Høyr radioopptak av skuledebatten med fylkesnyttintro
Høyr vurderinga mi av debatten Meir om skuledebatten tysdag
Skuledebatt på Sandane tysdag på direkte ettermiddagsradio. Tek politikarane inn over seg raset i elevtal i vidaregåande skule i fylket? Stort sett nei. Det er lettare å vere svevande optimistisk enn å skjere ned.
Diffust om valfridom. Dei sausa ihop om valfridomen gjeld fridomen til skulane til å kome med fagtilbod og/eller det gjeld elevane sin fridom til å velje fritt mellom det som vert tilbydd.
Forsvarskameratane Helle og Arnestad. Fjalerordførar Helle var flink å forsvare skulen i Dale. Glupt trekk med å kople opp sak til internasjonalisering og UWC same dag. Rektor Arnestad på Sandane – med heimepublikum i ryggen – gjorde godt forsvarsarbeid for hybelskulen sin.
Uklar hybeldiskusjon. Trude Brosvik var befriande klar på radio tidlegare i veka. Ho skilde mellom dei flinke og motiverte som søkjer eit spesielt tilbod, og dei som får velje til slutt og må ta til takke med å flytte på hybel for å få eit tilbod dei gjerne skulle fåttt nærare heimen. KRF-Trude var ikkje med i denne debatten, og her vart dei to debattane sausa i hop.
Kamphanane Djuvik og Helle vann debatten. Frank Willy Djuvik (FRP) er ein klar og glimrande talar. Han er engasjert, og han er også romsleg nok til å rose sin hovudmotstandar i debatten – Arve Helle (AP-ordførar i Fjaler). Helle er også engasjert og klar, og han hadde til dei grader gjort heimeleksa med å sleppe sak om internasjonal utvikling på den lokale Fjaler-skulen tidlegare same dag. Mange er nok glade for at desse to friske debattantane ikkje var samde. Elles må det seiast: Dei andre i panelet var godt førebudde og gjorde ein heiderleg innsats, men dei vart ståande litt i skuggen av «kamphanane».