Facebook, sminkeparty og silosvans

Denne meldingsbloggen er utgangspunkt for radiopraten fredag…….. Høyr radiopraten her

I går avslutta fylkeskonferansen om nye kommunikasjonsformer på internett; rett ut sagt facebook og twitter. Det vart snakka om sal og val. Lett å forstå når sjølv den trauste fylkesbanken no skal selje oss bankprodukt på facebook, og mange meiner at vi for fyrste gong fekk eit valresultat der kvitringa på nettet spela ei avgjerande rolle.

To ting slo meg på konferansen: Dette er flunkande nytt, men det er samstundes gamalt som arvesynda. I all teknologiutvikling flirer fleirtalet åt dei som går fyrst; ”Det kan aldri løne seg her hjå oss!” Kva skulle vi med bil? Med TV? Med mobiltelefon? Dei fleste av oss flirer i starten, og barnesjukdomane og tosken bruk er til å le åt. Slik vi no med god grunn flirer åt folk som fortel om doturane sine og om Grandiosa til middag på facebook.

At facebook vil slå igjennom som sosial handelsplass er brennsikkert. Men ikkje særleg nytt. Har du vore på sminkeparty eller i tuppervareselskap, så veit du kva eg snakkar om. Mest for damer, bles du kanskje. Men tenk; Alle misjonsbasarar er då loddsal på sosial stad. At bedehusbasarane er bytta ut med at vi sit heime og handlar på sosialt nett er i denne samanhengen underordna. Handel på ein sosial marknad har vi hatt til alle tider. I årevis har vi vore neddynga av medlemsskap i alt frå COOP til IKEA. Soleis lite nytt, sjølv om facebook er nytt i snever forstand.

I valkampen brukte partia sosiale medie for å nå veljarane sine direkte, og aviser og kringkasting fryktar dei misser makt. Dei gamle mediedysene vert fjerna og alle kan nå fram med alt. Men vert alt sett? Som ein sa; ”Det er enkelt å kome til orde på nett, men vanskeleg å verte høyrt”. Å tru at dei sosiale media er reine demokratifabrikken, er i beste fall naivt. Også her vil det vere eit spørsmål om ressursar for å kunne bryte lydmuren. Dei sosiale media vil endre kommunikasjonsflyten og makta, og den opne delen av nettet er billeg. Men nettet vert ikkje fritt for manipulering og maktbruk av den grunn. Kven stiller dei grundige og kritiske spørsmåla? Korleis vert redaksjonane si nye rolle? Det er viktig å halde fast på at kommunikasjon og påverking alltid har skjedd på fleire måtar. Sosiale media er ein ny viktig kanal, korkje meir eller mindre.

I alle teknologidebattar er det viktig å sjå at nye tider gir nye former. La oss sjå på Vestlandsbonden som haustar inn gras. For femti år sidan hesja vi, så kom siloen med silosvans i ein kort periode før forhaustaren tok over. Kven drøymde for 25 år sidan om mengda av rundballing og kvite traktoregg? Er det nokon som hugsar kor lite internett var for 15 år sidan? Brutalt sagt; Viss du ikkje heng deg på, vert du ståande att å hesje i regnet. Åleine!

Det nye for meg på denne konferansen var at privat sektor var like sterkt representert som det offentlege. Private seljarar ser marknadskanalen på sosiale media. Det undra meg meir at deltakarlista berre hadde to namn frå lokalavisene i fylket. Dei må passse seg for å ikkje verte ståande att i skuggen.

Folk vart oppmoda til å ha mobilane på under konferansen, og stadig fleire sit og jobbar på datamaskiner – med Gud veit kva – under foredraga. At vi skulle stille spørsmål fra salen på tekstmelding ser eg på som jåleri. Det har Harry-faktor på line med å fortelje om trusene sine på Facebok. Eg fekk meg også ein liten lått når sjefen for IT-forum – lotteridirektøren – stolt skulle vise oss fjesboka si. Då kom det berre ein blå storskjerm. Slikt skjer også på teknologikonferansear. Men til trøyst for Atle Hamar vil eg minne om at sjølv på ein teknologikonferanse er det drøsen i pausane som er viktigast!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *