Ei utstilling av teikneseriar er å sjå på Sunnfjord Museum i Movika. Ei todelt utstilling. Ein del Pondus, og ein del nynorske teikneseriar. Utstillinga er innretta på å nå skuleborn, men den er open for alle. Du vert invitert til eigeninnsats ved å lage di eiga tekst til ferdige Pondus-teikningar, eller du kan teikne ferdige historier.
Utstillinga set teikneserie-uttrykket inn i historisk perspektiv. I starten for over 100 år sidan var det teikningar med tekst under, men etter kvart tok boblene over og forma vart langt meir variert. Teikningar og tekst driv forteljinga framover i ein einskap. På utstillinga kan vi studere blad og bøker, men også dei avgrensa stripene brukt i aviser.
Norge er eit teikneserieland. Berre japanarane ligg føre oss på den forbruksstatistikken. Teikneseriar har humor eller spenning. Teikneserien kommuniserer direkte, men sjølv om typane er tydelege og lettfattelege, så han humoren vere underfundig. Vi kan bruke to av dei mest populære som døme på dette. ”Pondus” er fotballidiot og livredd for homofile. ”Nemi” har høge jenteideal, men høge ideal er som kjendt vanskeleg å leve opp til. Slike teikneseriar gir stort rom for ironi. Leiken humor på alvorleg botn.
I Movika kan borna lære meir om teikneserieforma i dag, og dei kan få lære om uttrykket i tidlegare tider, både når det gjeld form og innhald. Dei vaksne kan finne mimreseriar frå ”eit tidlegare liv”, og samstundes studere korleis uttrykket har utvikla seg fram til i dag.
Teikneseriar er ei folkeleg kulturytring. Nynorsken er viktig i denne utstillinga, og vi får kunnskap om dei nynorske teikneseriane si storheitstid før midten av forrige århundre. Smørbukk var den største målreisaren etter Ivar Åsen. Men sjølv Donald Duck har laga bylgjer i målrørsla. Då Donald vitja Andesfjella, møtte han ein isolert indianarstamme som snakka Vossamål…….. , og dei humørlause øste seg opp.
Som i all anna historieformidling, så gir også teikneseriar frå ulike tidsbolkar ulike tidsbilete. Gamle blad av Vangsgutane syner dei prektige og hjelpsame brørne Kåre og Steinar Vangen, medan den morlause Larris er son til ein småkjeltring og oppfører seg deretter. Gamalmodige sjablongar utan underfundige undertonar.
Samla sett gir utstillinga kunnskap om teikneserie og teikneseriehistorie. Dette er ei utstilling som gir lite om du berre skal rase igjennom. Utstillinga innbyr til eigeninnsats. Ja, den rett ut krev eigeninnsats for å oppnå ei stor oppleving. Ein må ta seg tid til å bla og å lese. Til å søkje kunnskap og samalikne. Og mimre. Til å prøve sjølv. Utstillinga er smålåten og ikkje prangande. Men det er ei interessant utstilling for den som vil investere tid mellom striper og bobler!