Gaularspelet – ein slitar i forsiktig fornying

Gaularspelet «Kjærleikssaum» av Rolf Losnegård vart spela i Osen i Gaular denne helga. Stykket handlar om Sunnfjordingane under Atle Jarl som kjempar mot kongemakta. Og når kongsmennene er borte frå scena, så dreg sunnfjordingane sverd mot kvarandre innbyrdes. (Nett so i dag, kan ei vittig tunge hevde). Stykket endar med at Leif Rodmarson og Ingolf Arnason vert lyste fredlause av den siste attlevande Atle-sonen. Dei rømer til Island. Leif vinn til slutt «Helga den fagre og frie» i kamp med den eldste og no daude Atle-sonen.

Rollene som dei to rivalane Leif Rodmarson og Holmstein Atleson er spela av to proffe og spretne skodespelarar. Dette skjerpar spenninga, og det gjer kampscenene meir sjåverdige. Idun Losnegård har regien for andre gong, og spelet har friskna til og flyt fint under hennar hand. Likevel vert nokre av kampscenene i lengste laget. Musikk, kor og korps bind saman og skapar stemning på ein god måte. Lyden var litt ujamn då eg såg (første søndag). Kostymane er fine, og blodet flaut ikkje slett så friskt i kampscenene som for to år sidan – utan at det er noko sakn. Scenografien mellom hesjane er fin, og på fjorden siglar vikingskip.

På mange måtar vil eg seie at dette var eit tradisjonelt Gaularspel – litt på det jamne. Ikkje ekstrem spenning, men fint gjennomført i sin stil. Eg låner eit uttrykk frå den legendariske hoppkommentator Bjørge Lillelien. «Småpent», sa han, når skia var samla, men der den siste spruten og lengda mangla.

Gaularspelet har dei siste åra teke to gode grep:
* Dei har gått inn med proffe skodespelarar i rival-rollene
* Dei har utvikla Vikingfestivalen som hyggeleg treffstad i ettermiddagssola. Her kan du treffe kjensfolk, og du kan «ete fyst» og drikke kaffi etterpå…..

Gaularspelet er ein imponerande dugnad …. i over 20 år. I år har dei til og med fått nyinnflytta folk inn i leiinga. Det lovar bra. Rekrutteringa er avgjerande. Gaularspelet er det trauste som utviklar seg seint, men sikkert. Til samanlikning hadde vi Audun Hugleikson-spelet på Jølster for nokre år sidan. Skikkeleg proft og storslagent frå start, men pengar og dugnadskraft rakk berre til to sommarteater.

Oppsummert: Audun er daud, men Atle Jarl lever…. sjølv om dei også i år tok livet av han i stykket. Og i år lånte Atle Jarl skrotten til ingen ringere enn forfattaren sjølv – Rolf Losnegård!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Gaularspelet – ein slitar i forsiktig fornying

  1. Ragnhild-Lise Korsvoll sier:

    Heilt einig Gaularspelet er liv laga framleis, og eg vonar at vi får fleire framsyningar. Eg meiner at kampscenene må vere såpass lange. Publikum skal faktisk oppfatte kven som slåst og kva det gjeld. Du gløymde å kommenter Helga (Åslaug Timenes Bell) ho spelte denne rolla for første gong og til amatør å vere så var dette svørt bra gjennomført: Alt dugnadsarbeidet som er gjort før under og etter spelet er heller ikkje nemnt, men det er faktisk det som gjer at Gaularspelet stadig lever og at vi kan koste på oss profesjonelle krefter, og på den måten heve både innhald og framføring.

  2. hans jakob sier:

    Takk for tilsvar. Innanfor den ramma eg bloggar er det mykje nemneverdig som ikkje vert nemnt. Eg deler oppfatninga di av rolla Helga den fagre og frie ….

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *