Kvinneverda på festival

Førdefestivalen opptog 2011 (Foto: Ingvild Nave/NRK)

Kulturmelding på radio   Om Festivalboka – sjå blogg under                                                                                         

Førde-Karnevalet er over! Den 22. internasjonale folkemusikkfestivalen har tona ut. ”Kvinneverd” var tema. Opningskonserten torsdag med stinn brakke i idrettshallen var eit høgdepunkt elegant leia av Sigrid Moldestad. Ein framifrå konsert i smidig flyt. Utviklinga med ”proff innpakning” held fram.

Styrken til arrangementet er:  Varierte scener og format frå idrettshall til små stover på Jølstramuseét. Konsertane og uttrykket til aktørane er godt tilpassa dei ymse scener og format. Her har festivalen utvikla seg. Festovalen har gode «B-scener». Dei satsar av og til ute, men flyttar utekonsertar og utefrukost inn i gode hus når ”festivalindianarane” har dansa vel mykje regndans. Festivalen er fgjenomsyra av flyt og presisjon, og det gir velsmurd trivsel og hyggje.

Høgdepunkt??? Først og fremst er dette ein jamn og variert festival utan dei store trekkplastra og velsigna fri for middelmådigheiter! Likevel eit par av toppane: The Mahotellea Queens frå Sør-Afrika. Vaksne damer med snart 50 år på scenen. Festivalnatt på hotellet. ”Kvinneverd” så det held. Jess! Dronningar som har vore ute ei natt og to før!

Fekk du med deg Ana Moura? Ja, eg fekk! Ein av ”snakkisane”! Fado – Portugal sin blues – Ana Moura saman med tre framifrå strengeleikarar! Toppers! Ho song i kvardagskle, for den glitrande svarte kjolen hadde eit vrangt glidelås! Eg drit i kjolen!

Eit trufast publikum. Vi veit ikkje kva vi får, men vi veit det likevel. Vi kjenner ikkje dei internasjonale kunstnarane på førehand, men vi veit at Hilde & co har plukka dei. So da so!

Men galla? Når ein festival arrangerer ”GALLA” ved inngang til den siste natta, så ventar eg – nettopp – galla. I år kom gallaen i skuggen av ein glitrande opningskonsert. Det overraskar meg. I tillegg leid gallaen av den tiltakande ”storskjermsykja” som rir ein del arrangement. Storskjerm brukt med vit er eit framifrå hjelpemiddel i store konsertsalar for eit fleirspråkleg publikum. Men på gallaen vart det drege ut i meste laget. I Førdefestivalen sin spede start vart fleire konsertar prata i hel av dei taletrengde. La no ikkje ”videosykja” på storskjerm ta over for pratmakarane. Vi kjem for å høyre og sjå levande musikk og dans frå scenen!  Ikkje for å sjå teknikarane ”leike seg”. La dette vere mine to prikkar på eit nærast prikkfritt arrangement.

Årets fest? Oppsummert: Dette er proff musikkfestival for alle pengane! Eineståande i klasse for prektige festivalar arrangert av prektige arrangørar for eit prektig publikum. For nokre år sidan var det billettpress og vekevis kø for å snike seg til ein plass på hotelloftet laurdagsnatta. Det var årets fest, sjølv for dei Førdianarane som bles ein lang munnharpemarsj i all verdas folkemusikk. No har sommarfesten teke over denne marknaden, og den prektige folkemusikkfestivalen har kanskje fått eit enno smalare og meir kompetent publikum – på godt og gale!

PS: Etter festivalen kjem stilla. Men i år har vi fått hengande att eit kunst-ekko i form av ein lyddusj i det eine egget på Himmelbrua mellom Handelshusa. Her kan du nyte festivallydar heile året. Orginalt! Ta ein lyddusj medan du ventar på neste Karneval i Førde!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *