Aa sitje paa ein flyplass, og vente paa avklaring paa svinepestfly kan gi mange utslag. Nokre syner kor leie dei er. Nokre er opptekne av aa vise fram kroppen og stilen sin til folk dei neppe vil treffe att. Eg slo paa spekulatoren. Kva er aa reise? Kor lenge har eg reist, og kor mange senger har eg overnatta i – ja, inkludert natttog, flynetter og kva det maatte vere.
Hovudrekninga gir resultatet. I Lima legg eg meg i seng nummer 50! Paa 19 veker gir det 2,7 natt per seng. Nei, det kan ikkje stemme. Vi har daa ikkje skifta sa ofte. Kontrollrekning. Jau, jau. Berre fire perioder har vore lengre enn fem netter i same seng. Snittet er 2,7. Aa reise er ein toeff sport. Rart vi enno er blide og vakne, og svoltne paa meir!