(denne bloggsnutten er ei kulturmelding, som er grunnlag for radioprat på lokalen onsdag 19. august)
Boka «På trykk» av Terje Eggum kom på Selja Forlag i vår. Eg har brukt boka som sommarlektyre. Boka er sterk på geografi, redaktørar, årstal, trykkerisoge, politisk eigarskap og utvikling av andre eigarskap. Kort sagt: ei grundig loggføring av alle våre 50 lokalaviser i fylket sidan 1874. Dette er ei glimrande oppslagsbok. Boka si sterke side er den sterke «beingrinda» av fakta.
Men dei sterke sidene til boka vert også veikskapen. Boka vert knastørr. Det skjematisk historiske tek nesten all plass, og innanfor dei 260 sidene skuggar dette stoffet for interessante og opplysande skildringar. Boka startar med å trekke fram den markante redaktøren i «Fjordenes Tidende» – PG Larsen – som førebilete og inspirasjonskjelde. Men det stoppar beklagelegvis der. Føreordet reklamerer med historisk vareoppteljing, men eg trur boka ville ha tent på å la faktakunnskapen få ein knappare presentasjon utan repetisjonar, og gjeve meir plass til «kjøt og blod».
Nokre døme:
* PG Larsen var uredd Høgreavis-redaktør i Måløy. Han tala Nordfjord si sak i sjukehussaka. Han tala Høgre midt i mot. Det hadde vore interessant å lese om kva han faktisk skreiv. Kven kan sleppte til i avisa og korleis. Heilt konkret i sjukehussaka.
* Den tabloide redaktør Hans Arnesen på Leikanger køyrde i ein mannsalder ein røff stil i S/SA. I eit av dei forteljande avsnitta i boka får vi innsyn i kampen mot venstreavisa «Sogn og Fjordane» under Einar Svartefoss si leiing. Flott fortalt! Men eg saknar meir stoff om korleis Arnesen skreiv og redigerte i sine åtak på den andre avisa og på andre han ikkje likte (til dømes Årdal-samfunnet). Arnesen sin «70-tals tabloid» kunne med fordel vore konkretisert og samanlikna med «dagens tabloide».
* Og kvar vert det av dei gode historiene i avismiljøet? Om Norvald Stedje – redaktøren i Sogn Dagblad. Om Arnold Sletteland si journalistgjerning i Firda. Og mange, mange fleire med dei.
Eg synest også at biletbruken i boka er lite spenstig. Her kunne forlaget ha kosta på meir både i form og farge, slik at utviklinga i bladbunaden vart betre presentert. Boka vert kjedeleg og grå i svart/kvitt.
Kanskje eg no vert litt tung i det kritiske hjørnet. Men bevares; boka har ei solid «beingrind», og det er viktig at slike bøker vert skrivne. Her er lagt ned eit ufatteleg stort arbeid for å leite fram fakta og samanhengar. Men stoffet innbyr til så mykje meir, og då må det vere lov å vere litt skuffa over at forfattaren (som er journalist), og forlagsredaktøren (med feit mediebakgrunn) valde å gi seg på dette uforløyste stadiet. Er det lov å vente på «bind 2» med meir «kjøt og blod»?