Titicacasjoeen er ikkje berre verdas hoegste innsjoe over havet. Her er unike flytande oeyar. Av siv. Innbyggarane viser stolte fram hus og handverk, og sjoelv den mest tjukkhuda turist vert sjarmert til aa kjoepe litt meir enn tanken var. Folket her har levd av fiske og fuglejakt heilt sidan inkaene jaga dei paa vatnet, men no er det turismen som held liv i desse venlege indianarane. To tusen i talet. Utan straum. Men ungdomen har ordna seg solpanel og TV i straahyttene.
Dei ser ut til aa greie seg fint, men dei er naturlegvis spent paa om ungdomen «tek over». Det er altsaa kjende tonar aa hoeyre her i utbygda. Men det ser ut til at det gaar an aa knipe seg fast, ogsaa for indianarar som bur paa gyngande grunn …..