«Draumeskip» hadde urpremiere på Erviksanden søndag 23. august. Det er ei eksperimenterande framsyning med skodespel, dans, musikk og med scenografen arbeidande med installasjon under framsyninga. (Denne bloggen er ei kulturmelding som legg grunnlaget for ein prat på lokalradioen måndag 24. august)
Framsyninga har religøse motiv, og tuftar seg på eit sagn om ein irsk gullbåt, som kan ta deg til «den andre sida». Stykket handlar om å gjere seg klar til overfarten.
Det visuelle og det musikalske er det sterkaste i den gripande framsyninga. Scenografen Marit Moltu bygg om scene-elementa etter som stykket går. Det som er kaos vert ordna, og ein del av scenografien endar opp med å symbolisere ein fugl klar til «den siste flukt». Scena er godt integrert i stykket. Likevel: Naturen i Ervika – med havet rett på – må få hovudæra for den imponerande scenografien med hav og brenningar, fyrlykt og naust, beitande dyr og grøne bakkar. Som speleplass overgår Erviksanden alt eg har sett i fylket. Kinn er nede på andreplass i dette selskapet.
Visuelt flotte er også rørslene og dansen i stykket. Kostyme står i form og farge fint til stykket og scena elles.
Musikken til Magnar Åm med piano, messing og song understrekar innhaldet i stykket. Åm veit å balansere musikken opp mot storhavet som bryt på. Urpremieren var på ein stille dag i Ervika. Eg lurer på korleis dette går når naturen slår på stortromma, og det skjer rett ofte også sommars tid her ute.
Teksten i stykket er varierande, og ber preg av dugnadsarbeid. Noko er flott og poetisk, men vi opplever også «langhalm». Tekstframføringa er også ujamn skodespelarmessig sett. I eit stykke der det visuelle og musikken er på så høgt nivå, så vil det vere eit løft om ein neste gong hyrer inn proffe skodespelarar på all tekstframføringa.
Ein stramare tekstregi vil også gi litt meir driv i stykket. At fleire kunstnarar med ulike fag skal skape i lag er krevjande, og det er lett å skjøne at stram tekst kan verte ofra på entusiasmen sitt alter.
Men framfor alt: Eit vågestykke av ein urpremiere. Det er herleg å sjå at nokon torer å gå nye vegar, og å eksperimentere med nye former for framsyningar. Skodespelar og initiativtakar Nina Elisabeth Bøe fortener stor ros for at ho er «gal nok» til å få vetige folk til å trur på at Erviksanden kan brukast som «teatersal»! Vel blåst på ein stille dag!
Draumeskipet til Marit Moltu har eg høyrt om i to tre år. Tekst og innlevelse i mellomrommet mellom konkret og abstrakt verd, har ho som billedkunstar lenge hatt som tema. Denne gangen hadde ho ideen om å skape eit prerformance i saman med andre kunstnarar. Når eg les det du skriv får eg inntrykk av at det er skodespelaren som har skapt stykket og at Marit Moltu er blitt ein scenograf som har laga kullisser ut frå ein annan sin idee. Her har fire ulike kunstretningar gått saman om å lage ei forestilling. Den blei vellykka og hausta gode kritikkar. I eit slikt stykke må alle utrykksformane få uttale seg for at ein skal få eit heilt uttrykk. Marit Moltu er ein multikunstnar og har lang erfaring i ulike utrykksformar, særlig innan romkunst og biledlig handling. At ho blir presentert som scenograf er missvisande, det er naturen som er senografen i Draumeskipet og Marit Moltu er ein uttrykkar. Venleg helsing Britt Harøy
Hei og takk for tilsvar. Noko eg kunne ynskt meg meir av. Som meldar forheld eg meg til det som vart presntert som munnleg førehandspresentasjon av arrangør, og det som eg såg og opplevde der og då. Slik som publikum elles. Der var ikkje tilgjengeleg noko skriftleg program for oppsettinga. Eg har finelese meldinga mi no i ettertid, og har lite å legge til eller trekke frå.