Epos – ein flytande knappholsblomst

Godt frammøte på Epos i Sandebygda

Sjå biletserie  Høyr radiomeldinga  Høyr bygdefolk ombord 

Bokbåten la denne helga ut på haustturné til 40 plassar i fylket. Eg valde å mønstre på i den vesle Sandebygda heilt i sørvest i fylket. I Gulen kommune ved Fensfjorden. I lita bygd ein del av kommunen som nett har vorte landfast. Eg vil ta ein uanmeldt sjekk på korleis bygdefolket tek imot den litt gamaldagse Bokbåten i den nye tida.  

Eg kjem presis og for seint…. Eg fyk gjennom utmarka i deg låge kystlandskapet, og vrenger ned på ei lita kai på slaget klokka fire søndags ettermiddag. Nokre få hus og nokre grøne flater ned mot 30 meter med sandstrand: Sandebygda. Folket har alt kome. Dei veit dei har tilmålt tid. Femten vaksne og like mange born ber posar og kassar om bord og på land. Ungane let dei vaksne ordne opp. Her skal bokkassar til barnehagen og nokre tenkjer på julelektyren. Bibliotekmannskapet har nok med å halde unna.

Er ikkje EPOS utgått på dato, tenkjer eg, og mimrar om barndomen. Eg hugsar mitt barndoms 60-tal med vitjing av Bokbåten Epos. Epos er langt mindre enn eg hugsar han. På 60-talet var han på storleik med Hurtigruta. Hugsar eg. Vi borna lot oss imponere. Vi hadde skulevitjing og open båt om kvelden. Storarta. Eg vekkjer meg sjølv av barndomsdraumen, og entrar landgangen. Her er det trengsel. Eg synest at 30 store og små på slaget klokka fire er mange i den vesle grenda. Eg får vite at på Nyhammar tidlegare på dag møtte berre fire. Av desse eitt (1!) barn som fekk ”barnetimen” berre for seg – heilt åleine med bestemora. 

Bokbåten gir service. Bygdefolket skryt av bokbåten sin service. ”Dei skaffar det vi vil ha”, let dei, og ber bøker i kassevis. Eg får høyre at det har vore snakk om å kutte Sandebygda frå bokbåtruta, og eg anar mobilisering. Skulen i bygda vart sentralisert til Byrknes for over 15 år sidan. Bokbåten Epos har standhaftige tilhengarar i Sandebygda.

Kulturstopp som krydder på det flytande biblioteket. Fram mot klokka fem sig det på fleire ungar. Vi får kulturprogram for borna: ”Skumle skrømt og morosame minne”. Forteljaren Per Jostein Aarsand kan sitt fag. Han hektar borna på. Men forteljingar og eventyr. Med regler og til slutt ei lita spøkelseshistorie. Fin kontakt med borna og fin involvering av dette krejande publikumet.  

Epos i framtida? Visst er bokbåten eineståande. I landet og i verda for den del. Men er det nok å vere eineståande for å overleve? Eg tvilar. Visst er vi rike nok til å unne oss og småbygdene i fylket denne kulturtenesta. Eitt frammøte på 30 frå start borgar for at Sandebygda vert ei av dei siste bygdene som vert stroken av ruta. Viss ikkje publikum kjenner ”sin besøkelsestid” – bokstavleg tala, så er dette fort over. Eg set ikkje ei Sunnmørsk krone på at vi har bokbåt om fem år. Eg er glad for at eg fekk vitje den ein siste gong. Kulturpengane har vorte kanalisert igjennom den kulturelle skulesekken, og dei nye vegstrukturane vil plukke stadig fleire båtruter. Det vert hardt å motstå ”tyngdekrafta”.

Mimringa. Vi vil nok kome i ei tid då mange av desse spesielle og seigliva båtrutene er berre blanke minne. Vi har sigla med Teaterbåten Innvik. Med Sognebåten. Og med Bokbåten. Det går mot ankerdram. Dei vert innhenta av tida. Ei av dei siste som kan fortelje noko om ”gamletida og kulturbåtane” er truleg det barnet som var den einaste på eventyrstunda på Nyhammar søndag 23. oktober 2011 klokka eitt. Ho har vore med på eventyr …….. 

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *