Skulptur på torget?

Eit tredelt monument i Førde; først og fremt over kunstnar Oddvar Torsheim og steinsagar Stig Eikaas. Men også monument over tilfeldig kommunal utsmykking.

Å vere kulturmeldar er ei givande oppgåve. På det jamne ynskjer eg meir motbør og diskusjon. I kulturmeldinga mi om den nye Fritjovstatuen nær Skei var eg ærleg med hobbyskulptør Stig Eikaas. Eg rosa han for å drive kunstdebatt, og eg la vekt på kreativiteten hans ved å nytte ein Jøtul vedomn som hovud på Hr Urdal. Eg er såleis ikkje einsidig negativ Stig Eikaas sine skulpturar. Men eg er også ærleg nok til å uttale at Stig lagar skulpturar av humørfylte kjendisar for å skape ståhei rundt seg sjølv.

Stig Eikaas svarar med personleg utskjelling. At han ikkje tåler ei balansert kulturmelding lever eg godt med. Heldigvis har mange andre også kasta seg på i debatten. Eg vil i dette innlegget understreke dei mest sentrale momenta.

Skulpturane på torget. Det er viktig å dra eit skilje mellom skulpturar på privat grunn og skulpturar på offentlege torg. Ei offentleg utsmykking pregar vårt felles rom der vi alle skal ferdast. Her må dei lokale kommunestyra kjenne det ansvaret sitt. Dei må vere ryddige og fylgje reglane for kunst i offentleg rom. Dette inneber konkurranse og bruk av faglege vurderingar. Visst skal kunst utfordre og gjerne forarge og absolutt vere meir enn bronsehjortar i solnedgang. Men tettstadane i fylket fortener ei betre utsmykking enn Stig Eikaas sine sjølvnytande hobbyskulpturar.

Skulpturar i utmark. Kva som vert reist av monument på privat grunn må regulerast av dei lover og reglar som elles gjeld for anneks, bakkemurar og støylshus. Dette kan vi trygt overlate til Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen.

Eg krev ikkje at nokon må stoppe Stig Eikaas. Han må berre innordne seg dei reglane som kommunestyra er sett til å handheve. Det er lokalpolitikarane sitt ansvar at korkje Stig eller andre får presse seg fram på tvers av reglane. Når Stig tek mål av seg til å reise 200 (!) skulpturar i fylket, så må lokalpolitikarane vere på vakt. Vårt felles offentlege rom er for viktig til at ein tilfeldig mann skal kunne få herje fritt. Kommunestyra må også ta inn over seg at proffe skulpturar kostar norske kroner i motsetnad til Stig sine gratis hobbyskulpturar.

Lær av Naustdal og Sunniva. Kommunen har fritt val. Naustdal sa nei når Stig Eikaas ville presse på dei ein skulptur. Dei jakta på kvaliteten til Slettemark-budeia i staden. I Selje skal den heilage Sunniva kome på sokkel. Der køyrer dei ein prisverdig ryddig prosess.

God sommar! Dette var sluttreplikken min i denne omgang. Eg reiser no ut av fylket til ein stad der internett ikkje skal nå meg, og der eg skal leve i vekesvis på pale og blåbær og smaken av ”salt søvest”!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

5 kommentarer til Skulptur på torget?

  1. stig eikaas sier:

    Balansert? Dette er misbruk av en privatperson til å nytte en offentlig kommunikasjonsarena til å drive et gjentagende (sjekk arkiv) propagandistisk felttog mot en enkeltperson. Den sterkt tabloide og tendensiøse harselleringen over meg og min kunst på radioen 2 juli-2012 burde holde. Jeg får ikke anledning til å komme med tilsvar på sammen offentlige arena som Reite kan boltre seg på. Dette minner om 30-tallets pressepraksis i Italia og Tyskland. Som historielærer på videregående skole gremmes jeg. Altså rått unfair spill. Samt sterk misbruk av objektive kilder, som i utgangspunktet er lett å innhente fra kommunenes arkiver og private oppdragsgivere. Samt skriftelige uttalelser fra en rekke kunstfaglige ekperter. Josh. B. Thue plasserte i Firda 7/7-2012 posisjonen til Hans Jacon Reite elegant i avdeling for amatørskap og novisesynsing. Hans Jacob Reites metaperspektiv på sin egen rolle ved å ha NRKsfj som sitt eget mikrofonstativ for privat synsing gir ingen respekt. Kanskje derfor absolutt ingen gidder eller er motivert til å gi denne bloggen kommentarer. Fra nå av har du også mistet din eneste «venn» som kommentarist.

    • sanode sier:

      Eg er kunstnar, eg er kunstnar, eg er kunstnar, eg er kunstnar, eg er kunstnar, eg er kunsnar, eg er kunstnar, eg er kunstnar, eg er kunstnar, eg er kunstnar, eg er kunstnar, eg er kunsnar, eg er kunstnar, eg er kunstnar, eg er kunstnar, eg er kunstnar, eg er kunstnar, eg er kunsnar, eg er kunstnar, eg er kunstnar, eg er kunstnar, eg er kunstnar, eg er kunstnar, eg er kunsnar, eg er kunstnar…..

      Sjølv om Stig seier det ein million ganger vert det ikkje sant!

  2. Noen stikkord:
    Innordne seg reglar. Det er dette som låser fast gamle måter å lage kunst på
    Baslsansert kulturmelding. Du er ikke balansert. De infame orda overskygger de positive
    For å lage ståhei rundt seg sjølv. Det er jo det du driver med sjøl?
    Sjølvnytande hobbyskulpturrar. Infamitet ligger i dette. Uttrykket hobby brukes nedlatende som om han ikke er like mye kunstnar som andre kunstnarar i fylket.

  3. Roar Seidler sier:

    Har ikke Stig Eikaas en formell kunstutdanning? Jeg bare begynner å lure siden så mye prat om; amatørskulptør, agronom, amatørkunstkritiker, lekmann, hobby m.m?!

  4. sanode sier:

    Kunstnarr????

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *