Gamalosten sitt aller nyaste testament

                                                                                                                                                              Ypperstepresten Henning Rivedal med «Det Nyaste Gamalosttestamentet» i hendene

Høyr bokmeldinga om «Gamalost» her

Boksjanger: Misjonslitteratur. Eg har brukt helga på å smaka meg gjennom boka ”Gamalost” – 110 velskrivne sider av Kjerstin Risnes og Henning Rivedal. Men stopp: Kva sjanger skal eg melde denne boka i? Sjølv om dei lesser opp fire sider med kjelder og faglitteratur i lista bak i boka, så er det ikkje først og fremst ei fagbok. Nei, boka ligg klårt innanfor sjangeren religiøs litteratur som skal brukast i misjonen si teneste. Det er klårgjerande at forfattarane sjølve brukar ordet ”katekisme” om gamalostboka, og dei gjer det overtydeleg ved å knyte opp ostetradisjonane heilt tilbake til Abraham i det gamle testamentet i Bibelen. Sluttkapitlet heiter sluttevangelium!

Viking-Viagra? Og når den religiøse sjangeren er klår, så er det berre å gi seg over til mytane. Her er lækjedom og folketru sausa saman på ein underhaldande måte – gamalost til medisinsk utvortes og innvortes bruk. Ordet ”Viking-Viagra” får oss til å tru at det er gamalosten som har gjort nordmennene potente og økslingsdyktige her oppe under brekanten.

Boka inneheld feite kapittel om budeiene – desse ”gamalostapostlane” som har dyrka religionen og spreidd den til nye folkeslag. Som all god misjonslitteratur fortel også gamalostboka om lærestridar, og kampar mellom indremisjonen og lekmannsrørsla på den eine sida (les stølsbudeiene i dei inste avdalane) og presteskapet i statskyrkja på den andre (les: industrimeieriet).

Sjølv om dette er mytologisk litteratur, så gir den også innsikt i det daglege livet på misjonsmarka. Her i to tydingar av uttrykket ”dagleg liv”. For det fyrste finn ein mykje interessant stoff om det gamle bygdesamfunnet og tilhøva mellom levebrød og menneske. For det andre finn ein konkret ”ostestoff” om mikrolivet i osten, eller det vi kan kalle forholdet mellom bakteriar.

Haltande bokbunad. Vi er godt vande med lekre bilete i ei bok frå Skald forlag. I Gamalostboka er det ujamt alt frå litt diffuse amatørbilete til proffe reklamefoto. Det dreg litt ned heilskapsinntrykket. Styrken i boka er forteljargleda hjå forfattarane. Dette er boka for dei gamalostfrelste som også har underhaldningsverdi for oss gamalostheidningane!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Gamalosten sitt aller nyaste testament

  1. Thorbjørn Granlund sier:

    Jeg er tilhenger av gammelost og liker den veldig godt, men den er jo snart ikke å få kjøpt i butikkene jo.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *