Melodi Grand Prix smakar lutafisk

                                                                                                                                                                                 Det politiske A-laget kasta glans  Foto: Truls Kleiven

Høyr kulturmeldinga

Det er med Melodi Grand Prix som med lutafisk. Det som det eigentleg skal handle om – sjølve melodiane eller lutafisken – glir glatt ned og smakar mest ingenting. Opplevinga handlar for det meste om ”tilbehøyret”. Så derfor: Denne kulturmeldinga frå delfinalen i Florø handlar om nettopp det – ”tilbehøyret”!

Vi får høyre om lokale dronningar som vert heltar ved å bere ein konvolutt med resultat over scena, og vi dvelar ved at lokale politimenn korar Hank i Helvete. Det er ei sjølvnyting der Florø som vanleg er uslåelege krinsmeistrar.

MGP er kommers, glitter og stas på lisensbetalt fjernsyn. Men det er drygt at fylkeskommunen – som den einaste i landet – spyttar inn to-tre millionar for å sikre at dette showet kjem hit til fylket. Sakleg sett er eg djupt kritisk til denne sløsinga, og eg vil med styrke hevda at kringkastingssjefen fortener medaljen som kveldens gjerrigaste.

Det irriterer meg grenselaust at MGP sender borna i front når dei skal forsvare tilgangen på fylkeskommunale millionar. At born frå heile fylket kan konkurrere om å få varme opp publikum fungerer som glansa glasur. La meg presisere: Dette er naturlegvis ikkje nokon kritikk av dei flinke og talentfulle borna som får opptre på ei proff scene framfor eit stort publikum. Men det irriterer meg at vi gong etter gong opplever at nasjonale storleikar ”elgar seg oppetter” lokale born for å trekke meir showpublikum til kommersen! Eg stiller spørsmål med om dette tener kulturlivet vårt.

Då synest eg det er langt ærlegare når politikarane sjølve forsvarar skattekronene til showet. Når Fylkesordførar Åshild Kjelsnes kler seg opp i ein så glitrande showkjole at den får fylkesordførarkjedet hennar til å bleikne, ja då må eg berre gi meg ende over. Eg unner deg glansen, Åshild, du som i løpet av våren skal springe fylket rundt å legge ned vidaregåande skular. Eg skjønar entusiasmen din for eit susande show på heimebane i januar.

Om Åshild var glitrande, så var det ordførar Bengt Solheim Olsen som stal det politiske showet. Vi ser tydeleg effekten av isbadet hans i hamnebassenget på ski. På direkte laurdagsfjernsyn skryter Bengten som venta av Florø, men når ein Florø-ordførar svingar seg til uante høgder i skryt over heile Sunnfjord – ja, heile fylket – då skjønar eg brått alvoret. Her skal det takkast for dei fylkeskommunale millionane så det gir ekko i stovene frå Hornindal til Gulen. La det vere sagt: Å sjå Bengten takke heile fylket på direkten vart kveldens desiderte høgdepunkt – for meg. Entusiasme og laust fundert reklameverdi er som kjent vanskeleg å veksle om i fylkeskommunale kulturkroner.

Sjølv om showet føregår i ”Stolt og kry – Florø by”, så kviler det ei husmannsånd over arrangementet. Vi let oss så lett imponere når kjendisprogramleiarar på jobb og artistar i scenerus skryt av lokalpublikumet på regissert kommando. Viss heiinga og jubelen i salen i Florø var eineståande, så må det jaggu ha vore dårleg i Steinkjer veka før!

Kven kjem så vinnande ut i alt dette ”tilbehøyret” til MGP? Eg ser to vinnarar. Fyrst: Florø viser oss igjen at dei er fylkets fremste arrangementsplass. Dei torer å utfordre. Kystbyen torer å ta risiko, og dei hiv seg rundt når sjansen byd seg. Dei er utan tvil eit rutinert og framfor alt hyggjeleg vertskap som imponerer fleire enn meg.

Men Kongen av Florø Grand Prix heiter Per Øyvind Helle. Med pågangsmot og smittande entusiasme har han stått distansen i tre år. Han har gått ”mil etter mil etter” pengar frå sponsorat og byråkrat. Framfor alt har han risikert eigne pengar og eige firma når publikumspila har peika nedover. Slikt står det respekt av.

MGP er over. La meg gå tilbake til lutafisken – eller melodiane – om du vil. Melodiane var smaklause – som lutafisk – med unnatak av ein sterk vinnar. Ja, og sjølv i mine øyrer var det noko som smaka surt. Men det viktigaste i showet – ”tilbehøyret” – heldt stilen også i år. Om fylkeshyllesten til Bengten og om glitterkjolen til Åshild så seier eg berre ”Voi-Voi”!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

15 kommentarer til Melodi Grand Prix smakar lutafisk

  1. Kristian sier:

    Herregud så stolt jeg blir!

    For et A-lag!

  2. Gunnar Nødseth sier:

    Sjølv er eg ikkje særleg interessert i MGP sirkuset, men utfrå det du skriv om at Florø er krinsmeister og anna så skjønar eg godt kvifor vi ikkje kan einast her i Sogn og Fjordande. Jantelova er steikande sterk her i bygdene. Så lenge sleke som deg går laus får vi ikkje til ein drit. Vi er velsigna at folk utanfrå kjem til oss og forbarmar seg over oss og hjelper til å bygge oss opp. Det er mykje godt folk her i Fjordfylke som vil en god del men slike arti karer som deg og likesinna har for mykje negativ spit å fortelle dei. Sett dokke heller ned å vær positive slik at det går an å bygge fylket i stede for å fortelle alle at her er vi ikkje brukande. Dette var berre et hjertesukk frå meg.

  3. Edvin Helgheim sier:

    Det var då svært.
    Eg angrar nesten på at eg, som parkeringsvakt, slepte deg forbi, hadde eg visst du var i så dårleg humør.
    Berre til kommentaren din til bruken av dei unge talenta som «glasur»: Eg meiner at sjølve opplegget med MGP-lokal er noko av det mest verdifulle med MGP i Florø. Her har det vore delfinalar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn der unge talent har prøvt seg og blitt plukka ut av ein lokal jury. I alt 16 går til ein finale i Florø fredagskvelden, direktesendt på nett på nrk med seriøs dekning, Sjursen Takle som vanleg på plass for å vise fram og bakke opp nye talent i fylket. Ungar i dag har fleire scener å stå på enn då vi vaks opp, men dette er ei av dei som verkeleg kan gje dei unge talenta mot til å gå vidare. Så får 5 av dei på laurdagen stå framfor euit publikum på over 2000 med profesjonell nrk-produksjon, på eigne bein. Klart det er stort.
    Eg syns det er flott at dei lokale arrangørane og Nrk/sfj brukar så mykje ressursar på dei unge talenta, at det ikkje blir berre det gedigne showet (som eg er stolt av at det er mogeleg å få til her hos oss òg, m.a. med hjelp av ein stor dugnadsinnsats. Florøentusiasmen bør gje inspirasjon til andre).
    Hipphipp!

  4. Åsmund sier:

    Kjolen til Åshild Kjelsnes kosta til orientering 300 kroner. Den var kjøpt på 70% avslag, som tilseier at den var billig før den vart nedsett og. Dessutan er den kjøpt i Sogn og Fjordane. Det tykkjer eg at ho kunne ta seg råd til. Eg tykkjer videre at det er eit idiotisk argument på ungdomsskolenivå å trekke inn i den ellers interresante debatten du lyser opp med dette innlegget ditt, og minner meg mest av alt om misunning.

  5. hans jakob reite sier:

    Takk for fire kommentarar. Maskinen hadde «hengt opp» godkjenningane, så eg fekk retta det opp no – etter tur i bedehusmiljøet i Sogndal. Livet er mangslungent! Ei oppsummering nederst. Men først til kvar og ein:

    Kristian: Nok ein humorist???
    Gunnar N: Viss du ser blogg og radiomeldingar frå meg over tid så vil du sjå at eg ikkje auser over med «negativ spit». Men ein meldar må melde både pluss og minus. Det gjer eg også denne gongen. Eg rosar til dømes Florø som arrangementsplass. Og MGP-kongen Per Øyvind.
    Edvin H: Takk for at du gav meg god parkering. At born og unge slepp til er flott, men eg ville brukt dei over 2 mill fylkeskommunale kronene over tre år til å styrke UKM og kulturskulane. Eg meiner at MGP er glasur på kommersen, men det kan vi no vere usamde om. «Florøentusiasmen bør gje inspirasjon til alle», skriv du. Hjartans samd. Eg rosar dette både denne gongen og så ofte eg slepp til….. Og Per Øyvind!»
    Åsmund: Kjolen var ikkje av mine sentrale poeng, men i den kåserande stilen fall eg for freistinga å gjere ein snu innom det fylkeskommunale glitteret i konkret forstand. Eg misunner henne korkje jobben – eller kjolen!

    Så langt til dykk. No oppsummert: Eg har fått mykje ros og mykje ris for denne meldinga i kåseriform. Eg ser at den kåserande forma mi kan oppfattast som for utydeleg og for ironisk. Så derfor hovudpunkta mine i klartekst:
    1: Eg meiner det er sløsing å bruke 2 150 000 kr fylkeskommunale kroner over tre år på MGP delfinalar i Florø. Pengane burde ha vore brukte til å styrke kommunale kulturskular og eventuelt styrke Ungdommens kulturmønstring. For ordens skuld: Eg er ikkje i mot at MGP delfinalar vert arrangert i fylket/Florø, og eg forstår at Flora kommune brukar pengar på dette. MGP Florø er i hovudsak eit Florø-arrangement, meiner eg!
    2: Eg likar ikkje at born vert brukt som glasur på kommers.
    3: Eg er imponert over Florø som arrangementsplass. Også denne gongen, og det skriv eg i klartekst i bloggen!
    4: Eg er imponert over MGP-kongen Per Øyving Helle som også set inn private midlar i arrangementet.
    5: Så litt humoristiske betraktningar. Når fylkesordføraren glitrar meir enn kjedet sitt, og Florø-ordførar Bengt svingar seg på høgdene for å skryte av heile fylket (noko ein Florøordførar særs sjeldan gjer), så synest eg det beint ut var fornøyeleg. Då vart eg «ovadotten»!

    Heilt til slutt: Så kallar nokre meg for surmaga. Det må eg tole. Men eg minner om at det går ann å vere usamd utan å stemple motstandaren i debatten for sur, og at han ikkje veit kva han snakkar om. Mitt kulturelle perspektiv er breiare enn Strandgata!

  6. stig eikaas sier:

    En refleksjon med gode intensjoner og av generell karakter rettet mot faglige kvalifikasjoner/og balanserte holdninger til den formelle rollen som kulturkommentarist i fylkets lokalradio:

    Det som er uheldig for fylket sitt omdømme for sitt kulturliv er at sjefen i lokalradioen Rolf-Sanne Gundersen åpner sin offentlige medieinstitusjon for ansettelse av en lekperson med spesiell glede av å formidle kultursynsing. Som det går 1000vis på dusinet av (Johs. B. Thue). Jfr, blogger osv. Hvorfor har ikke lokalradioen ansatt en person med papirer og erfaringer som gir legitimitet? Som privatperson har jeg gjennom 13 år like mange offentlige kulturytringer, sikkert fler, per år enn melderen på lokalradioen. Forskjellen er at jeg må igjennom en redaksjonell kvalitetsikring, samt at jeg ikke står på en offentlig lønningsliste. Mens melderen i lokalradioen har fritt leide med uskolert privat synsing i et offentlig medium sponset med skattepenger uten akademisk anker til humanistiske fagområder og kildemetodikk. Om melderen i lokalradioen har samme behov som meg til å ytre seg om kultur så kan det gjøres som privatprosjekt. Når lokalradioen bruker skattepenger til meldinger om kultur, ønsker man vel kvaliserte kommentarer, utover kompetansen til debattlystne amatører? Melderens ønske om profesjonalitet er sådan et paradoks. Det er flere kandidater å ta av i fylket som ville vært å anbefale i rollen som objektiv, saksorientert, og balansert kulturmelder for lokalradioen. Med kvalisert bakgrunn. Da blir både såkalt positiv og negativ kritikk faglig relevant å forholde seg til. Både fylket, den enkelte og lokalradioen ville tjent på det. Slik det er nå rister mange på hodet. Er tause. Jeg skriver dette fordi jeg mener fylket fortjener det beste fra de beste innen sine felt. Ikke minst nå ved 250 årsfeiringen av fylket.

    • Rolf Sanne-Gundersen sier:

      «Uheldig for fylket sitt omdømme», «..uskolert privat synsing..» og «det beste fra de beste».
      Tydeleg stadfesting av det eg veit. Du Stig Eikaas liker ikkje den jobben Hans J Reite har gjort for oss i fleire år. Det har du også tidlegare gitt klart og tydeleg uttrykk for.
      Dine meiningar om Reite noterer eg meg, til liks med andre meiningar eg har fått om den jobben han gjere på frilansbasis. Vanlegvis langt fleire positive enn negative, men i det siste overvekt av kritikarar etter kåseriet om MGP Florø.

      Ideen om å bruke Hans J Reite som kulturmeldar var min. Grunngjevinga var og er at vi i for liten grad er ute i fylket og ser og kommenterer det som skjer i kulturlivet på kveldstid og i helgane. I så måte har Reite gjort ein særs engasjert og god jobb. Han er nok den i fylket som er mest ute og ser kva som skjer i kulturlivet. Variert, stort og smått.

      Få lag, organisasjonar, arrangement, konsertar, festivalar og andre har ikkje hatt besøk av Reite, og fått omtale i våre sendingar innpakka i kåseri, kommentarar, kritikk, ros og meiningar.

      Det finst sikkert andre som kunne gjort ein jobb for oss, men ikkje så mange som du trur. Og det finst ikkje mange som Hans J Reite.

      Det største problemet i SogFj er ikkje at vi har for mange tydelege røyster som Reite og nokre få andre, snarare tvert i mot. Derfor må Hans J Reite leve med at han blir avskilta med jamne mellomrom av deg og andre.

      Eg for min del er godt nøgd, men finst det interesserte kulturmeldarar med ulik bakgrunn, kompetanse og kunnskap er det berre å ringe 57724242.

  7. Hans Jakob sier:

    Takk for innspel, og takk for at du igjen kommenterer på bloggen min. Sidan adressa for innspelet ditt er Rolf SG så gir eg han tips om kvar innspelet ditt er å finne.

  8. stig eikaas sier:

    Jeg forstår din lojalitet med bakgrunn i din ansettelse av melderen. Lite miljø og vennskap, ok ok. Men du må tenke pragmatisk og profesjonelt i et markedsperspektiv. Tilbakemedlinger må komme fra andre kilder enn kommentarene her. Da de er meget få. De fleste blogger er uten noen kommentar. Skulle gjerne sett skriftelig dokumentasjon på «langt flere positive enn negative» reaksjoner fra lyttere og lesere. Har tidligere spurt om hvor mange som leser bloggen. På radioen har folket lite valg om de ikke slår av, noe de selvsagt ikke gjør. Teknologien er vel på plass nå for info om volum. Da alt skal måles, veies og ekspertutredes innen kulturlivet i fylket (jfr. kunst/Stig Eikaas, hittil 4 ganger !) så gjelder vel det begge/flere veier? Kulturrøstene er få i fylket. Da er det viktig at de gir effekt. Særlig når de får offentlig lønn og fast megafon i et offentlig medium. Hvilke metoder sjefen bruker for objektiv evaluering av lønningsposten til melderen vet bare Rolf Sanne- Gundersen. Har heller ikke erfart andre lokalradioer som bruker en slik permanent melderrolle. Som du skriver vet du min mening om din utvalgte melder. Skal ikke gjenta her. Som sjef ville jeg latt en slik frilansjobb rulere mellom ulike aktører. Med kvalisert faglig bakgrunn i ulike kulturuttrykk, kildemetodikk og objektive behov for framstilling. Framstilt fonetisk rolig og stilsikkert. En slik tilnærming ville profesjonalisert omdømmet til din lokalradio. Nå er det sånn at «der er han igjen» i stort tempo med sitt folkelige «låven med det rare i». Mitt beste råd er å la posten rulere mellom ulike aktører, skille mellom rapporter med ditto melder, som krever ulik grad av kulturell kompetanse, ikke bruke samme manus i radio som blogg (impuls kontra mekanisk), og vektlegge faglige/språklige kvalitetsbrudd gjennom uventede digresjoner. Kanskje du har rett i at det ikke er folk i fylket med den nødvendig akademiske kapital som ønsker en slik melderjobb? Georg Arnestad er vel pensjonist snart, men han er jo siviløkonom. Ove Eide er vel opptatt med sitt. Jeg skal spørre Anne Viken. Skal høre om hun kan ringe deg. Hun er både hyperbol, kunnskapsrik, og skaper debatt!!Beste kulturstemmen i fylket Johs. B. Thue er vel vanskelig å få fatt på. Fridtjov Urdal hadde vært en person, men har vel nok med sitt. Sigmund Eikås. Halvorsen i Florø. Katrine Sele kunne du jo prøvd å hyre. Stig Eikaas er også god på sitt beste. Som sagt: Tenk smart. Bruk flere. La det gå på omgang. Uten turbulens og stadig ny giv -som i kunstens liv – blir effekten av melderfunksjonen døll, som tilfelle (inntil det motsatte er dokumentert) er nå. Med vennlig hilsen Stig Eikaas 93439325 (The headhunter)

  9. stig eikaas sier:

    Jeg forstår melderdebatten er closed etter mitt siste innlegg med relevante spørsmål. Uansett, kan det for Rolf Sanne – Gundersen være interessant å føleg med på nitimedebatten og de ulike argument som der bringes fram. Ikke helt ulikt mine over. Med momenter som: Flere meldere, differnesiert kompetanse, reflektert innhold og form, med nedtoning av sarkasmer, og populistiske artigheter. Særlig interessant er det med Espen sin egen rolleforståelse» Jeg forholder meg til min sjef og kollegaene rundt meg» Når det er tid for endring av et konsept, så er det viktig å følge med i svingene, ikke turve i vei i det samme, særlig hvis årsaken bunner i det relasjonelle ubehaget en beslutning om en endring kan medføre. Om det nå er slik at de påståtte positive tilbakemeldingene overstiger de tause/negative, slik Sanne- Gundersen hevder (foreløpig uten dokumentasjon, jfr hvordan nrk v/nitimen dokumenter sin respons i aftenposten), ja da kan jo sjefen for lokalradioen være tilfreds med situasjonen. Vi andre kan jo i mellomtiden vente spent på offentliggjøring av respons som kvalitetsikrer melderrollen i lokalradioen. Se til nitimen for praksis her. Kvalitetsikring og dokumentasjon er jo viktig for å legitimere seg som profesjonell yrkesutøver. Ikke sant? Jeg syntes dette er en interessant debatt. Som kulturaktør setter jeg stor pris på respons (helst saklige som bruker litt tid på å se og tenke). En slik respons har jeg i mange år fått, og det motiverer meg for videre arbeid. 250 årsmonumentet er i boks, og nå står en økt i Italia for tur. Lykke til videre. 6 April skal Munchbildet avdukes! Ellers er det vel mange flere som oppsøker billedkunst etter bygget kom tenker jeg. Mvh Stig Eikaas

  10. Hans Jakob Reite sier:

    To spørsmål til deg, Stig og ei opplysning og noko vi truleg er samde om:
    a: Kva meiner du om Florø Melodi Grand Prix og kåseriet mitt? Eg er forviten på det sidan du har skrive tre – 3 – innlegg under MGP-bloggposten min utan å kommentere det med eitt ord.
    b: Kva tyder ordet «døll»? Eg treng å oppgradere kompetansen min, og vonar at du er velmeinande nok til å hjelpe meg. Fint at du at du er tilbake i kommentarfeltet mitt!
    c: I kveld skal eg på gourmet-poesi. I Gloppen. Eg er – som du veit – altetande!
    d: Variasjon, endring og mange røyster er viktig…

  11. stig eikaas sier:

    Du vet nok at jeg stort sett er enig i din tolkning av Melodi Grand Prix – er vel derfor du ber om «støtte» der. Er vel for godt danna til å takle den type folkekultur. Men forstår Florøfolket sin begeistring. Mine tekster om din kompetanse som melder er som du vet knyttet til din holdning/kompetanse til kulturområder som bør være kjent etterhvert. Døll betyr «something that is not sharp». Også forstått som kjedelig, fordomsfullt, innsiktsløst. På Gloppen Hotel kan du sette deg ved mitt kunstnerstambord i hjørnet med navneskilt i messing og rødt selvportrett i stål. Glede deg over mitt selskap sammen med halvliteren. Mange røster i kunsdebatten i fylket er det definitivt ikke. Du får være glad Rolf Sanne – Gundersen forbarmer seg over deg. Ellers må du anmode din sjef om å svare på mine spørsmål over. Vise til statistikk over respons på dine meldinger i radio og blogg. Han skriver han får fler positive enn negative tilbakemeldinger på din funksjon. Hvilken metode har Rolf Sanne – Gundersen brukt for å evaluere din frilansjobb? Kom med konkrete tall og dokumentasjon. Som foreleser blir jeg av mine studenter evaluert hvert semester. Kunsten min har blitt profesjonelt skriftelig evaluert av offentlig kunstekspertkomitee nedsatt av RSU i 2003. Få kunstnere har en slik «eksamen i kunst». Min siste evaluering husker du vel utenat: Uhyre fascinerende, kraftfull, frekk, fri, godt materialbruk, ligner objektet. Heksemonumentet som du syntes er drittkunst vokser i betydning og omtale år for år i diverse brosjyrer, magasiner og bøker. Sist nå i All Verdens Kunst 26/11-2013, Norske Store Leksikon, boka til Blix Hagen om hekseforfølgelse og fortryllelse, osv. Se også mkine kunstverk som er solgt på Blomqvist Auksjoner. Som skolemann og kunstner er jeg glad i evalueringer. Positive og negative, men begrunnede!!! I stedenfor å kalle all min kunst for talentløs ukunst
    som ligger strødd langs veiene burde du gå i deg selv og sjekke motiver for dine angrep. Mye tyder på at du snart står ganske alene i dine generaliseringer om min kunstproduksjon. Selv om jeg bor i Bærum burde du ikke kødde for mye med kulturuttrykk du ikke har sans eller kunnskap om. I bunn og grunn skulle du vært på lag med kulturmannen med et nyansert språk for kunst og kultur, Johs. B. Thue og heiet på en slik fyr som meg. Følg med i 2013. Nå står fysisk fostring på dagsorden.

  12. stig eikaas sier:

    selvsagt 26/11- 2012 26/11 – 2013 har heldigvis ikke dukket opp enda

  13. Hans Jakob Reite sier:

    Geispar litt over dine repeterande knebøyingar. Er klar for nye meldingar. God helg!

  14. stig eikaas sier:

    Repetisjon er viktigste ord i all læring. Når dokumenterbare kilder og kunnskaper bevisst fornektes må det repeteres. Ellers forfaller kulturarven i normativ synsing og overflatisk populisme. Du stiller spørsmål og jeg svarer høflig. Jeg har stilt din sjef Rolf Sanne – Gundersen spørsmål vedrørende evaluering av din rolle som melder. Uten å få svar. Kanskje er det stikk motsatt? at folket gjesper over ditt heseblesende ordgyteri med hvermannsentanker. Bombesikkert er det at mine 18 år som kulturaktør i fylket ikke har vært i nærheten av noe gjesp fra omgivelsene. Faktisk er knebøyninger en av mine favorittøvelser. 100 kg på stanga med 10 rep. Godt for prostata med tilhørende funksjoner. God helg . Hils stambordet mitt . Mvh Stig

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *