Palmesus i saften

Høyr revymeldinga på radio  –  Sjå bilete frå Palmerevyen

Palmerevyen av Leikanger mannskor har vore årvisse sidan tidleg 60-tal. Siste tre åra har Palmerevyen funne seg nye lokale i ”på Saften” – den ombygde saftfabrikken i bygda. Sceneskiftet har gitt palmerevyen eit lyft.

Koret er revystammen. Og revystemmen. I år utnytta dei den styrken mannskorsongen gir. Bånnsolid orkester, god song og i år hadde dei også lyfta dansen. Ein gjeng ”koraspirantar” drog opp med flott gutedans med driv. Roar Werner Vangsnes rocka på rekkverket på ”brua over Nordfjord”, og heile mannskoret svinga seg imponerande mjukt i eitt koreografert dansenummer. 

Palmerevyen er fylkesrevyen spekka med fylkespolitikk. Dette er styrken, men emnevalet kan verte i snevraste laget. Når Stadt Skipstunnell, krangling i Årdal, Liv Signe i fistel, setefødslar på veg til Førde, monstermaster og Helsikes motorsykkelenglar i Florø skal ha sitt – ja, då vert det kanskje ikkje så variert i emnevalet som det kunne ha blitt.

Men la meg slå fast: Palmerevyen ligg i ypperste revyklasse her i fylket. Rutinert og sikkert, og med imponerande innpakking. Grepa vert kanskje litt for ofte litt for rett fram. Vriane vert litt lite overraskande. Det kan verte litt for «refererande»….

Men så fann eg også toppnummer med glimrande grep. Revyen er på sitt beste når styreleiar i Helse Førde – Clara Øberg – ringer den avgådde Mubarak i Egypten og inviterer han til Norge og Helse Førde. Her er ein liten passasje frå Svein Røysum sin monolog ”Seigare enn Mubarak”.

Høyr når Clara har fått Mubarak i tale

Bestemannsprisen min går i år til Svein R – som ikkje har den vakraste songrøysta i Mannskoret, men som derimot er konge i monologar.

Når eg likevel skal setje fingeren på noko i ein så imponerande revy, så vil eg bruke tre fingrar:

–       Eg klokka dei inn på to timar og 25 minutt før blomstane kom på Premièren, og enkelte nummer kunne med fordel vore friserte. Tenk om dei hadde våga å kutta ein halvtime!

–       Etter ei drivande 1. akt, så fall det litt etter pause. Det er sjeldan kost.

–       Scenografien kunne vore litt meir spenstig. Dette vart mykje Black Box med skjerm.

Oppsummert: Palmerevy er fylkesrevy. Palmerevyen er den einaste revyen der fylkeskjendisgalleriet er på plass på premièren. Her er det snakk om sjå – og verte ”sett i salen” og verte ”sett på scenen”. Palmerevyen dreg fulle hus, og publikum hyllar Mannskoret. Palmerevyen er ein imponerande institusjon – som har meir å gå på!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *