Denne kulturbloggen er utgangspunkt for radioprat måndag 26. okt. Her kan du høyre radiokuttet om den internasjonale festen.
Laurdagskvelden baud Flora inn til internasjonal fest med heit mat og kulturprogram. Flora er den internasjonale kystbyen med flukt-mottak og Simon-sak. Eg skrudde opp forventningane og sikta på Naustdalstunnelen. Skryt om internasjonal befolkning og at det internasjonale skal flaggast høgt i jubileumsåret. Flott!
Maten var god, men logistikken på serveringa var litt tilfeldig. Eg sessa meg i salen. Tamilsk dans sette standard for sjarme. Florøungdomar i ”dans utan grenser” var habile. Ungdomar dansar og lærer andre. Pluss for at flinke gutar også markerer seg. Afghanske menn på dansegolvet kom godt frå det. Enkelte passasjar likna på lausdans i halling, men utan nakkesprett.
Rapparar med blanda etnisitet gav rappe-støtte til Simon – guten i parken i Italia. Og tverrfløyte. Her var kulturskuleinnslag med flygel, fele og song. Alt i alt variert.
Etter pausen trøkka arrangøren til med show frå sirkuslinja frå folkehøgskulen på Nordfjordeid. Kanskje ikkje så internasjonalt å kome frå Nordfjord, men innslaget gav breidde og variasjon i programmet. Speleglede og guts. Elevane hadde nådd langt på to månader. Til slutt spela lærarane på musikkskulen JAZZ!
Eg har gøymt høgdepunktet i kulturprogrammet til slutt. For meg var det ”Faranek” frå Iran. Ho er dansar og skodespelar. Hennar to dansenummer var eineståande. Jess! Grasiøs kvinnedans frå dei muslimske områda overraskar kanskje? Samla sett ei variert kulturmønstring på Internasjonal Flora-fest.
Skal eg setje fingeren på noko, så synest eg det kunne ha vore lagt litt meir arbeid i å sy saman flyten i programmet. Kanskje er eg kresen no, men eg trur at ein med små grep kunne ha ”snakka saman” riggepausane på ein betre måte. Apellen frå leiar i ”Internasjonalt Utval” i kommunen kunne med fordel ha vore betre førebudd. Har ein noko så sjeldant som ”Internasjonal Utval”, så kunne ein nytte høvet til å auke statusen.
Elles må det vere lov å vere litt skuffa over urinnbyggarane i Florø. I gjennomsnitt var det i overkant av 200 tilskodarar i salen. Innvandrarane mønstra bra, men dei hadde fortent at urinnbyggarane i Florø støtta betre opp. Midt i debatten om flukt-mottak og Simonsak hadde eg venta at fleire ”urfolk” frå Sildebyen hadde funne seg ein gratis stol i samfunnshuset på laurdagskvelden. Det varierte programmet, arrangøren Flora kommune og ”dei internasjonale” bysborgarane hadde fortent det!