Fraa det nedslitne Havanna vaknar vi opp i det moderne Lima. Reint og med rivande oekonomisk utvikling. Vi bur i kulturdelen av byen og kan kanskje difor faa eit for godt inntrykk. Men likevel.
Vakter dempar nok krimmen her, og vi kjenner oss trygge. Vi besoekjer galleri og teater – farse paa spansk i gaar kveld. Elles saag vi historiske minnesmerke fraa Lima-kulturen fraa foer-Inka-tida for 1500 aar sidan. Imponerande byggekunst som dempa jordskjelva. Stikk den!
Menneskeofring er ein del av desse gamle kulturane. Lima hadde lite regn, og dei ofra det viktigaste dei hadde for aa blidgjere gudane. Dei ofra kvinner, og det tyder at kvinnene hadde hoegst status. Sa guiden. Ja, ja. Elles aat dei hai i gamla dagar her.
Tydeleg at indianarane er laagast paa stigen i Lima. Vi ser det paa hotellet. Vi ser kven som tiggar paa gata. Bilparken er moderne, og dei bygg nye og fine parkanlegg. Her er tett mellom kasinoa. Skilnaden mellom Havanna og Lima er langt stoerre enn eg trudde. Lima er samansett saa det held, men litt betre enn sitt rykte. Vi tek ei natt ekstra foer vi stikk til fjells!