. Telemarksforskning har kåra Gloppen til den beste norske kommunen i kultursamandraget. Gratulerer! Solund drog av garde med distansesiger på «frivilligheit» med stor vekt på korps og historielag! Gratulerer de også!

Kriterium? Eg skal ikkje grave meg ned i den grundige forskninga. Eg skal berre blogge ein fredagsblogg om frivilleg kultur. Den frivillige innsatsen er avgjerande for kulturen i Solund. Sogn og Fjordane vart nummer tre i fylkestevlinga om å vere best på «kulturfrivilligheit». Frivilligheita er avgjerande i heile kulturfylket.

Frivilligheit er eit kulturgode i seg sjølv. Men eg kjenner ein bismak. Vi kan rope: Heia dugnad! Heia dugnad! Heia dugnad! Men vi er plikta til å stille spørsmålet: Har vi eit profesjonelt underskot på kunst og kultur i fylket?

Skal vi heie litt på proffane? Dette er ikkje eit angrep på dugnadsfolket, men kanskje tida er inne til å heie på proffane. Eg har late meg inspirere av to proffe kulturopplevingar sist veke. Opera «Tryllefløyten» på Nordfjordeid og ei vitjing på det nye kunstmuséet i Lærdal. Eid lyfter fram dugnadsfolket sitt. Flott! Men det er dusinvis med innhyrte proffar som gjer at det går til himmels. Kunstmuséet i Lærdal er bygd i strid. Eit imponerande proft anlegg med store moglegheiter til å syne proff kunst. Proff kunst frå den lokale Gjesme til nasjonal og internasjonal kunst.

Amatør tyder «å elske med hjertet»! Er det ikkje vakkert? Vi er så flinke til å heie fram dugnadsfolket i kulturfylket. I dugnadsfylket. Kanskje vi skulle vere litt flinkare til å heie på proffane? Eg trur vi treng det for å sikre mangfaldet!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *