Aa sjaa paa fuglar og dyr er ein obligatorisk turistsport. Turistane glanar og tek bilete av alt det rare, men har alltid og utan unnatak den raraste oppfoerselen sjoelv. I dag paa vitjing til kondorane. Rovfugl med over tre meter mellom vingespissane og ei toppfart paa 160 km i timen.
Vi stoppar i landsbyen paa veg opp mot reirplassen i elvegjelet. Her held bunadskledde koner ungfuglar med surra foeter. Dei stakkars fuglane flaksar nok til at fotokaate turistar faar sitt mot betaling. Dette er dyrplageri for «turistglansbilete»!
Men paa kanten av elvegjelet flyg dei stolte kondorane fritt. Saa naer at eg kjenner vingesusen. Eg nyt denne livsgleda, men fotoapparatet legg eg vekk for i dag. Eg kjoeper kort av fri flukt. Eg tenkjer paa ungfuglane med surra foeter. Dei laerer aldri flukt. Aldri jakt. Dei er sjanselause i det fri. Dei vil aldri kunne sigle i solgangsvinden ved elvegjelet om morgonen, og syne masseturistane kva fridom er …….. heilt utan aa ta betaling!