Smakleg kabaret med gjær i …..

Torstein Tvinnereim og Nils Petter Hauge spelar kabaret

Høyr radiomeldinga

Laurdagskveld på Smak Kafé i Stryn. Première på ”Kafékabaret – ein gong te!” Torstein Tvinnereim har skrive det aller meste. Han har med seg Nils Petter Hauge i framføringa, og eit særs godt band. Styrken med kabareten er ”feel good” og svakheita er at det går litt omstendeleg og treigt.

Her får dei lokale heltane sitt. Hotelldirektør og ”parkeringsvakt” Per Garen på Videsæter kjempar mot mobilmaster, og nyeordføraren i Stryn Sven Flo endrar tidsrekninga som Messias gjorde i si tid. Kabareten har definitivt lokalrevypreget. Og ein del av framsyninga er ein slags ”bygdestandup frå gamlelæraren”. 

”Bella” og ”maskefall” er toppnummer. Eit mimrenummer  om Kafé ”Bella” i Stryn, som var nedlagt for meir enn 20 år sidan, rører publikum. Folk får dogg i auga når det vert mimra om kafévertinnene som steikte karbonadane i meierismør. Eit anna toppnummer er ”maskefall”, der det ”å tape maska i livet” også får ei konkret parallellhistorie når du ”mister ned ein maske” under innlæringa av strikkekunsten på ungdomsskulen. Eitt flott og varmt nummer! Det gjeld ”å finne tråden” når ”livet kjem i nye mønster”. Ein meisterleg tekst, Torstein Tvinnereim. Jess! 

Eg synest tekstgrunnlaget jamt over er godt. Men radarparet Tvinnereim og Hauge legg seg til ein vane med å overforklare nummera både før og etter. Eg har ein mistanke om at dei fleste nummera ville greidd seg utan overforklaring, og at ein strammare regi ville heva kvaliteten på kabareten ytterlegare. Ein del av tekstane hadde også lite framdrift og i litt for mange nummer vart teksten altfor repeterande. Men la det vere sagt: Publikum let ikkje til å kjede seg sjølv om det heile drog ut. Men så hadde dei fleste ete middag på kaféen før framsyninga. Dei nesten 100 frammøtte på heilaften var mette og nøgde.

Musikken må nemnast spesielt. Bandet er godt, og melodivalet er framifrå. Fengande og flott. Radarparet på framsyning er også godt. Det er nakent å sitje to mann i front for bandet og levere ein så lang kabaret. Det dreg likevel ned at dei to er så bundne av manus. Dette dreg ned den direkte formidlinga av stoffet over scenekanten. Gutar: De har godt innhald. De er gode. Men de må lære dykk meir av stoffet, slik at formidlinga vert eit hakk betre. Ja, eg veit at det er masse arbeid med ei slik framsyning. Men eg må likevel seie: Jobb hardare gutar! De får betalt i enno betre direkte formidling. Garantert!

Oppsummert: Kabareten ville vunne på ein strammare regi. Meiner eg. Når ei slik framsyning har to desiderte toppnummer, så er eg nøgd. Eg køyrde bil to timar på tamp etter kabareten. ”Bella” og Maskefall” kverna i hovudet mitt heilt til eg slokna på puta.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *