Høyr radioklippet her – sjå scenografien nede i spalta
Det er musikk og drama ”På ramnens dag” som hadde urpremière i Skjerjehamn i skyminga i går kveld. Handlinga føregår i fiskeværet ein gong på 1800-talet der væreigaren og folket vil fange silda medan ramnen varslar storm. Det vert både uver, forlis og kjærleiksdrama. Teksten er av Rolf Losnegård og musikken av Helge Sunde. På scena ser vi ein handfull proffe skodisar og ei røys flinke amatørar.
Den unge kystkvinna Kristine – spela av Mareike Wang – står sentralt i stykket. Som mamma til ein liten gut utanfor ekteskap og ein del av trekantdramaet er ho berande i stykket. Ho meistrar den varierte rolla godt mellom anna ved særs god song.
Imponerande scenografi. Visst har Vårherre skapt naturen og tidlegare og noverande ”væreigarar” reist bygningane i idyllen Skjerjehamn. Men i tillegg har scenograf Tormod Lindgren fått laga ein flott scenografi med flåtar og pirar lang ut på sjøen, med flytande skjer og sceneløysingar på mønet av sjøbua.
Musikken stod til dramaet. På ein godverskveld som i går trengst det ein god komponist for å laga stemning av storm. Komponist Helge Sunde leia også det gode orkestret. Her var felespelar på mønet – Britt Pernille Frøholm – og hornblåsarar i robåtar. Kjekt å sjå og høyre. Men musikken er krevjande og set både kor og songarar på prøve. Det vert satsa hardt på song i stykket, men songprestasjonane vert diverre ujamne.
Stykket vert litt ”uførløyst”. Her er mykje konfliktstoff å ta fatt i. Væreigaren mot fiskarane. Kjærleik og kjønnsdrift i fritt spel. Stortjuven Gjest Bårdsen som må sleppast laus frå fengselet for å berge dei forliste i stormen. Men altfor ofte vert det med anslaga. Både tekst og regi gir oss ei lite samanhengande forteljing, der det som vert antyda vert spela for lite ut. For meg vert det noko litt ”uforløyst og uferdig” i stykket. Konfliktane som ligg i stoffet kunne med fordel vorte stramma opp.
Smeden spelte så spruten stod. Men bevares, her var mykje å gle seg over. Her var akrobatikk på rullande tønner og karane gjekk ”over bord” så spruten stod. Spesielt fornøyeleg var scena der den bannande smeden – Bjarte Undertun – kara seg i land etter stormen. Då vart stykket leikande og denne absurde ”landgangen” var verd billetten åleine.
Myggplage i skyminga. Folk i danna teaterlosjar viftar seg mot varmen. I går kveld slo vi etter knotten i Skjerjehamn. Folket kosa seg i dei fine amfia som gjorde at alle såg og høyrde. At mørkret sig på under framføringa gir også ein dramatisk effekt. Stykket vert spela både torsdag og fredag. I gårkveld var det havblikk. Eg lurer litt på korleis dette stykket ville ha vore i ”synnjakuling og striregn”. Takk for at vi har dramagjengar som torer å satse på slike sjansespel!